BeskrivelseOm stillingaSom jordskiftedommar kan du kombinere jus og uteliv i vakker natur med spennande og varierte arbeidsoppgaver for å legge til rette for god utnytting av fast eigedom.Om du finn dette interessant, er det ledig eit fast embete som jordskiftedommar ved Møre og Romdal jordskifterett. Tiltreding etter nærare avtale.Møre og Romsdal jordskifterett har tre rettsstadar i Ørsta, Molde og Surnadal. Jordskifteretten dekkjer alle kommunane i Møre og Romsdal, og Rindal kommune i Trøndelag. Kontorstaden for jordskiftedommaren vil vere i Surnadal.Det må påreknas å ta saker i heile rettskrinsen.Det er pr. i dag sju dømmande årsverk, og til saman 17 årsverk i rettskrinsen.KvalifikasjonskravFor stillinga blir det kravd jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå med fagkrins fastsett av departementet, delegert til Domstoladministrasjonen, frå NMBU eller frå Høgskulen på Vestlandet. Jamstilt er eksamen frå NMBU/UMB/Noregs landbrukshøgskule med hovudkurs i jordskiftefag/eigedomsutforming.Søkjarar må vere norske statsborgarar.For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest.Det er ynskjeleg med brei yrkes- og livserfaring.God skriftleg og munnleg framstillingsevne, analytisk evne, god menneskekunnskap og gode samarbeidsevner, vil også bli vektlagt.I tillegg vil det bli lagt vekt på at kandidaten har evne til å vidareutvikle jordskifteretten i tråd med krav og forventningar som brukarane har.Jordskifteretten har ei bilordning og søkjaren må ha førarkort for bil.Vi kan tilbyLønn etter Statens regulativ, jordskiftedommar kode 0455. Årleg lønn er for tidakr 941 000,-Frå lønna blir det trekt 2 % til god pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse.Skyss- og kostgodtgjersle etter Statens regulativ.Eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid med rom for fagleg utvikling.Eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommararÅrlege oppdaterings- og etterutdanningstilbodMoglegheit for ein månads studiepermisjon kvart fjerde årGode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasseGenerell informasjonDet er god praksis i jordskiftedomstolane at ein hjelper kvarandre med saksavviklinga på tvers av soknegrensene. Søkjarane må difor vere innstilte på å ta saker utanfor eige sokn.Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet.Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no. Meir informasjon om domstolane finn du på www.domstol.no/www.jordskifte.no.Dersom det kjem fram av søknaden din at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på at opplysningar om søkjar likevel kan gjerast offentleg, jf. Offentleglova § 25.Ved å søkje på stillingar i www.jobbnorge.no samtykkjer du til at vi kan handsame personvernopplysningar om deg. Opplysningane vil kun bli brukte i rekrutteringssamanheng. Personopplysningane dine vil ikkje bli lagra lenger enn naudsynt.Vi ber om at du legg søknad med CV, vitnemål og attestar inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk denne stilling”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eit vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du først såg utlysinga.Ytterlegare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:Møre og Romsdal jordskifterett v/jordskifterettsleiar Asbjørn Rogne, tlf. 97 69 48 40Innstillingsrådet for dommarar v/sorenskrivar Arnfinn Agnalt, tlf. 69 79 77 00Domstoladministrasjonen v/avd.direktør Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00
Bårdshaugveien 1, 6650 SurnadalStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.92 Embete som jordskiftedommar ved Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett
0.91 Rådgivar sivil rettspleie
0.91 Utreder
0.91 Embete som jordskifterettsleder ved Helgeland jordskifterett
0.91 Dommerfullmektig
0.90 Dommerfullmektig
0.90 Dommerfullmektig – Helgeland tingrett
0.90 Dommerfullmektig
0.89 Embete som tingrettsdommar ved Vestre Innlandet tingrett
0.89 Overingeniør/teknisk utreder/landmåler
0.89 Jordmor
0.89 Embete som tingrettsdommer ved Agder tingrett
0.89 Saksbehandler (2. gangsutlysning)
0.89 Driftsinspektør
0.88 Sjukepleiar
0.88 Borgarting lagmannsrett har ledig 3 konstitusjoner som lagdommer
0.88 Seksjonsleiar
0.88 Embete som lagdommer ved Eidsivating lagmannsrett
0.88 Jordmor
0.88 Borgarting lagmannsrett har ledig 2 faste stillinger og 1 vikariat som saksbehandler
0.88 Driftsleder gravplass og kirketjener
0.88 Saksbehandler - vikariat
0.88 Jordmor 50% fast stilling - stillingen kan tilrettelegges og kombineres med annen stilling
0.88 Arbeidsrettsjurist
0.88 Førstekonsulent kontrollinje pass og ID-kort
0.88 Saksbehandler
0.88 Sjukepleiar
0.88 Beredskapsplanleggjar
0.88 Rådgiver
0.87 Regnskapsmedarbeider
0.87 Sjukepleiarar med og utan videreutdanning
0.87 Jordmor
0.87 Seksjonsleiar føde-barsel i klinikk sjukehuset Nordmøre og Romsdal
0.87 Ledende renholder bedrifter
0.87 Vernepleier/sykepleier 100 % fast
0.87 Vaktmester
0.87 Barne- og ungdomsarbeider
0.87 Vikariat som dagmann/lettmatros i sambandet Sølsnes-Åfarnes, p.t. MF Rødvenfjord
0.87 Helgestilling
0.87 Losoldermann Møre og Trøndelag losoldermannskap
0.87 Overlege - spesialist i ortopedi
0.87 Jordmor Meløy kommune
0.87 Avløser innen husdyrproduksjon
0.87 Fornyet kunngjøring til embete som førstelagmann ved Frostating lagmannsrett
0.87 Kommuneøkonom
0.87 Rettleiarstilling med ansvar for prosessleiing
0.87 Juridisk rådgiver/seniorrådgiver innen vergemålsområdet?
0.87 Plan- og byggesaksbehandler/jurist
0.87 Miljøarbeider helg
0.87 Renholder
0.87 Sjukepleiar
0.87 Kommunedirektør
0.87 Driftsoperatør