Avdelingsleder
None
Kviteseid
Beskrivelse· Er du lysten på utfordringar og likar å vera med på nye ting og i tillegg vil ha ein jobb med meining og betydning, der DU kan gjera ein forskjell? Då bør DU vurdere å søke jobb hjå oss. Kvito er organisert som eit konsern og frå 01.01.23 er vi ein del av Kopano, ei landsdekkjande kjede av Norges leiande arbeids-og inkluderingsverksemder. I tillegg har vi også eit prosjekt på gang der vi saman med Kviteseid kommune ser på moglegheitene for betre lokale for framtida, som DU kan vera med å utforme.· Vi søkjer etter ny avdelingsleiar ved vår avdeling i Kviteseid. Vi set krav til 3-årig høgskule-/universitetsutdanning innan økonomi/administrasjon, pedagogikk, rettleiing/coaching, eller helse-/sosialfag og god/ brei leiarerfaring. Relevant arbeidserfaring kan erstatte utdanningskravet. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.Du må ikkje vera redd for praktisk, fysisk arbeid. Vi har mange ulike arbeidsoppgåver i bedrifta, som krev ulike ferdigheiter og som vil gje ein spennande og variert kvardag.Du må ha sertifikat, minimum klasse B.Hovudoppgåver:· Planlegging og oppfølging av produksjon og tenester.· Instruksjon og rettleiing av arbeidstakarar.· Utarbeiding og oppfølging av individuelle planar.· Tilrettelegging i dagleg arbeid, med fokus på livskvalitet og meistring· Kommunikasjon med eksterne samarbeidspartnarar og kundar.· Møte med NAV/kommune/samarbeidspartnarar.· Rapportering og dokumentoppfølging.· Administrative oppgåver.Timegodkjenning for ordinære og tilrettelagt ansatte.Personalansvar med medarbeidarsamtaler.Ansvarleg for div. avdelingsmøte.Oppfølging av årshjulet for avdelinga.BudsjettRekneskapGodkjenne fakturaUtarbeide og følgje opp prosjekt.Ynskte kvalifikasjonar· Erfaring frå VTA-bedrift.· Gode samarbeidsevner.· Praktisk og løysingsorientert.· Gode kommunikasjonsevner og evne til å arbeide strukturert.· God skriftleg framstillingsevne.· Kunnskap og interesse for bruk av digitale verktøy.· Fleksibel og resultatorientert.· Serviceinnstilt og kundefokusert.· Stor arbeidskapasitet og omstillingsevne.· Evne til å gjennomføre tiltak og vera lojal til mål og retningslinjer i bedrifta.· Stor toleranse for personar i ulike livssituasjonar og god til å bygge relasjonar.Vi kan tilby:Eit sosialt og spennande miljø i ei utfordrande stilling. Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling for den rette. Du kjem til å arbeide i eit team der målet er å bygge opp eit fagleg sterkt miljø der arbeidsglede er i fokus. Lønn etter avtale. Gode pensjons- og forsikringsordningar. Stillinga er på dagtid og inntil 100%. Det er ca 20% av stillinga som er satt av til rein administrasjon, men det vil kunne variere.Arbeidsstad: Kviteseid, men det må påreknast jobb ved våre andre lokasjonar ved behov.Vi gjer merksam på at det er krav om politiattest ved tilsetting. Denne skal ikkje leggast ved søknaden.Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Søknadsfrist: 30. okt. 2023.
Dalanvegen 4, 3850 KviteseidStort kartHybridkartFlyfoto