Avdelingsleiar
None
Nærbø
BeskrivelseATO ved Bø skule har ledig ei 100 % fast stilling som avdelingsleiar frå 1.1.2024. Stillinga består av pedagogisk leiing, administrasjon og undervisning ved behov.ATO står for alternativ tilpassa opplæring og er ei spesialpedagogisk avdeling for Hå kommune. Avdelinga er ein del av Bø skule, og elevar frå heile kommunen har skuletilbodet sitt her. Elevane har spesialundervisning i heile opplæringa. Elevar kan gå på ATO frå første til tiande trinn. I år har me 14 elevar frå 1. – 10. trinn, og 25 tilsette.På Bø skule vil du vere ein del av leiargruppa på skulen, som består av tre avdelingsleiarar i ordinær skule og rektor. «Me dreg lasset i lag», med trivsel, meistring og kunnskap. Me speler på lag og gjer kvarandre gode. Her er eit stort mangfald med mange dyktige og hyggelege kollegaer, god trivsel, humor og et godt profesjonsfellesskap.Kvalifikasjonar Me ønskjer oss at du som leiar har - relevant leiarutdanning, for eksempel rektorskulen, eller ønskjer om å ta dette - godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen, ønskjeleg med kompetanse i spesialundervisning - gode IKT-kunnskapar - gode norskkunnskapar, skriftleg og munnlegArbeidsoppgåver er blant anna- dagleg drift med personal og elevar, for eksempel timeplanar, arbeidstider, vikarar og liknande. - personaloppfølging - organisasjonsutvikling - undervisning - koordinering og samhandling med PPT, føresette og eventuelle andre instansarPersonlege eigeskapar - trygg, pragmatisk og tydeleg som leiar - relasjonsbyggjar som skaper gode forhold for samarbeid - evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta- erfaring med opplæring og tilrettelegging for elevar med psykisk utviklingshemmingPersonlege eigeskapar vil verte vektlagt.Attestar og vitnemålVi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.PolitiattestGyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.TilsetjingsvilkårTilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle. Link til søknadsskjema: Søk her
Vålandsvegen 4, 4365 NærbøStort kartHybridkartFlyfoto