Barne- og ungdomsarbeidar - Os ungdomsskule
Bjørnafjorden kommune Os ungdomsskule
Os
Barne- og ungdomsarbeidar - Os ungdomsskule
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Os ungdomsskule
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar - Os ungdomsskule
Frist
23.10.2023
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune
Har du sosialfagleg kompetanse innan barne- og ungdomsarbeidarfaget og vil vere med å leggje til rette for trivsel, meistring og læring for elevar? Os ungdomsskule har frå 01.12.23, ledig 76% stilling for barne- og ungdomsarbeidar i engasjement ut skuleåret 2023/24.Vi søkjer deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Bjørnafjorden kommune, med særleg vekt på livsmeistring for alle, nærvær og fråvær og eit godt læringsmiljø.ArbeidsstadOs ungdomsskule ligg sentralt til i Os sentrum, har 60 tilsette og 483 elevar fordelt på 5-6 klassar på kvart trinn.Elevtalet er aukande i åra som kjem.ArbeidsoppgåverLeggje til rette for positiv utvikling for alle elevar og setje i verk utviklingsstøttande tiltak.Følgje opp enkeltelev i skulen.Delta i planlegging saman med personalet.Vere ein tydeleg vaksen.KvalifikasjonarFagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget eller kompetanse frå tilsvarande arbeid.Erfaring frå arbeid med ungdommar.God relasjonskompetanse.Søkjarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga. Ønska kvalifikasjonarVi søkjer etter kloke og fagleg dyktige medarbeidarar som har evne til å skapa gode relasjonar til elevane. I tillegg til formell kompetanse, er vi opptekne av personlege eigenskapar:Positiv, engasjert, lojal og støttande både i høve elevar, tilsette og samarbeidspartar.Kan jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.Tydeleg og god på kommunikasjon.Strukturert og systematisk, kreativ og løysingsorientert.Personleg eignaheit vil bli vektlagd.Vi tilbyrFaglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.Komprimert arbeidstid i 39 veker. Du vil dermed ha fri i elevane sin haust-, jule-, vinter-, og påskeferie og mesteparten av sommarferien.Slik søkjer duKlikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med Personalavdelinga.
Om arbeidsgiveren
Bjørnafjorden kommune har i underkant av 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger,
Undervisning og pedagogikk / Skoleassistent
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Anne Solberg Andersson
Telefon
97 17 49 31
Send melding
Kontaktperson
Kjersti Eide Wolden
Telefon
92 03 71 78
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Bjørnafjorden kommune
Følg firma
456 følger dette firmaet
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto