Rektor

Klepp kommune
Klepp stasjon
Rektor
Arbeidsgiver Klepp kommune Stillingstittel Rektor Frist 31.10.2023 Ansettelsesform Fast
Er du vår nye rektor ved Orstad skule?Vil du vera med å gjera ein forskjell for barn g unge i Klepp Kommune? Er du opptatt av heilskapleg og framtidsretta læringsleiing med fokus på utvikling av eigen skule? Me søkjer no ein dyktig leiar som ønskjer å vera med på den vidare utviklinga av Orstad skule.Orstad skule er ein 1-10 skule med læringssenter (forsterka avdeling). Skulen er delt inn i 3 avdelingar, avdeling 1 (1.-5.trinn), avdeling 2 (6. - 10. trinn), og avdeling 3 (Orstad Læringssenter). Totalt er det rundt 320 elevar på skulen og 65 tilsette. Administrasjonen består av administrasjonskonsulent, 3 avdelingsleiarar, SFO-leiar og rektor.Me søkjer ein synleg rektor som har fokus på elevane sin trivsel, læring og engasjement. Som rektor er du tydeleg og viser retning, der du gjennom gode leiareigenskapar og som ein god relasjonsbyggar, legg til rette for gode prosessar for å skapa gode utviklingsmiljø for både tilsette og elevar. Du har eit ynskje om å vidareutvikla ein god skule der profesjonsfellesskapet står sterkt, ilag med elevane, personalet og foreldra.Du trivst i ein hektisk kvardag, der målet er å oppretthalde gode og forutsigbare rammer for elevar, tilsette og foreldre.Orstad skule er i ein spennande prosess med rehabilitering/ombygging/omstrukturering av skulen, så rektor vil ha ei sentral rolle i arbeidet med å forma ein “ny” skule i skalet av ein eksisterande skule.Skulane i Klepp er organisert som sjøvstendige einingar. Rektorhar det pedagogiske, administrative, økonomiske og personalmessige ansvaret for skulen innanfor gitte rammer. Rektor rapporterer til skulesjef. Den nye rektoren vår vil bli ein del av skuleleiarlaget i Kleppskulen og må vera oppteken av kvalitet i alle ledd. Det er forventa at rektor ser på profesjonelle læringsfelleskap som ein nødvendigheit for å styrkja føresetnader for elevane si læringa , danning og utvikling.Kjernekomponentane for Kleppskulen dei neste tre åra er:Profesjonelle læringsfellesskap, den engasjerte eleven og læreplanforståing. For Orstad skule betyr dette at satsingsområda på skulen dette skuleåret er Den engasjerte elev, med fokus på elevmedverknad og inkluderande undervisning, og læreplanforståing, med eit hovudfokus på dialogisk undervisning, kritisk tenking og vurderingspraksis. Orstad skule har dette året systematisk teke i bruk lesson-study som metodikk for å sjå korleis me kan bruka dette som verktøy i profesjonsfellesskapet, og ha eit fokus på muntlighet i undervisninga.Kommunen og skulen er også ein del av Jærskulen. Jærskulen er eit forpliktande samarbeid om skuleutvikling der du som leiar deltek i eit fagleg solid nettverk, på tvers av kommunane på Jæren.
Arbeidsoppgåver Leia og motivera tilsette i profesjonelle læringsfellesskapMålretta samarbeid for god trivsel og auka læringsutbyte til elevaneLeia skuleutvikling, samt leia og utvikla skulen og Kleppskulen sin strategi og faglege profilMedverknad med elevar, føresette, tilsette og nærmiljøetVidereutvikla kvalitetssikringssystemet og sikra god skulebasert vurderingDriva økonomistyring og resultatkontroll
Kvalifikasjonar Du har relevant pedagogisk utdanning og leiarerfaringDu har erfaring og kunnskap frå pedagogisk utviklingsarbeid og skuleutviklingDu har gjennomført rektorskulen eller tilsvarande leiarutdanningDu har kunnskap og erfaring innan digitalisering i skulenPersonlege eigenskapar vert vektlagtPolitiattest av nyare dato må leggjast fram før oppstart
Personlege eigenskapar Du involverer gjennom profesjonelle lærande fellesskap og har gjennomføringsevneDu er tydeleg og synleg som rektor og motiverer til felles innsats for læring og utvikling i alle leddDu er god til å kommunisera, leggja til rette for samarbeid og skape gode relasjonar på alle nivåDu er inkluderande og har blikk for alleDu er opptatt av dialog og har ein verdsettande måte å leia tilsette påDu er fleksibel, lojal og har godt humørDu jobbar sjølvstendig, målretta og strukturert
Vi tilbyr Gode moglegheiter for fagleg og personleg utviklingLønn etter avtaleRettleiing for nye rektorarTett samspel med andre skuleleiarar i kommunen og JærskulenGode forsikrings- og pensjonsordningarTilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldsande lovar, reglement og tariffavtalarOppstart etter avtale
Om arbeidsgiveren Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.Visjonen vår er Med blikk for alle .  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
Sektor Offentlig Lederkategori Leder Sted Skogvegen 26, 4353 Klepp stasjon Bransje Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon, Helse og omsorg Stillingsfunksjon Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor, Ledelse, Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord Rektor, Ledelse, Skoleleder
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Vigdis Vatne Stillingstittel skulesjef Telefon 98 82 55 97
Søk her
Hjemmeside Flere stillinger fra Klepp Kommune
Følg firma 197 følger dette firmaet
Skogvegen 26, 4353 Klepp stasjon Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.95 Lærar
0.94 Pedagogisk leiar
0.94 Lærer
0.93 Rektor
0.92 Rektor Skjervøy barneskole
0.92 Ringevikar
0.92 Lærer
0.92 Lærer
0.92 Undervisningsinspektør
0.91 Lærer
0.91 Lærer
0.91 Rektor 100% stilling
0.91 Avdelingsdirektør
0.91 Lærer i norsk
0.91 Pedagogisk leder
0.91 Pedagogisk leder
0.91 avdelingsleder skole
0.91 Sektorsjef skole
0.91 Pedagogisk leder
0.91 Pedagogisk leder
0.91 Lærer
0.91 Undervisningsstillinger
0.91 Instruktør/pedagog ved Kompetansesenteret
0.91 Avdelingsleder
0.91 Prosjektleiar
0.91 Rektor
0.91 Pedagogiske ledere
0.91 Assisterende rektor - Lillestrøm videregående skole
0.91 Pedagogisk leder
0.91 Rektor/Einingsleiar - Fast
0.91 Medarbeider SFO
0.91 Pedagogisk leder
0.91 Helgevakter og ringevikarer
0.90 Skolekonsulent
0.90 Teamleder
0.90 Pedagogisk leder
0.90 Tilkallingsvikar renhold og kantine
0.90 Kontorleder
0.90 Rektor ved grunnskole for voksne
0.90 Avdelingsleiar Norheimsund skule
0.90 Rektor
0.90 Pedagogisk leder
0.90 Pedagogisk leder
0.90 Kvaleberg skole søker engasjert og robust lærer
0.90 Rektor ved Follebu skole, 100% fast stilling
0.90 Seksjonsleder
0.90 Rektor ved Follebu skole, 100% fast stilling
0.90 Pedagogisk leder
0.90 Avdelingsleder skole
0.90 Avdelingsleiar Norheimsund skule
0.90 Avdelingsleder skole
0.90 Rektor/Virksomhetsleder
0.90 Assisterende rektor
0.90 Avdelingsleder norsk og samfunnsfag
0.90 Renholder
0.90 Lærar
0.90 Kantineleder Skogmo videregående skole
0.90 Sykepleier
0.90 Sykepleier