Konsulent tenestekontoret
None
Norheimsund
BeskrivelseMe søkjer ein engasjert medarbeidar med stor interesse for velferdsteknologi og kunnskap innan regelverket for personvern til spennande stilling ved tenestekontoret. Tenestekontoret er ei koordinerande eining med 8 tilsette som held til på rådhuset i Norheimsund.Målet med ei koordinerande eining er å letta det tverrfaglege samarbeidet, og koordinering av tenester slik at pasientar og brukarar får dei tenestene dei treng. Dette skapar kvalitet på helsetenestene på ein heilskapleg og effektiv måte, og ei god oppleving både for brukarane og dei tilsette.Me handsamar søknader frå enkeltpersonar som treng heimesjukepleie, heimehjelp, tryggleiksalarm, matombringing med meir. Me føretar også kartleggingsbesøk i heimane. Tenestekontoret har fokus på velferdsteknologi, og har ansvaret for systema GAT turnusprogram , Gerica journalsystem og Flyt Samspel. I denne rolla vil du ha stor betydning for implementering og optimalisering av løysingar innan velferdsteknologi i helse- og omsorg. Kompetansen din innan GAT turnusprogram og Gerica journalsystem vil vera av avgjerande betydning for å forbetra effektiviteten og kvaliteten i tenestene våre.Vil du vita meir om oss, les her: TenestekontoretArbeidsoppgåverImplementering og opplæring:Du vil vera delansvarleg for å setja i verk og tilpassa velferdsteknologiske løysingar, inkludert opplæring av personalet i journalsystem og turnusprogram.Nettverksbygging:Byggja sterke relasjonar med aktuelle nøkkelpersonar innan helse- og omsorgssektoren for å fremja samarbeid og partnarskap.Kvalitetssikring:Overvaka og evaluera effektiviteten av velferdsteknologiløysingane og bidra til kontinuerleg forbetring og utvikling av velferdsteknologiske løysingar.Vera helse og omsorg sin nøkkelperson innan regelverket for personvern, særleg knytt til innføring av ny teknologi.KvalifikasjonarRelevant høgskuleutdanning innan t.d. it, helse, Gode digitale ferdigheiterGod kjennskap til GAT turnusprogram og Gerica journalsystem er nødvendigErfaring med implementering av velferdsteknologiløysingar er ein fordelGode pedagogiske evner og evne til formidling av tekniske løysingar til dei ulike tenesteområdeneEvne til å etablera nettverk innan helse- og omsorgssektorenGode munnlege og skriftlege norskkunnskaparFørarkort klasse BAlle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar. Personlege eigenskaparServiceinnstilt, strukturert og nøyaktig Stabil, sjølvstendig og ansvarsbevisstPositiv, godt humør og gode kommunikasjonsevnerFleksibel og løysningsorientertKvifor jobba hos oss:Me tilbyr ei spennande moglegheit til å arbeida med "cutting-edge"-velferdsteknologi og bidra til å forbetra livskvaliteten til brukarane gjennom velferdsteknologiske løysingarDu vil bli ein del av eit dedikert team som verdset kompetanse og samarbeidLøn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystemGode offentlege pensjons- og forsikringsvilkårGenerell informasjon:Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.KontaktinformasjonJorunn Selsvik, Leiar tenestekontor helse og omsorg, +47 920 21 980ArbeidsstadGrovagjelet 165600 NorheimsundNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4709365419Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 15.10.2023
Grovagjelet 16, 5600 NorheimsundStort kartHybridkartFlyfoto