Off. godkjent sjukepleiar Vartdal helsetun
None
Vartdal
BeskrivelseØrsta kommune har ledig stilling for off. godkjent sjukepleiar ved Vartdal helsetun. Vartdal helsetun er lokalisert ca.24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 26 plassar og administrerer også heimebaserte tenester i Vartdal regionen. Arbeidsmiljøprisen i Møre og Romsdal gjekk i 2021 til Vartdal helsetun.KvalifikasjonarOff. godkjent sjukepleiarDet vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing Personlege eigenskaparDu må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneskeDu må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i daganeRelevant arbeidserfaringLikar utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåverTek initiativ og ansvarEr fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andreHar godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljøEvne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målformVi tilbyrUtfordrande og varierte arbeidsoppgåver Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLPRekrutteringstilskot med bindingstid på 2 år kan vere aktuelt å tilby nytilsette Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 – stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning Stillingskode 7174 sjukepleiar Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar.Det kan vere aktuellt å gi bonus for å ta langvakter på helgTilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.DokumentasjonFramlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din. Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. Om offentleglova I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga. KontaktinformasjonSara Vartdal Vinjevoll, Avd.leiar, 90035366, sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar omsorg og sjukeheim, 95712120, wenche.flo@orsta.kommune.noArbeidsstad6170 VartdalNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4710500593Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 10.10.2023
6170 VartdalStort kartHybridkartFlyfoto