Klubbarbeidar på Radøy ungdomsklubb
Alver kommune
Manger
Ønskjer du å arbeide med ungdom?
Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Klubbarbeidar på Radøy ungdomsklubb
Frist
15.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med ALVER KOMMUNE
Klubbarbeidar på Radøy ungdomsklubb
Om stillingaDet lysast ut ein fast 25 % stilling som klubbarbeidar med hovudbase på Radøy ungdomsklubb på Manger. Som klubbarbeidar arbeidast det for at Alver skal vere ein kjekk og trygg plass for ungdom å vekse opp.Som klubbarbeidar arbeidast det på klubbkveldar, på aktivitetar i skuleferiar og på større arrangement i regi av avdelinga. Det arbeidast kvar torsdag på Radøy ungdomsklubb. I tillegg arbeidast det ein onsdag i månaden på Frekhaug ungdomsklubb. Begge klubbane har aktivitet kl. 14.30-20.00.ArbeidsoppgåverArbeide på ungdomsklubbPlanlegge og sette i gang aktivitetar for og med ungdomArbeide på nokre større arrangement for ungdom på fredagarArbeide på aktivitetar for born og unge i skuleferiarMarknadsføring, SOMEOppfølging av ungdom, samtalerVere ein trygg voksen personKioskarbeidSamarbeide med føresetteSamarbeide i team med dei andre tilsetteSamarbeide med dei andre klubbane i avdelingaOm avdelingaKlubbane høyrar til avdelinga Ung Alver under tenesteområde kultur. I avdelinga er det fem ungdomsklubbar, ungdomskoordinatorar og avdelingsleiar. Avdelinga arbeidar med forebyggande tiltak for ungdom, ungdomsklubbar, juniorklubb, med ungdomsråd, UKM, Mot og aktivitetar for born og ungdom i skuleferiar. Det blir arrangert store arrangement, kurs og aktivitetar for ungdom.KvalifikasjonskravBarn og ungdomsarbeidar eller anna relevant høgare utdanning er ønskjeleg. Men ikkje noko krav. Erfaring frå ungdomsarbeid og klubbarbeid vert høgt vektlagtSertifikat klasse BKven er du?Positiv og engasjert person som trivest med å arbeida for og med ungdomLøysningsorientert, fleksibel, kreativ og har gode samarbeidsevnerEr ikkje redd for å ta i eit takVi tilbyrEin kjekk arbeidsplass saman med ungdomaneEin arbeidsplass der ein får utvikle seg, vere kreativ og vere aktivVere med å arbeide for at Alver skal vere ein kjekk og trygg plass for alle ungdomar å vekse oppTilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverkPensjonsordning gjennom KLPPolitiattest Det er krav om å levere godkjent politiattest for å arbeide i fritidsklubb jf. Politiregisterforskrifta §34-12. Vi er AlverBli kjent med Alver kommune!
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen. Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Sted
Idrettsvegen 13, 5936 Manger
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Annet
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Katarina Birkeland
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
90 69 69 31
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Alver Kommune
Følg firma
370 følger dette firmaet
Idrettsvegen 13, 5936 Manger