Fagsjukepleiar i heimetenesta
None
Tysse
BeskrivelseOm stillingaFor å kunna møta dagens og framtidas utfordringar, treng me dyktige og engasjerte medarbeidarar. Heimetenesta har ledig ein fast 100 % stilling som fagsjukepleiar dagtid.Fagsjukepleier skal bidra til at avdelinga realiserer tenesta sine mål og planar innan heimetenesta. Stillinga innebærer medansvar for kompetanse- og kvalitetsutvikling i tenesta. Som fagsjukepleiar vil du få moglegheiten til å drive fagutvikling og kompetanseheving, saman med fleire dyktige medarbeidarar.Me har stor bredde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande, med avanserte sjukepleiarfaglege prosedyrar og tilbyr avansert hjelp i egen heim. Me bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.ArbeidsoppgåverFølgje opp og rettleie nytilsette og studentar/lærlingar/ferievikararPasientrelaterte oppgåverOpplæring og rettleiing av sjukepleiefaglege prosedyrarPlanlegge og organisere internundervisning/kurs/fag dagar, samt undervise sjølvArbeide for gode samarbeidsforhold i dei interne og eksterne einingarLegge til rette for implementering av velferdsteknologiske løysningarFagsjukepleiar jobbar tett med einingsleiarAnsvar for arbeidslister i heimetenestaSkrive søknadar for aktuelle prosjektmidlar samt vere med å leie prosjektarbeidKvalifikasjonarKravBachelor i sjukepleiefagGodkjent norsk autorisasjon som sjukepleiarBeherske norsk, skriftleg og munnlegFørarkort kl. B ØnskjerErfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagtVidareutdanning innan aldring og eldrePersonlege eigenskaparGode samarbeidsevne for å nå felles målSjølvstendigStor arbeidskapasitetVera pådrivar for kvalitets- og fagutviklingsarbeidFagleg engasjertEvne og interesse for å rettleie samt underviseEvne å arbeide strukturert og ha mange "ballar i lufta"Er nytenkande med ynskje om å vidareutvikla ein god organisering av heimetenestaFleksibel, strukturert og målrettaLøysings-/utviklingsorientert, skape resultat saman med andreGod munnleg og skriftleg framstillingsevneSkape tillit og aksept og eit godt arbeidsmiljøMe tilbyrDagarbeidArbeid i team med gode kollegaFaglege utfordringarEit positivt og inspirerande arbeidsmiljøUtfordrande og varierte oppgåver Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekstLønn, offentleg pensjon og arbeidsmilkår etter gjeldande lov- og avtaleverkGunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikringFleksible arbeidstidsordningarGode velferdsordningarArbeidstilhøveMe ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.Om ossHeimetenesta er lokalisert på Samnangerheimen, saman med psykisk helse og rus.Heimetenesta yter helsehjelp til innbygjarane etter lov om kommunal helse - og omsorgstenester. Arbeidsoppgåvene er varierte og me ynskjer å gje eit godt tilbod til heimebuande med høg fokus på kompetanse og forsvarlegheit. Me har stor fokus på tidleg oppdagelse og gjenkjenning av forverra tilstand og iverksetjing av tiltak, som sikrar ein god og forsvarleg pasientbehandling. Heimetenesta jobbar målretta for at pasientane skal få bu og virka i eigen heim så lenge det er fagleg forsvarleg. Heimetenesta utfører ulike prosedyrar i eigen heim og legger til rette for at pasientane kan væra heime i sluttfasen. Me jobbar kontinuerleg med velferdsteknologi og set inn teknologi der det er naudsynt. Fagdekninga er stor og kompetansa høg med flotte dyktige tilsette. Me har stor takhøgde for faglege diskusjonar og alle tilsette er viktig.
Tyssevegen 97, 5650 TysseStort kartHybridkartFlyfoto