Rektor

Ulvik herad
Ulvik
Har du lyst til å bli rektor i Perla i Hardanger ?
Arbeidsgiver Ulvik herad Stillingstittel Rektor Frist 16.10.2023 Ansettelsesform Fast
2.gangs utlysningBrakanes barne- og ungdomsskule har ledig 100% fast  stilling som rektor.StillingsskildringBrakanes barne- og ungdomsskule i Ulvik herad er ein fulldelt  1.-10. skule. Skulen har 143 elevar og ligg midt i sentrum av Perla i Hardanger - Ulvik Herad med gangavstand til gardsbruk, strand, bibliotek, kino, idrettsanlegg mm.  Skulen har flotte naturomgjevnad og har uteskuleområde i nærleiken, symjebasseng, fleirbrukshall, uteområde med ballbinge og aktivitetspark, SFO og kulturskule.Rektor har 100% administrasjon.Me søkjer etter deg som kan vidareføra og vidareutvikla arbeidet med å skapa ein god skule for alle, gje alle elevane eit inkluderande og trygt læringsmiljø, leia læreplanarbeid, fagfornying og rammeplan SFO,  kan leggja strategiske føringar for framtida, vera ein pådrivar for å utvikla profesjonssamarbeidet og vidareutvikla skulen slik at elevane er godt rusta til å ta del i samfunnet. Me ynskjer ein rektor som spreiar arbeidsglede mellom dei tilsette, og nyttar kompetansen deira til det beste for elevane og utviklinga av skulen. Rektor skal saman med assisterande rektor, leiargruppa, tilsette og føresette byggja eit godt lag kring elevane.Administrasjonen til skulen er sett saman av rektor, assisterande rektor, lagleiarar, spesialkonsulent og sekretær. Ulvik herad har kommunalsjef for oppvekst som er rektor sin næraste leiar.Heradet har interkommunalt samarbeid med Hardanger- og Voss kompetanseregion. Hovudsatsinga til skulen er:Inkluderande skulemiljøVidare utvikling av organisasjonskulturLeseutviklingArbeidsoppgåverSom rektor vil du få ansvar for læringsresultata til skulen, både fagleg og sosialt. Du får ansvar for å leia og utvikla skulen i tråd med prinsipp for Brakanes skule sin praksis og satsingsområde. Du vil som rektor i skulen ha ansvar for den totale drifta, personale og økonomi. Du vil samarbeida med føresette gjennom formelle organ som FAU og samarbeidsutval.  Som verksemdsleiar i Ulvik herad føl rektor lov og avtaleverk, god forvaltningsskikk og tek eit heilskapleg leiaransvar.KvalifikasjonarDu må ha godkjent lærarutdanning og praksis frå skule Du har relevant leiarerfaring og vidareutdanning innan leiing Skuleleiarutdanning vil vera ein fordel, men annan leiarutdanning kan også vera aktuellFor søkjarar med godkjend lærarutdanning og solid skuleleiarpraksis, kan me vurdera å sjå bort frå kravet om leiarutdanningPersonlege eigenskapar vert vektlagt og me søkjer deg som:Har ein raus leiarstil, er til stades og ser kvar einskild elev og tilsett som ressursEr oppteken av læringsarbeidet og utviklinga til elevaneEr pådrivar i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid gjennom skulebasert kompetanseutviklingEr trygg og modig leiar som ynskjer å vera synleg i skulekvardagenHar god relasjonell veremåte og inkluderer alle tilsette, elevar og føresette gjennom opne utviklingsprosessar og avgjersleHar godt samarbeid med aktuelle fagorganisasjonarEr lyttande, tydeleg, resultatorientert, strukturert og har god evne til å gjennomføraMe tilbyr:Meiningsfulle arbeidsoppgåverLeiarnettverk kommunalt og regionaltLøn etter avtaleGode pensjons- og forsikringsordningarFlyttegodtgjersle etter gjeldande regelverk og hjelp til å finne bustadSom rektor på Brakanes barne- og ungdomsskule får du ein allsidig og utfordrande leiarstilling i eit kompetent fagmiljø på skulen.Rektor vil få konkurransedyktig løn etter avtale.Tilsetjing: Snarast mogeleg.Søknadsfrist: 16. oktober, 2023For nærare opplysningar, ta kontakt med vår rådgjevar hjå Headvisor Per Jorem tlf. 40021560.
Om arbeidsgiveren Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året. I tillegg er det eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv, med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med Poesifestival, lyden av Ulvik, Sommarfestival, blueshelg, Finsejazz og mykje meir! For meir informasjon, besøk heimesida vår www.ulvik.kommune.no eller www.visitulvik.no
Sektor Offentlig Lederkategori Leder Sted 5730 Ulvik Bransje Offentlig administrasjon, Barn, skole og undervisning Stillingsfunksjon Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
Nøkkelord Læringsresultat, Ledelse, Driftsresultat, Utvikling, Resultatorientert
(1/2) (2/2)
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Per Jorem Stillingstittel Rådgjevar Telefon 40 02 15 60
Søk her
Hjemmeside Flere stillinger fra Headvisor AS
Følg firma 2166 følger dette firmaet
5730 Ulvik

Similar jobs:

Score Tittel
0.91 avdelingsleder skole
0.90 Avdelingsleder skole
0.90 Rektor 100% stilling
0.90 Pedagogisk Leder
0.90 PEDAGOGISK LEDER/ BARNEHAGELÆRER
0.90 Rektor
0.90 Undervisningsleiar - 100% fast - Lindås barneskule
0.90 Barnehagemedarbeider
0.90 Pedagogisk leder
0.90 Pedagogisk leder
0.90 Lærer
0.90 Pedagogisk leder
0.90 Pedagogisk leder
0.90 Pedagogisk leder
0.90 Rektor Skjervøy barneskole
0.90 Har du lyst på en meningsfull ekstrajobb ved siden av studiene?
0.90 Pedagogisk leder
0.90 Pedagogisk leder
0.90 Pedagogisk leder
0.90 Seniorrådgivar - barnehage og skole
0.89 Pedagogisk leder
0.89 Avdelingsleder UniPed
0.89 Rådgiver / Førstekonsulent
0.89 Pedagogisk Leder
0.89 Lærer i norsk
0.89 Pedagogisk leder
0.89 Pedagogisk leder
0.89 Vikarlærer søkes til ny barneskole
0.89 Har du lyst til å jobbe med lønnsnær HR på UiB?
0.89 Pedagogisk leder
0.89 Rektor
0.89 Pedagogisk leder
0.89 Pedagogisk leder
0.89 Pedagogisk leder - 30 % vikariat
0.89 Vikariat som lærer
0.89 Avdelingsleder skole
0.89 Avdelingsdirektør
0.89 Pedagogisk leder
0.89 Pedagogisk leder
0.89 Pedagogisk leiar Trollskogen barnehage
0.89 Barnehagemedarbeider
0.89 Undervisningsstillinger
0.89 Tjenesteleder
0.89 Rektor/Virksomhetsleder
0.89 100% vikariat
0.89 Pedagogisk leder
0.89 Undervisningsinspektør
0.89 Pedagogisk leiar
0.89 Pedagogisk leder
0.89 Rektor ved Follebu skole, 100% fast stilling
0.89 Rektor ved grunnskole for voksne
0.89 Pedagogisk leder
0.89 Lærer
0.89 Undervisningsstilling som yrkesfaglærer/allmennlærer/barnehagelærer/spesialpedagog 100% vikariat
0.89 Pedagogisk leder
0.89 Undervisningsstilling ved Auli skole
0.89 Lærer
0.89 Barnevernskonsulent
0.89 Ledige undervisningsstillingar på Tonstad skule (2.gongs utlysing)