Avsnittsleiar

None
Kristiansund N
BeskrivelseTrivast du i eit miljø med høgt tempo og krevjande saker, og ønsker å motivere og utvikle andre i arbeidet med eit viktig fagområde?Vi har ledig ei fast stilling som avsnittsleiar ved vårt avsnitt for etterforsking av seksuelle overgrep og grov vald med arbeidsstad anten i Molde eller Kristiansund.Vi ser etter ein leiar som er særskilt motivert for fagfeltet, i tillegg til å vere positiv, resultatorientert og kreativ. Du trivast med å jobbe i team og har høgt fokus på å legge til rette for eit godt arbeidsmiljø på avsnittet. I stillinga skal du utvikle gode rutiner for drift av avsnittet i tråd med sentrale og lokale retningslinjer. Derfor er det også viktig å vere samfunnsorientert og ha god heilskapleg forståing for avsnittet si rolle i Møre og Romsdal politidistrikt og samfunnet for øvrig.Ein del av arbeidet ved avsnittet er hendingsstyrt. Derfor ser vi for oss at du har evne til å takle høgt arbeidspress i periodar. Du vil også bidra i saker i form av rolle som politifagleg etterforskingsleiar, ta avhøyr eller utføre andre etterforskingsskritt.Avsnittet er ein del av seksjon for etterforsking ved FEFE og avsnittsleiar er ein del av seksjonen si leiargruppe. I tillegg deltar avsnittsleiar i nasjonale faggrupper, forum og diskusjonsgrupper. Fagfeltet er høgt prioritert og i denne stillinga får du moglegheit som leiar til å bli med og utvikle faget, sikre høg kvalitet og samarbeide med dyktige medarbeidarar i politidistriktet.Arbeidsstad er i Molde eller Kristiansund. Noko reiseverksemd må påreknast.Vi oppmodar særskilt kvinner om å søke på politileiarstillingar.ArbeidsoppgåverLeie og utvikle avsnittet innanfor dei strategiar, planar og mål som er sett med fokus på fag, medarbeidarar og produksjonDrive aktiv prioritering av ressursar og straffesaker tillagt avsnittet i samarbeid med funksjonelle og geografiske einingarSørge for at dei faglege oppgåvene som er lagt til avsnittet blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksarHandtere eiga saksportefølje og bidra i etterforskingar på avsnittet gjennom aktiv utøving av ulike etterforskingsskritt og etterforskingsleiingDelta i regionale og nasjonale fagnettverk, og følge opp sentrale krav og føringarOverordna ansvar for fagleg utvikling og kompetansebygging ved avsnittet, herunder legge til rette for OÅO, systematisk erfaringslæring og kunnskapsbasert forbetringsarbeidSamhandle med eksterne samarbeidspartnarar innan fagområdetVere pådrivar og støttespelar i utviklinga av eit godt medarbeiderskap, ønskt kultur og medarbeidertilfredsheit i organisasjonenAnsvarleg for å drive systematisk HMS arbeid ved avsnittetBidra aktivt i seksjonen si leiargruppeKan påleggast andre oppgåverKvalifikasjonarNødvendig:Fullført og bestått politi(høg)skolen  Brei arbeidserfaring innan etterforsking av alvorlege straffesakerBrei erfaring frå politi- og lensmannsetaten for øvrigSvært god kjennskap til lovverket innan etterforskingErfaring med prosjekt- og teamarbeid   Norsk og engelsk skriftleg og munnlegGode kunnskapar i bruk av politiet sine datasystemDu må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.Må kunne sikkerheitsklarerast på nivå HEMMELEG, jfr. sikkerhetslovenDet er ønskeleg med:Relevant leiarutdanningVidareutdanning innan etterforsking, herunder VEF, og særskilt ønska er vidareutdanning innan grov vald/seksuelle overgrep/tilrettelagte avhøyrRelevant leiarerfaring er ein fordelErfaring frå etterforskingsleiing i sak og porteføljehandteringErfaring frå etterforsking av saker som