BeskrivelseMøre og Romsdal Politidistrikt har ledig fast stilling som saksbehandlar innanfor kontrollinje pass og ID-kort ved driftseining Nordmøre og Romsdal. Stillinga er for tida underlagt Molde politistasjonsdistrikt, seksjon for forvaltning og sivil rettspleie, med oppmøtestad ved Molde politistasjon.Vi søkjer deg som er serviceinnstilt og løysingsorientert med god munnleg framstillingsevne både innan norsk og engelsk. Du har gode IT-kunnskapar og trivast med å samarbeide med andre i ein hektisk og varierande kvardag. Som medarbeidar i politiet kjenneteiknast du som modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. I vår vurdering av kandidatane vil vi også vektlegge desse verdiane.Dine hovudoppgåver som saksbehandlar kontrollinje vil vere rettleiing av publikum og mottak av søknad om pass/ID-kort, kontrollere identitet og sikre korrekt opptak av biometriske data. Driftseininga Nordmøre og Romsdal består totalt sett av Kristiansund politistasjonsdistrikt, Smøla og Aure politistasjonsdistrikt, Surnadal politistasjonsdistrikt, lndre Nordmøre politistasjonsdistrikt, Vestnes og Rauma politistasjonsdistrikt, Molde politistasjonsdistrikt og Hustadvika politistasjonsdistrikt.Jobb hos Namsmannnen i Molde krev at du er økonomisk vederheftig. Om du vert innkalla til intervju må du ta med deg utskrift av kredittinformasjon om deg sjølv for å vise at du ikkje har betalingsmerknadar. Dette kan ein hente ut gratis frå til dømes MinExperian eller Bisnode på nett. Kandidaten sjølv sladdar likningsopplysningar på utskrifta. ArbeidsoppgåverBetjening av publikumsekspedisjonen ved Molde politistasjon Mottak av og registrering av søknad om pass/nasjonalt ID-kort, herunder dokumentkontroll og ID-kontroll Oversending av saker til vedtakslinje ved behov ID-kontroll ved utlevering av pass/nasjonalt ID- kort Rettleie publikum anten ved oppmøte eller telefon Dagsoppgjer/kasseoppgjer Legge til rette for mottak og oppbevaring av innleverte forvaltningsvåpenFokus på førebygging gjennom forvaltning Halde seg oppdatert på gjeldande lover, forskrifter og rundskriv innan eige fagområde Stevnevitne Andre oppgåver som ligg til eininga kan bli pålagt av seksjonsleiarKvalifikasjonarNødvendigeRelevant høgare utdanning, for eksempel innan forvaltningsrett eller offentleg styring m.m.Relevant erfaring kan kompensera for kravet om utdanningGode språkkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Minimum innan norsk og engelskGenerelt god forståing for bruk av IT-system og tilegning av stadig nye systemØkonomisk vederheftigheitDu må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk  i samband med skikkaheitsvurdering.Ønska  Erfaring frå offentleg forvaltning og saksbehandlingKjennskap til forvaltningsrettJuridisk kompetanse Erfaring frå publikum-/kundebehandling Ytterlegare språkkompetanse Personlege eigenskaparGod munnleg og skriftleg framstillingsevneServiceinnstilt og løysingsorientert i tidvis hektiske og hendingsstyrte omgjevnadarGode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaparForståing av og identifisere seg med politiet sitt samfunnsoppdragSom medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeiderplattform her:  https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/ Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.Vi tilbyrEin utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet for framtidaFast stilling som førstekonsulent (SKO 1408) i Møre og Romsdal politidistriktFørstekonsulent  - lønnast i dag med ei brutto årsløn frå og med kr. 480 000,-Endeleg plassering av lønn er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitetMedlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon. Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelsetenesteTilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.KontaktinformasjonHilde Therese Halås Hasseløsæther, Seksjonsleiar, 71192063ArbeidsstedStrandgata 26415 MoldeNøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4707367397Stillingsprosent: 100%Fast stillingSøknadsfrist: 11.10.2023
Strandgata 2, 6415 MoldeStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.92 Rådgivar sivil rettspleie
0.92 Grensekontrollør
0.91 Førstekonsulent/Seniorkonsulent
0.91 Seksjonsleiar
0.91 Rådgiver
0.90 Seniorrådgiver
0.90 Beredskapsplanleggjar
0.90 Avsnittsleiar
0.90 Førstekonsulent (sko 1408) utlegg/tvangsfullbyrdelse
0.90 Rådgiver
0.89 Instruktør operative disipliner
0.89 Avsnittsleiar
0.89 Politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar
0.89 Pob spesialist dokumentgransker/etterforsker
0.89 Indre Østfold fengsel: Førstekonsulent - tilbakeføring og løslatelse
0.89 Tenestestadsleiar/Seksjonsleiar Måløy
0.89 Fagleder samband
0.89 Operasjonsleder
0.89 Avsnittsleder arrest
0.89 Innsatsleder
0.89 Førstekonsulent
0.89 fast stilling som førstekonsulent ved stab for internasjonalt samarbeid
0.89 Politibetjent
0.89 IKT-medarbeider
0.89 Feltinspektør - politi
0.89 Førstekonsulent/rådgiver studieadministrasjon- vikariat
0.89 Namsfullmektig
0.89 Konsulent
0.89 Førstekonsulent/rådgiver studieadminstrasjon
0.89 Rådgiver
0.89 Arbeidsrettsjurist
0.88 Flerkildeanalytiker/politiførstebetjent 0285
0.88 Seksjonsleder for virksomhetsstyring og internkontroll
0.88 Kommunedirektør
0.88 Saksbehandler
0.88 Personalkonsulent
0.88 Vikariat som politibetjent 1-3
0.88 Barnevernspedagog
0.88 Politiadvokat / politiadvokat 2
0.88 Konsulent
0.88 Politibetjent 3/2/1 - Operativ patrulje Lindesnes
0.88 Politiinspektør
0.88 Seniorrådgiver
0.88 Kontorfaglig stiling
0.88 Rådgiver/saksbehandler
0.88 Politiførstebetjent fagleiar SO
0.88 Saksbehandler
0.88 Barnevernkonsulent - avdeling mottak
0.88 Personalkonsulent
0.88 Byggdrifter/servicemedarbeider