Kommunalsjef økonomi
Alver kommune
Isdalstø
Kommunalsjef økonomi
Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Kommunalsjef økonomi
Frist
06.11.2023
Ansettelsesform
Fast
Kommunalsjef økonomi har eit strategisk og heilskapleg perspektiv med ansvar for utarbeiding og oppfølging av handlings- og økonomiplan, samt planlegging og gjennomføring av budsjettprosess. Du har ansvar for utarbeiding av årsrekneskap og årsmelding, og har fagleg og personaladministrativt ansvar for sektor økonomi. Du har også ei sentral rolle i den totale verksemdstyringa i kommunen. Sektor økonomi består av to avdelingar, avdeling for controlling og avdeling for løn og rekneskap, med til saman 18 tilsette.Stillinga rapporterer til kommunedirektør, og du vil vere ein del av kommunedirektørens leiargruppe med eit heilskapleg, strategisk ansvar for kommunen si drift og utvikling. Krav og ynsjerVi ser etter ein tydeleg, inkluderande og engasjert leiar som er trygg på sin fag- og leiarkompetanseKommunalsjef økonomi skal leie og gjennomføre utviklings- og endringsprosessar innan fagområdet. Du må difor kunne samarbeide konstruktivt og ha gode evner til relasjonsbyggingDet er viktig at du er resultatorientert, systematisk og evner å analysere og sjå samanhengar.Vi ynskjer at du har økonomisk kompetanse innan offentleg forvaltning og erfaring frå arbeid i ein politisk styrt organisasjonDu må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne, arbeidsspråk er nynorskPersonleg eignaheit vert vektlagtFormelle kvalifikasjonskravSøkjarar må ha utdanning frå høgskule eller universitet, helst som samfunns- eller siviløkonom. Særleg relevant leiarerfaring kan i særskilde tilfelle kompensere for utdanningskravet.Relevant arbeids- og leiarerfaring og gode IT-kunnskapar er ein føresetnad.Vi tilbyrEin ansvarsfull leiarstilling Godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanseLøn etter avtale.God pensjonsordning og gruppelivsforsikringDersom du har spørsmål kan du kontakte våre rådgjevarar Per Inge Hjertaker/Per Jorem hos Headvisor, tlf. 91729682 / 40021560,. eller ass. kommunedirektør Martin W. Kulild/kommunedirektør Ørjan Raknes Forthun, tlf. 46414800 / 91586338.Ver vennleg og fyll ut søknaden så fullstendig som mogleg. Attestar og vitnemål kan tas med til eit eventuelt intervju. Det vil etter søknadsfristen utarbeidast ei offentleg søkjarliste. Søkjarar som ynskjer å være unntatt offentlegheit må grunngje dette særskilt. Grunngjevinga vil bli vurdert i høve til reglane i Offentleglova. Dersom det etter kommunen si vurdering ikkje føreligg ein særskilt grunn, vil søkjaren bli offentleggjort. Søkjar vil i så fall bli kontakta på førehand. Søknad vert å sende innan 6.november.
Om arbeidsgiveren
Alver kommune har omlag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette. Vi er eit sterkt regionsentrum og samfunn, som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. Vi er en kommune rett nord for Bergen med en variert natur og et rikt kulturliv. Vi trur på viktigheita av meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Meir om oss sjå www.alver.kommune.no
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
KVERNHUSMYRANE 25, 5914 Isdalstø
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering,
Forretningsutvikling og strategi
Arbeidsspråk
Norsk
Nøkkelord
Strategisk, Handlingsplan, Økonomiplan, Budsjettering, Årsregnskap
(1/1)
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Per Inge Hjertaker
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
91 72 96 82
Kontaktperson
Per Jorem
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
40 02 15 60
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Headvisor AS
Følg firma
2171 følger dette firmaet
KVERNHUSMYRANE 25, 5914 Isdalstø
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto