Avdelingsleiar for tenestekoordinering
None
Fosnavåg
Beskrivelse2. gongs utlysing.Avdeling for tenestekoordinering er ei av fem avdelingar i sektor helse og omsorg, og er staben til kommunalsjefen. Tenestekoordinering har som formål å bidra til heilskapeleg sakshandsaming for heilesektoren, i tillegg til spesifikke støttefunksjonar og teknisk drift. I samarbeid med dei andre avdelinganeskal tenestekoordinering syte for at dei som oppheld seg i kommunen får naudsynte og koordinertetenester i samsvar med dei pliktar og rettar som lovverket gir.Som avdelingsleiar i avdeling for tenestekoordinering vil du bli leiar for sju tilsette. Du vil også vere del avkommunalsjefen si leiargruppe.Arbeidstid er kvardagar 08-16. Stillinga er ledig frå 01.01.24.Arbeidsoppgåvertildeling av helse- og omsorgstenester og kommunale bustadar, herunder også vederlag ogeigenbetalingpersonal-, budsjett- og økonomiansvaraktiv deltakar i sakshandsaming og klagesaker til tilsynsorganleiar for koordinerande einingansvar for teknisk drift, saman med fagleiaransvar for velferdsteknologiske løysingar i samråd med teknisk drift og sektorenansvar for fleire tilskotsordningar og rapporteringaransvar for system og støttefunksjonar, til dømes pasientjournalsystem og kvalitetssystemmedlem i kommunen sitt psykososiale kriseteam KvalifikasjonarDet er eit krav at du har helse- eller sosialfagleg bachelor. I tillegg må du ha vidareutdanning i helserett og/eller sakshandsaming.Vi ønskjer ein avdelingsleiar somhar vidareutdanning i leiing, eller er positiv til å ta vidareutdanning i leiinghar erfaring frå sakshandsaminghar god skriftleg framstillingevneer opptatt av klart språkHerøy kommune har nynorsk som administrasjonssmål.Personlege eigenskapardu har interesse for lov og avtaleverkdu skapar gode relasjonar til dei rundt degdu er sjølvstendig og tør å ta ansvardu taklar utfordrande situasjonardu er effektiv, lærevillig og løysingsorientertdu har god digital kompetanse og interesse for digitale løysingarVi tilbyrgod opplæringeit herleg arbeidsmiljø med gode kollegaerfleksibel arbeidstiddeltaking i utviklingsarbeid i helse- og omsorgssektorengode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLPTilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.Søkjarlista kan verte offentleggjort. KontaktinformasjonGro-Anette Frøystad Voldsund, Kommunalsjef helse og omsorg, +47 90802649ArbeidsstadEggesbøvegen 116092 FosnavågNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4712336820Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 09.10.2023
Eggesbøvegen 11, 6092 FosnavågStort kartHybridkartFlyfoto