Helgestillingar
None
Sandane
BeskrivelseKunne du tenkje deg å bidra til å gje pasientane trygg, heimebasert omsorg? I frå januar har vi ledige faste helgestillingar kvar andre-/tredje helg i Heimetenesta og søkjer etter deg . 14-19 % fast stilling. Heimetenesta i Gloppen er fordelt på tre områder; Sandane, Breim og Hyen. Vi yter heimebaserte tenester til brukarar i alle aldersgrupper. Hjå oss er du i eit team med både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar. Vi arbeider tverrfagleg for å kunne tilby brukarar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ynskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi. Som tilsett hjå oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer. Du vil få opplæring/kurs og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt!ArbeidsoppgåverDen tilsette gjev omsorg og pleie til brukarar i omsorgsbustadar og i heimane, samhandlar med brukar, pårørande og kollegaer, og utfører sjølvstendige og delegerte oppgåver i eit arbeidsfellesskap. Vår nye medarbeidar tek ansvar for eiga fagleg og personleg utvikling.KvalifikasjonarVi ser etter deg som har utdanning i helse eller deg som ynskjer å prøve deg i omsorgsyrket sjølv utan fagkompetanse eller påbegynt helseutdanning. Vi oppfordrar spesielt deg som har interesse for faget og som har eit sterkt ynskje om å bidra til ein god kvardag for våre brukarar.For arbeid utanom Gotatunet er det krav om førarkort.Du må kunne snakke godt norsk.Personlege eigenskaparVår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i eit arbeidsfellesskap.Det vert lagt vekt på at medarbeidar er endringsdyktig, fleksibel og har ei reflektert holdning i praksis.Vi tilbyrGode kollegaer og godt arbeidsmiljø.Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.KontaktinformasjonCecilie M. Helgheim, Tenesteleiar, 472 60 601Arbeidsstad SandaneNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4714230074Stillingsprosent: 19%FastStartdato: 01.01.2024Søknadsfrist: 05.11.2023
6823 SandaneStort kartHybridkartFlyfoto