omhandlar grov vald eller seksuelle overgrepKjennskap til arbeid innan helse, miljø og sikkerheitKunne vise til god resultatoppnåing i tidligare stillingar     Personlege eigenskaparDet vert lagt stor vekt på gode leiareigenskapar herunder evne til å motivere og utvikle medarbeidararHeilskapsorientert, og kan sette retning og drive endringResultatorientert og har god gjennomføringsevne i samhandling med andreKreativ og løysingsorientert, og god til å sjå mogelegheiter innanfor tildelte rammerSom medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her:  https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/ Personlege eigenskapar vert vektlagt.Vi tilbyrEin utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtidaFast stilling som politioverbetjent (SKO 0287) i Møre og Romsdal politidistriktStillinga blir lønna frå kr. 740 000 brutto per årGodtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnustenesteMedlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon.Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstidaMøre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelsetenesteTilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.KontaktinformasjonLinn Breivik Erstad, Fung. driftseiningsleiar, 92813729Hans Martin Gridseth, Fung. seksjonsleiar, 40236218ArbeidsstadStorgata 436508 KristiansundNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4706567020Stillingsprosent: 100%Fast stillingSøknadsfrist: 10.10.2023
Storgata 43, 6508 Kristiansund NStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.99 Avsnittsleiar
0.96 Seksjonsleiar
0.95 Politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar
0.94 Avsnittsleder arrest
0.93 Avsnittsleder - Avsnitt for seksuallovbrudd og vold mot barn Buskerud
0.93 Vikariat som Avsnittsleder grov vold og seksuelle overgrep
0.93 Seniorrådgiver
0.93 Tenestestadsleiar/Seksjonsleiar Måløy
0.93 Rådgiver
0.93 Avdelingsleiar
0.93 Avsnittsleder - Patruljeavsnitt Grenland
0.92 Rådgivar sivil rettspleie
0.92 Seksjonsleiar - Operasjonsavdelinga
0.92 Innsatsleder
0.92 Fagleder/Seksjonssjef
0.92 Beredskapsplanleggjar
0.92 Politiadvokat / politiadvokat 2
0.92 Avdelingsleder ved Mosseregionens legevakt
0.92 Operasjonsleder
0.92 Førstekonsulent/Seniorkonsulent
0.92 Seksjonssjef
0.92 Rådgiver
0.92 Leder for seksjon for fisk og vann
0.92 Avdelingsleiar
0.92 Avdelingssykepleier
0.91 Politiførstebetjent fagleiar SO
0.91 Vikariat som politibetjent 1-3
0.91 Avdelingsleder
0.91 Seksjonsleder for virksomhetsstyring og internkontroll
0.91 Seksjonsleder
0.91 Arbeidsrettsjurist
0.91 Avdelingsleder - Losen lavterskelsenter
0.91 Flerkildeanalytiker/politiførstebetjent 0285
0.91 Fagleder samband
0.91 Seniorrådgiver
0.91 Avdelingsleder undersøkelse og hjelpetiltak - Barnevernstjenesten
0.91 100% fast stilling som avdelingsleder ved miljøterapitjenesten
0.91 Politifaglig etterforskningsleder(PEL) Politioverbetjent /politispesialist (SKO 0287)
0.91 Etterforsker Politibetjent 3/2/1 - U18-saker
0.91 Avdelingsleder for spesialundervisning
0.91 Avdelingsleiar Bu og habilitering
0.91 Avdelingsleiar psykisk helse og rus
0.91 Overlege
0.91 Avdelingsleder på Krokemoa, Helgerød og Mosserød skole
0.91 Feltinspektør - politi
0.91 Avdelingsleiar for Strategi og styring
0.91 Avdelingsleder
0.91 Seksjonsleder
0.91 Seksjonsleiar laboratorium for patologi
0.91 Avdelingsleder
0.91 Avdelingssjef beredskapsavdelingen
0.91 Avdelingsleder
0.91 Veileder saksbehandling
0.91 Avdelingsleder
0.91 Kommunedirektør
0.91 Instruktør operative disipliner
0.91 Avdelingsleder Tildelingskontoret