Avdelingsleder strategi og styring
Ålesund Kommune
Ålesund
Ålesund Kommune
Arbeidsgiver
Ålesund Kommune
Stillingstittel
Avdelingsleder strategi og styring
Frist
15.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Vil du vere med å bygggje framtidas Ålesund kommune? Som leiar for avdeling Strategi og styring vil du få ansvar for dei overordna styringsprosessane i kommunen, heilt frå anayse og kunnskapsgrunnlag til aktiv drift og utvikling av av styringssystemet. Avdelinga har ansvar for overordna planlegging og analysearbeid, økonomistyring, kvalitetsleiing og strategisk folkehelsearbeid med miljøretta helsevern. Kommuneoverlegefunksjonen er også organisert i Strategi og styring. Hovudoppgåvene vil vere å leie avdelinga, med fokus på drift og vidareutvikling av kommunen sitt heilskaplege styringssystem. Dette inkluderer ansvar for heilskapleg planlegging, planpstrategi og planprosessar med tilhøyrande analyse og utgreiingsarbeid. Ansvaret for kommunen sitt arbeid med kvalitetsleiing og strategisk folkehelsearbeid ligg også til avdelinga.Som avdelingsleiar vil du få personalansvar for 18 særs kompetente medarbeidarar som dekkjer eit breitt spekter av fagfelt og arbeidsområde. Du får også resultatansvar for di avdeling.Vi søkjer ein tydeleg leiar som har evne til å tenkje heilskapleg og langsiktig, og som er flink til å samarbeide på tvers av ulike fagmiljø. Du trivst med å jobbe i skjeringspunktet mellom politikk og adminstrasjon, og har har ein inkuderande leiarstil. ArbeidsoppgåverLeie avdelinga og inngå i økonomisjefen si leiargruppe.Leie arbeidet med drift og utvikling av kommunen sitt heilskaplege styringssystem.Leie arbeidet med drift og utvikling av kommunen sitt overordna kvalitetssystem.Leie kommunen sitt arbeid med planstrategi og andre overordna samfunnsplanprosessar.Leie kommunen sitt arbeid med strategisk folkehelsearbeid saman med kommuneoverlegen.Leie arbeidet med økonomi-planlegging, budsjettering og rapportering saman fagleiar på økonomiområdet. Samarbeide med andre verksemder og fagområde i kommunen.Bidra operativt i avdelinga ved behov.KvalifikasjonarRelevant utdanning på masternivå, gjerne innan samfunnsøkonomi, leiing eller administrative fag. Leiarerfaring med god resultatoppnåing.Relevant erfaring frå eit eller fleire av fagfelta til avdelinga.Erfaring frå arbeid med verksemdstyring.Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel.Kunne kommunisere klårt og tillitvekkande internt og eksternt.Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk.Kjennskap til prosessleiing er ønskeleg. Personlege eigenskaparTrygg og tydeleg leiar med evne til å tenkje langsiktig og heilskapleg.Strategiske evner og høg fagleg integritet.Evne til å etablere gode relasjonar på alle nivå i organisasjonen. Strukturert og analytisk.Evne til å stå støtt i krevjande prosessar.Særs gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vi tilbyrEit spanande og tverrfagleg arbeidsmiljø med særs kompetente medarbeidarar. Ein variert og utfordrande jobb.Fagleg og personleg utvikling.Fleksibel arbeidstid.Medlemskap i kommunens pensjonsordning.Løn etter avtale.
Om arbeidsgiveren
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er "nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet".Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Sted
Keiser Wilhelms g. 11, 6003 Ålesund
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Ledelse
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Lars Fylling
Stillingstittel
verksemdsleiar
Mobil
99 53 77 75
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra ÅLESUND KOMMUNE
Følg firma
94 følger dette firmaet
Keiser Wilhelms g. 11, 6003 Ålesund
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto