Ønskjer du å jobbe med inntekts- og levekårsstatistikk?
Arbeidsgiver Statistisk sentralbyrå Stillingstittel Rådgivar innen inntekts- og levekårsstatistikk Frist 16.10.2023 Ansettelsesform Fast
Bli kjent med Statistisk sentralbyrå
I Seksjon for inntekts- og levekårsstatistikk har me ei ledig stilling som rådgivar. Seksjonen produserer statistikk og analyse innanfor levekår, tidsbruk, forbruk, inntekt, trygd, skatt og kriminalitet, og er ein viktig bidragsytar til kunnskapsgrunnlaget på desse samfunnsområda. Du får vera med å lage, vidareutvikla og modernisera statistikkproduksjonen på fleire av områda seksjonen har ansvar for. Det vil òg vere moglegheiter for oppgåver innanfor analyse og metode. Du vil bidra til samfunnsoppdraget gjennom å lage relevant statistikk over livsvilkåra i befolkninga. Me ser etter deg med kunnskap og interesse for levekår og sosiale forhold, samt spørsmål knytt til fordeling og økonomisk ulikskap. Fleire av seksjonens statistikkar er under omlegging, og ein stor del av arbeidet vil i ein overgang vera å modernisera statistikkproduksjon og -analyse. Oppgåvene består i å systematisera, behandla og tilretteleggje data frå både utvalgsundersøkingar og heildekkande registerdata på den nye skyplattforma. Dette krev god tal-, metode- og IT-forståing, samt evne til å omsetje rådata til statistikk. Me ønskjer oss deg med god kompetanse i programmeringsspråk som R, Python eller SAS, som delar kompetanse og har gode samarbeidsevner.
Hos oss får du vera med å: være del av fagmiljøet i seksjon for inntekt og levekårutvikla og drifta offisiell statistikk basert på samanstilling og bearbeiding av data frå fleire kjelderbidra til å modernisere statistikkproduksjonen mellom anna gjennom god kompetanse på programmeringsspråk som Python og R, og i bruk av tjenestekatalogen til Google Cloud Platformløpande leveransar av analyse-, tabell- og mikrodataoppdraghalde seg fagleg, metodisk og IT teknisk oppdatert
Kva kompetanse er nødvendig? Utdanning på hovudfags-/masternivå, helst statsvitar, samfunnsøkonom eller annan samfunnsvitskapleg utdanningsbakgrunn.Minimum 2 år relevant arbeidserfaring.Gode IT-kunnskapar, til dømes i bruk av programmeringsspråk som R, Python eller SAS.Kompetanse innafor statistiske metodar og analyse.God munnleg og skriftleg norsk. Det er ein fordel med: Kjennskap til register- og utvalsdata.kunnskap innafor fagområdet til seksjonen og statistikkproduksjon.
Kven er du? Du arbeider sjølvstendig og systematisk, men liker samstundes å samarbeida med andre.Du har evne til å følgja opp fleire problemstillingar, samtidig som du overheld fristar.Du er nysgjerrig og tileigner deg naudsynt kunnskap og kompetanse.Du tek initiativ, er strukturert og nøyaktig og kan trekkje ut essensen av store informasjonsmengder.Kvifor skal du velja oss?Hos oss vil du vere ein del av eit godt fagleg miljø med gode moglegheiter for eigenutvikling og fagleg fridom. Me er ein kunnskapsrik organisasjon med meningsfulle og spennande oppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag. Me har eit uformelt og hyggeleg arbeidsmiljø.
Vi tilbyr Løn som rådgivar (1434) i lønsspenn frå kr 584 500 til kr 646 000 (ltr. 60-66) etter kvalifikasjonar. Høgare løn kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte. Gode høve for utvikling, samarbeid og nettverksbygging. Vi har nyansattprogram, årlig hackathon og arrangement for fagleg deling på tvers.Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø.Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse.Treningstilbod med mulighet til ein time trening i veka i arbeidstida, med treningsrom i kontorlokalane.Verdt å merke seg før du søker:Attestar/vitnemål/karakterutskrift skal registrerast/verte lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Me ber søkjarar som blir kalla inn til intervju om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar og vitnemål. Me utfører kontroll av dokument, og me gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkjarar før tilsetjing.Me gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har beda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste vert utforma.Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer difor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Me vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Døme på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.Me oppmodar søkjarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst éin søkjar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie, bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.
Om arbeidsgiveren Statistisk sentralbyrå - tal som fortelStatistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for utvikling,utarbeiding og formidling av offisiell statistikk i Noreg. Statistikk, forskingog analyse frå SSB bidrar til innsikt om samfunnsutviklinga, dannar grunnlagfor det offentlege ordskiftet og gir moglegheit for informerte avgjerder. SSB er ein kunnskapsorganisasjon med fagleg utfordrande arbeidsoppgåverog gode moglegheiter for utvikling. Vi har eit stort kontaktnett, ogsåinternasjonalt. Vi har 830 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, itillegg til intervjuarar over heile landet. Kompetente og motivertemedarbeidarar er avgjerande for at vi skal kunne nå målet om å vere den fremsteleverandøren av fakta om norske samfunnsforhold.
Sektor Offentlig Sted Akersveien 26, 0177 Oslo Bransje Offentlig administrasjon, IT, Annet Stillingsfunksjon Analyse, Annet
Nøkkelord Statistikk, IT-kunnskaper, programmering, analyse, statistikkproduksjon
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Lotte Rustad Thorsen Stillingstittel Seksjonssjef Telefon 40 20 07 72 Send melding
Søk her
Følg firma 1095 følger dette firmaet
Akersveien 26, 0177 Oslo Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.93 Økonomidata - Analyse - Næringsliv
0.93 Rådgiver/seniorrådgiver
0.92 Tenesteutviklar
0.91 Statistikkrådgiver (0280-2023-05)
0.91 Rådgiver
0.91 Rådgiver statistikk og analyse
0.90 Dataanalytiker
0.90 Faglig rådgiver GIS/IT
0.90 Rådgiver statistikk og analyse
0.90 Rådgiver - økonomi og styring
0.90 rådgiver/seniorrådgiver
0.90 Bedriftsøkonomisk rådgiver
0.90 Rådgiver
0.90 Vil du bli del av ein spanande og triveleg arbeidsplass?
0.90 Senioranalytiker
0.90 Leder, strategi og utvikling
0.90 Statsautorisert revisor/ revisormedarbeider
0.90 Rådgiver/Seniorrådgiver
0.90 Økonomi- og regnskapsmedarbeider
0.90 Vi søker rådgiver/seniorrådgiver til å jobbe med beredskap hos Statsforvalteren i Oslo og Viken
0.90 Rådgiver
0.90 Informasjonsrådgivar
0.90 Dataanalytiker
0.90 Regnskapsmedarbeider
0.90 Rådgiver innkjøp og avtaleforvaltning
0.89 Har du lyst til å jobbe med lønnsnær HR på UiB?
0.89 Intervjuer
0.89 Regnskapsfører
0.89 rådgiver/seniorrådgiver
0.89 Seniorkonsulenter/rådgivere
0.89 Seniorrådgiver informasjonssikkerhet og datastyring
0.89 Rådgiver / seniorrådgiver - rovvilt og beitebruk
0.89 Regnskapsrådgiver
0.89 Lønnsmedarbeider
0.89 Seniorrådgivar - barnehage og skole
0.89 Er du en selvstendig økonom med god helhetsforståelse?
0.89 Førstekonsulent/rådgiver
0.89 Spesialrådgiver
0.89 Seniorrådgiver sikkerhets- og beredskap, Folkeregisteret
0.89 Beredskapsrådgiver i Sikkerhetsstab
0.89 Seniorrådgiver statistikk og analyse
0.89 Regnskapsmedarbeider
0.89 Seniorrådgiver i Internasjonal Stab, Skattedirektoratet
0.89 Teknisk prosjektleder
0.89 Ønsker du å jobbe med regnskap og lønn for en solid eiendomsaktør?
0.89 Har du sosialfaglig kompetanse og et særlig engasjement for barnevern?
0.89 Spesialrådgiver/rådgiver
0.89 Arkivmedarbeider
0.89 Løsningsarkitekt klienttjenesten (PC, mobil, Mac, nettbrett)
0.89 Rådgiver i byggeprosesseksjonen
0.89 Anskaffelses rådgiver
0.89 Backendutviklere Oslo
0.89 Seksjonssjef
0.89 Leder - Business Intelligence
0.89 Vi søker rådgiver/seniorrådgiver (jurist) til sosialseksjonen hos Statsforvalteren i Oslo og Viken
0.89 Utvikler - Mo i Rana
0.89 Førstekonsulent/Rådgiver/Seniorrådgiver - Finansiell revisjon
0.89 Bedriftsrådgiver
0.89 Regnskap/Økonomi/Controller