Rådgiver prosjektøkonom (fast og vikariat)
Universitetet i Bergen
Bergen
Rådgiver prosjektøkonom (fast og vikariat)
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Rådgiver prosjektøkonom (fast og vikariat)
Frist
23.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Rådgiver prosjektøkonom (fast og vikariat)
Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Rådgjevar Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig 1 fast stilling (100%) og 1 vikariat (100%) som rådgjevar. Tilsetjing med oppstart så snart det let seg gjere. Vikariatet gjeld fram til sommaren 2024, og det kan vera aktuelt med forlenging.IGS er eit stort institutt ved UiB, særleg med høve på porteføljen av eksterne prosjekt. Instituttet har over 200 tilsette og ein administrasjon på om lag 24 personar, der økonomiseksjonen har 5 tilsette. Hos oss får du jobbe med spennande økonomiske utfordringar og prosjekt både nasjonalt og globalt innan samfunnsmedisin og global helse. Administrasjonen si oppgåve er å gje god administrativ støtte og oppfølging til den faglege verksemda, kor eksterne forskingsprosjekt er særs viktige. Vi forvaltar eit budsjett på over 215 millionar kroner, kor om lag 145 millionar kroner gjeld forskingsprosjekta våre.Dei nye rådgjevarane vil få ansvar for si eiga prosjektportefølje, og får vera med på å utvikle og byggje instituttet vidare. IGS husar fleire store senter, og aktiviteten er aukande. En god del av prosjekta er store, og ofte retta mot låginntektsland i Afrika og Asia. Dette stiller krav til gode kunnskapar og kommunikasjonsevner for prosjektøkonomane når det gjeld rapportering, overføring av midlar og generell kommunikasjon med partnerar. Prosjektøkonomane deltek og i prosjektmøter, både i Noreg og i visse høve i utlandet.Vi har eit godt arbeidsmiljø og treng deg for å oppfylla instituttet sin visjon: Betre helse, betre samfunn).Arbeidsoppgåver:Økonomistyring av ekstern- og internfinansierte prosjekter med ansvar for budsjettering, avviksanalysar, økonomirapportering og oppfølging av avvikStøtte og oppfølging knytt til prosjekta i ulike fasar: søknads-, kontrakts-, drifts- og avslutningsfaseStøtte og bistand i økonomispørsmål til vitskapleg tilsetteDialog med samarbeidspartar rundt økonomiske spørsmålDelta og bidra til utvikling og vedlikehald av interne rutinar, retningsliner og systemBestillingar og fakturabehandling for prosjekta, samt overføring av midlar til partnararSakshandsamingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysingKvalitetsutvikling innan økonomiområdetBidra til andre driftsoppgåver økonomiseksjonen har ansvar forKvalifikasjonar og eigenskapar:Søkjar må ha høgare utdanning på bachelor- eller masternivå, med økonomirelatert innhald. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanningRelevant erfaring frå økonomiarbeid er eit krav. Erfaring frå prosjektøkonomi og frå universitets-, høgskule- eller instituttsektoren er ei føremon.God forståing og erfaring frå alle prosessar i økonomiarbeid, særleg prosjektøkonomi, er ei føremonErfaring med budsjettering, rapportering og rekneskap, samt bruk av Excel som analyse- og rapporteringsverktøyGode analytiske eigenskaparEvne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg, både på norsk og engelskVi søkjer ein person somTrivst med å ha stort spenn i arbeidsoppgåver. Arbeid med budsjettering og rapportering krev at du er ryddig og har god gjennomføringsevne, og at du kan jobbe sjølvstendig, nøyaktig og målbevisst. I rolla som rådgjevar og støttespelar for tilsette og leiarar krevst det at du er proaktiv, og at du har ein høg grad av serviceinnstilling, samt gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Det er viktig at du er fleksibel og løysningsorientert, har stor arbeidskapasitet og trivst i ein travel arbeidskvardag.Har ei drivkraft til å gjera ein god jobb og likar å spele på lag med andreBidreg til vårt gode fellesskap og arbeidsmiljøI vårt val av kandidatar vil vi gjere ei heilskapleg vurdering av utdanning, motivasjon og andre kvalifikasjonskrav som kjem fram av annonseteksten.Vi kan tilby:Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljøLøn som rådgjevar (kode 1434) er for tida 615 700 - 667 700 (lønssteg 63 - 68). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.Medlemsskap i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/)Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til økonomikoordinator Siv Johnsen Eggereide, e-post siv.eggereide@uib.no, tlf: 55 58 68 43)Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen). (https://www.uib.no/foransatte/74251/ansettelsesprosessen)
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Årstadveien 17, 5018 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Økonomi og regnskap / Controller,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Universitetet i Bergen
Følg firma
1098 følger dette firmaet
Årstadveien 17, 5018 Bergen
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto