Lærar
Klepp kommune
Orre
Lærar
Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Lærar
Frist
20.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Orre skule har ledige lærarstillingar i 100 % . Det er faste stillingar. Vi treng deg som har godkjent lærarutdanning (allmennlærar, GLU 1-7 eller GLU 5-10) og som ønsker å vere med å utvikle ein skule i ein spennande utviklingsprosess. Orre skule er ein barneskule som ligg på Pollestad, 4 km frå Bryne sentrum. Vi er om lag 150 elevar. Skulen ligg landleg til med god åtkomst til naturområde og nydelege strender. Vi har ein flott skulegard med ny skatepark, ballbinge, Tarzanløype og ein gapahuk med grillplass. Skulen er for tida i ein spennande byggeprosess. Vi rehabiliterer ein del av skulen. Her skal vi lage ein skaparverkstad og nye, flotte klasserom. Skulen sine utviklingsområde er Den engasjerte eleven og læraplanforståing. Vi er ein PALS-skule der vi legg vekt på ei positiv samhandling og eit støttande læringsmiljø. I skulen sin pedagogiske plattform står sosial kompetanse, grunnleggjande ferdigheiter og bruk av nærmiljøet sentralt. Vi er opptatt av å ha ein praktisk tilnærming i læringa, og vi gleder oss stort til å få ferdig skaparverkstaden. Her skal vi forene praktisk arbeid og utforsking med kritisk tenking og undring. Vi har ei engasjert foreldregruppe med eit velfungerande FAU og Driftsstyre. Deler av foreldregruppa har nyleg fått i stand ein skatepark på skulen. Vi har og eit elevråd med engasjerte elevar. Elevrådet er aktivt med i gjennomføring og oppfølging av elevundersøkinga, og dei er stolte arrangørar av Orre talentar kvart år. Alle elevar og vaksne nyttar læringsbrett i sitt daglege arbeid. Vi ser fram til og sjå deg på søkjarlista og til å bidra inn i eit allereie godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Lærar med kontaktlæraransvar Undervisning i faga i klassen i tråd med LK20 Gi god tilrettelagt opplæring for elevar på ulikt nivå Ha ein inkluderande praksis for å få med alle elevar i fellesskapet i klassen, fagleg og sosialtDrive god begynnaropplæring i samarbeid med leiinga og andre lærarar på skulenUteskuleTeamsamarbeidBegynnaropplæringForeldresamarbeid
Kvalifikasjonar
Pedagogisk utdanning Ønskeleg med GLU 1-7 eller GLU 5-10, men andre søkarar vil også bli vurdert. Undervisningserfaring frå 1-7.trinn Kunnskap om begynnaropplæringa Utviklingsorientert God relasjonskompetanse God digital kompetanse Kunnskap om ny lærarplan Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på Før ein eventuelt tiltrer stillinga må godkjent politiattest og tuberkulinprøve leggjast fram
Personlege eigenskapar
God klasseleiing Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Evne og lyst til å skapa gode relasjonar til elevar, føresette og tilsette Eit inkluderande elevsyn Evne til å arbeide strukturert og målretta Positiv, fleksibel og open for nytenking Godt humør Strukturert og sjølvstendig
Vi tilbyr
Lærarstilling i fast stilling eller årsvikariat Eit godt arbeidsmiljø i lag med dyktige kollegaer Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram frå utlysing, og gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Løn i høve til lokal lønnspolitikk
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.Visjonen vår er Med blikk for alle . Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Roslandsvegen 366, 4343 Orre
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Solgunn Simonsen Frøyland
Stillingstittel
avdelingsleder
Telefon
91 58 01 39
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Klepp Kommune
Følg firma
197 følger dette firmaet
Roslandsvegen 366, 4343 Orre
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto