Embete som tingrettsdommar ved Vestre Innlandet tingrett
None
Lillehammer
BeskrivelseOm stillingaDet er ledig eit embete som tingrettsdommar ved Vestre Innlandet tingrett. Tiltreding er etter nærare avtale. Kontorstaden for tingrettsdommaren vil vere på Lillehammer.Det må påreknast å gjere teneste på alle rettsstadene i rettskrinsenOm domstolenTingretten er lokalisert på rettsstadene Fagernes, Gjøvik, Lillehammer og Vågå. Domstolens rettskrets består av Dovre, Etnedal, Gausdal, Gjøvik, Gran, Lesja, Lillehammer, Lom, Nord-Fron, Nord-Aurdal, Nordre Land, Ringebu, Sel, Skjåk, Søndre Land, Sør-Aurdal, Sør-Fron, Vestre Slidre, Vestre Toten, Vang, Vågå, Østre Toten, Øyer og Øystre Slidre kommunar.Saker skal i utgangspunktet behandlast ved den rettsstaden der dei geografisk høyrer heime.Det er per i dag 12 dømmande årsverk og ei samla bemanning på totalt 29,4 årsverk fordelt på dei fire rettsstadane.KvalifikasjonskravSøkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap.Søkjarar må vere norske statsborgararVi tilbyreit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid med rom for fagleg utviklingeit omfattande introduksjonsprogram for nye dommararårlege oppdaterings- og etterutdanningstilbodmoglegheit for ein månads studiepermisjon kvart fjerde årgode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasseLønn for stilling som tingrettsdommar er per i dag kr. 1 285 000,-. Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2 %.Andre opplysningarGenerell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet.For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest.Arbeidstakaren må utan erstatning finne seg i dei avgjerdene om endring som blir gjort i forretningskrinsen og organiseringa av domstolen. Det kan innebere samanslåing med andre domstolar og eventuelt bortfall av administrative oppgåver. Endring av tittel på grunn av det kan også skje. Omorganisering kan føre til eventuelle endringar som ny kontorstad.Dersom det kjem fram av søknaden din at du ønsker konfidensiell behandling, gjer vi merksam på at opplysningar om søker kan bli gjorde offentleg, sjølv om søkjar har bede om konfidensiell behandling, jf. offentleglova § 25. Ved å søkje på stillingar i www.jobborge.no, samtykkjer du til at vi kan handsame personvernopplysningar om deg. Opplysningane vil berre bli brukte i rekrutteringssamanheng. Personopplysningane dine vil ikkje bli lagra lenger enn naudsynt.Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/innstillingsradet. I denne samanhengen viser vi til offentleglova§ 25, andre leddet når det gjeld vilkåra for å bli utelaten frå søkjarlista.Vi ber om at du legg søknad med CV inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk denne stilling”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du fyrst såg utlysinga.Spørsmål om stillingaYtterlegare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:Vestre Innlandet tingrett v/domstolleiar Ingjerd Thune, tlf. 61 02 02 00.Innstillingsrådet v/sorenskrivar Arnfinn Agnalt, tlf. 69 79 77 18.Domstoladministrasjonen v/avd.dir. Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00
Jul Pettersens gate 2, 2615 LillehammerStort kartHybridkartFlyfoto