Tenestestadsleiar/Seksjonsleiar Måløy
None
Måløy
BeskrivelseI Vest politidistrikt ved tenesteeining Nordfjord, driftseining Sogn og Fjordane, er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent SKO 0287 med funksjon som tenestestadsleiar/seksjonsleiar ved seksjon Måløy. Måløy politistasjon har for tida 12 fast tilsette.Vi søkjar ein leiar som er modig og sjølvstendig, med vilje til å skape gode resultat gjennom god struktur og høg evne til gjennomføring i eit heilskapeleg perspektiv. Du må kunne bygge gode relasjonar og ha god personalomsorg, vere motiverande og inkluderande, tett på, og ha evne å rettleie medarbeidarane. Geografisk driftseining Sogn og Fjordane består av tenesteeiningane Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. I tillegg er det ein eigen etterforskingsavdeling. Driftseininga har kombiteneste med utvida aktiv teneste og beredskapsvakt. Det blir utført patruljeteneste, førebyggjande teneste og etterforsking ved alle tenestestadene. Sivile oppgåver er i all hovudsak lokalisert til hovudkontora for tenesteeiningane; Førde, Nordfjordeid og Sogndal.ArbeidsoppgåverPersonal-, HMS-, og resultatansvar for einingaAnsvar for at administrative og politifaglege oppgåver som ligg til tenestestaden blir utført med høg kvalitet, og i samsvar med gjeldande lovar, reglar og instruksarDu skal rettleie og følgje opp dine tilsette slik at dei har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som tar hand om tryggleiken ved tenestestadenVere politikontakt, og utføre aktivt kriminalførebyggande samarbeid med kommune og andre eksterne samarbeidspartnararBidra aktivt til at politiet i alt sitt virke er i forkant av kriminaliteten Følge opp føringar og avgjerder med fokus på å skape resultat med høg måloppnåelse innan gitte fristerOppfølging av straffesaker ved tenestestadenTa del i tenesteeininga si leiargruppe og bidra til heilskapleg tenking, samt gode og framtidsretta løysingar innanfor eininga Motivere og utvikle medarbeidarar Tilrettelegge for kunnskapsbasert læring og systematiske forbetringar Vakt og beredskap, og etterforskingsarbeid saman med dei andre politiansatte ved behov Andre oppgåver pålagt av overordnaKvalifikasjonarVitnemål frå Politiskulen/PolitihøgskulenBrei politifagleg erfaringKjennskap til systematisk HMS arbeid God resultatoppnåing i tidlegare stillingar God IT- og systemkompetanseGod munnleg og skriftleg framføringUtdanning innan organisasjon og leiing helst på høgskule/universitetsnivå og/eller leiarerfaring blir vektlagtErfaring innan førebyggande verksemd blir vektlagtVere IP4-godkjent eller vere kvalifisert og villig til å bli det er ein fordelKjennskap til politiets planleggings- og styringsverktøy er ein fordelDu må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Den som ansettes må kunne sikkerhetsklarerast for hemmeleg.Personlege eigenskaparGode evner til å setje retning, drive endring og bidra til god verksemdsutviklingLøysingsorientert med evne til å ta avgjerder og skape resultat i eit heilskapleg perspektivVere ein tydeleg og tilgjengeleg leiar med evne til å vise god personalomsorg og motivere sine medarbeidareEvne til å bygge relasjonar og samhandle internt og eksternt Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politietSom medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Som leiar må du i tillegg kunne leie i samsvar med vår medarbeiderplattformVi tilbyrEin utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forme framtidas politiStillinga som politioverbetjent med funksjon som tenestestadsleiar/seksjonsleiar, SKO 0287 , blir lønna frå kr 715.000 kr,- til kr 810.000 ,- brutto per årMedlemskap i Statens pensjonskasse, med blant annet gode pensjons- og forsikringsordninger (www.spk.no)GenereltFor stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår for staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjar må kunne bruke både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel. Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil si positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i vår rekrutteringsportal dersom dei har funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.Les mer på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25. Vi ber om elektronisk søknad via lenka. Ref.nr: 23/176724KontaktinformasjonRognald Dvergsdal, Tenesteeiningsleiar, 90884173Spørsmål om CV og søknad, Kontakt Seksjon for HR, 207.hr@politiet.noArbeidsstedGate 1 586700 MåløyNøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Vest politidistriktReferansenr.: 4696615204Stillingsprosent: 100%Fast stillingSøknadsfrist: 10.10.2023
Gate 1 58, 6700 MåløyStort kartHybridkartFlyfoto