Rådgivar sivil rettspleie
None
Molde
BeskrivelseMøre og Romsdal Politidistrikt har ledig fast stilling som saksbehandlar innanfor fagfeltet gjeldsordning og tyngre tvang ved driftseining Nordmøre og Romsdal. Stillinga er for tida underlagt Molde politistasjonsdistrikt, seksjon for forvaltning og sivil rettspleie, med oppmøtestad ved Molde politistasjon. Vi søkjer deg som er serviceinnstilt og løysingsorientert med god munnleg framstillingsevne både innan norsk og engelsk. Du har gode IT-kunnskapar og trivast med å samarbeide med andre i ein hektisk og varierande kvardag. Som medarbeidar i politiet kjenneteiknast du som modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. I vår vurdering av kandidatane vil vi også vektlegge desse verdiane.Dine hovudoppgåver som saksbehandlar innanfor fagfelta gjeldsordning og tyngre tvang vil vere rettleiing av publikum og tett samarbeid med eksterne aktørar innan behandling av søknadar om gjeldsordning for geografisk område Romsdal, samt saksbehandling og operativ gjennomføring av fråviking av bustad, innhenting og tvangssalg av lausøyre, etc. og halde ei laupende oppfølging og forvaltning av eininga si portefølje innanfor gjeldsordning.Driftseininga Nordmøre og Romsdal består totalt sett av Kristiansund politistasjonsdistrikt, Smøla og Aure politistasjonsdistrikt, Surnadal politistasjonsdistrikt, lndre Nordmøre politistasjonsdistrikt, Vestnes og Rauma politistasjonsdistrikt, Molde politistasjonsdistrikt og Hustadvika politistasjonsdistrikt. Jobb hos Namsmannnen i Molde krev at du er økonomisk vederheftig. Om du vert innkalla til intervju må du ta med deg utskrift av kredittinformasjon om deg sjølv for å vise at du ikkje har betalingsmerknadar. Dette kan ein hente ut gratis frå til dømes MinExperian eller Bisnode på nett. Kandidaten sjølv sladdar likningsopplysningar på utskrifta. ArbeidsoppgåverSaksbehandling og rettleiing av publikum i samband med søknadar om gjeldsordningOppfølging og forvaltning av portefølja til eininga innanfor gjeldsordning, medrekna rettleiing av publikum samt tett samarbeid med eksterne aktørarSaksbehandling og gjennomføring av fagfelt innan tyngre tvang, medrekna fråviking av bustad, innhenting og tvangssalg av lausøyre, etc. samt prosessrettleiing av publikum og eksterne aktørarRegistreringsforretningar i samband med konkurs og offentlege dødsbo etter begjæring frå bubestyrarStevnevitnefunksjonFøring av rekneskap opp mot fagfelta gjeldsordning og tvangsfullbyrdingAndre oppgåver som ligg til eininga kan bli pålagt av seksjonsleiarKvalifikasjonarNødvendigeRelevant høgare utdanning på bachelornivå, eksempelvis jus eller økonomiLengre relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet om utdanningMinimum 1 års arbeidserfaring frå fagområder innan jus og/eller økonomiGode språkkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Minimum innan norsk og engelskGenerelt god forståing for bruk av IT-system og tilegning av stadig nye systemØkonomisk vederheftigheit Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i samband med skikkaheitsvurdering, jf. politiloven § 18 og og politiregisterloven § 41. ØnskelegeErfaring frå offentleg forvalting og saksbehandling Kunnskap om relevant lovverk Erfaring frå fagområder innan jus og/eller økonomi Ytterlegare språkkompetanse Personlege eigenskaparGod munnleg og skriftleg framstillingsevneServiceinnstilt og løysingsorientert i tidvis hektiske og hendingsstyrte omgjevnadarGode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaparGode evner innan publikums- og konflikthandteringForståing av og identifisere seg med politiet sitt samfunnsoppdragSom medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/ Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.Vi tilbyrEin utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet for framtidaFast stilling som rådgiver (SKO 1434) i Møre og Romsdal politidistriktRådgivar - lønnast i dag med ei brutto årsløn frå og med kr. 530 000,- Endeleg plassering av lønn er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitetMedlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjonMøre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelsetenesteTilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.KontaktinformasjonHilde Therese Halås Hasseløsæther, Seksjonsleiar, 71192063ArbeidsstedStrandgata 26415 MoldeNøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4707350565Stillingsprosent: 100%Fast stillingSøknadsfrist: 11.10.2023
Strandgata 2, 6415 MoldeStort kartHybridkartFlyfoto