Tenesteutviklar
Statistisk sentralbyrå
Kongsvinger
Tenesteutviklar
Arbeidsgiver
Statistisk sentralbyrå
Stillingstittel
Tenesteutviklar
Frist
23.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statistisk sentralbyrå
Seksjon for næringslivsundersøkingar har ansvar for å gjennomføre datainnsamling frå næringslivet. Innsamling skjer i hovudsak via eigenutvikla skjematenester på Altinn-plattforma, men seksjonen har òg eit auka fokus på innsamling frå nye datakjelder. Seksjonen søkjer nå etter ein medarbeidar som med sin kompetanse kan bidra med design og utvikling av nye datainnsamlingstenester. Vidareutvikling av Altinn gir rom for å kunne utvikle heilt nye innsamlingsdesign, og modernisering av SSB sine interne løysingar opnar opp for bruk av nye og moderne verktøy og metodar. Auka tilgang på data frå nye kjelder byr òg på mange spennande moglegheiter.
Hos oss får du vere med å
designe og utvikle tenester for datainnsamling frå næringslivetdelta som skjemautviklar i tverrfaglege team, som saman skal lage gode tenester i Altinnbidra i arbeidet med å designe og utvikle tenester for datafangst frå andre kjelder, til dømes tenester for innhenting av data ved bruk av APIbidra til at seksjonen jobbar etter ein felles utviklingsmetodikk og har god kvalitet på tenestene sine
Kva kompetanse er nødvendig?
bachelor eller tilsvarande innan informatikk/informasjonsteknologi/programmering eller anna relevant utdanning med innslag av IT og programmering i fagkretsenrelevant arbeidserfaring med bruk av verktøy som blir brukt ved utvikling av tenester for datainnsamling (C#/.NET Core, React/Javascript, Python mv.) blir vektlagderfaring med bruk av skytenester og API-grensesnitt er ønskeleggenerell kompetanse rundt UX-design og utvikling av skjemagrensesnitt er ønskelegerfaring frå DevOps og teamarbeid er ein fordelrelevant arbeidserfaring kan kompensere fora utdanningskravet
Vi ønskjer at du har
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskgode samarbeidsevnerevne til sjølvstendig tilnærming til arbeidetDu bør òg vereløysingsorientert og målrettasystematisk og leveringsdyktigomgjengeleg og motiverande for eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
løn som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar i lønsspenn frå kr 516 800 til 777 900 (ltr. 52-76) etter kvalifikasjonar. Høgare løn kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte. gode høve for utvikling, samarbeid og nettverksbygging. Vi har nytilsetteprogram, årleg hackathon og arrangement for fagleg deling på tvers.ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljøfleksitid, betalt overtid og sommartid i perioden 15. mai til og med 14. septembermedlemskap i Statens pensjonskasse, som betyr at du får ei av Noregs beste pensjonsordningar og moglegheit til å søkje om boliglån med gunstige vilkårhøve til å trene ein time per veke i arbeidstida, med treningsom i kontorlokalahyggelege lokale med moglegheit for parkering Verdt å merke seg:For at vi best mogleg skal kunne vurdere søknaden din, treng vi at du innan søknadsfristen registrerer relevant dokumentasjon i den elektroniske søkjeportalen (attestar, vitnemål osv.). For kandidatar som vi vurderer å tilsetje, kan vi utføre bakgrunnssjekk og kontroll av dokumentasjon.Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste, som kan bli gjort tilgjengeleg for dei som ber om innsyn i lista. Det er mogleg å få unntak frå å stå på denne søkjarlista. Då må du i så fall grunngi kvifor du ønskjer å få unntak. Vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.SSB skal vere ein god stad å jobbe for alle, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse framtidas oppgåver. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandrarbakgrunn vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer på stillinga. Det gir deg moglegheit for å få positiv særbehandling. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Dersom du har behov for særskild tilrettelegging, vil vi strekkje oss langt for å imøtekomme behovet ditt.
Om arbeidsgiveren
Statistisk sentralbyrå - tal som fortelStatistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for utvikling,utarbeiding og formidling av offisiell statistikk i Noreg. Statistikk, forskingog analyse frå SSB bidrar til innsikt om samfunnsutviklinga, dannar grunnlagfor det offentlege ordskiftet og gir moglegheit for informerte avgjerder. SSB er ein kunnskapsorganisasjon med fagleg utfordrande arbeidsoppgåverog gode moglegheiter for utvikling. Vi har eit stort kontaktnett, ogsåinternasjonalt. Vi har 830 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, itillegg til intervjuarar over heile landet. Kompetente og motivertemedarbeidarar er avgjerande for at vi skal kunne nå målet om å vere den fremsteleverandøren av fakta om norske samfunnsforhold.
Sektor
Offentlig
Sted
Otervegen 23, 2211 Kongsvinger
Bransje
IT,
Annet
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Utvikler (generell),
IT utvikling / Front-end,
Annet
Nøkkelord
datainnsamling, altinn, tjenesteutvikler, front-end
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Roger Jensen
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
93 24 78 49
Kontaktperson
Bente Hole
Stillingstittel
Seniorrådgivar
Telefon
94 50 84 32
Søk her
Følg firma
1097 følger dette firmaet
Otervegen 23, 2211 Kongsvinger
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto