Stipendiat i nordisk språkvitskap

Universitetet i Stavanger
Stavanger
Stipendiat i nordisk språkvitenskap
Arbeidsgiver Universitetet i Stavanger Stillingstittel Stipendiat i nordisk språkvitskap Frist 01.11.2023 Ansettelsesform Engasjement
Bli kjent med Universitetet i Stavanger
Stipendiat i nordisk språkvitskap Om stillingaUniversitetet i Stavanger har ledig stilling som stipendiat i nordisk språkvitskap ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, Institutt for kultur- og språkvitskap.  Stillinga er ledig frå 01.01.2024.Dette er ei utdanningsstilling som i hovudsak skal gi lovande forskarar høve til til fagleg utvikling gjennom ei forskarutdanning. Stipendiaten vil verta teken opp på ph.d.-programmet i utdanningsvitskap og humaniora. Programmet omfattar relevante kurs i eit omfang som svarar til omkring eit halvt års studium, ei avhandling basert på sjølvstendig forsking, deltaking i nasjonale og internasjonale forskarmiljø, relevant fagleg formidling, prøveforelesing og disputas. Les meir om forskarutdanninga ved UiS på nettsidene våre.  (https://www.uis.no/nb/forskning/phd-utdanning-ved-uis) Stipendiaten vert tilsett for ein periode på tre år med rein forskarutdanning eller fire år med forskarutdanning og 25 % arbeidsplikt. Dette vert avklart i rekrutteringsprosessen.ForskningstemaNoreg har vore skildra som eit "dialektparadis", men mange av dei mest lokale særdraga i dialektane vert avslipte eller lagde bort. Me ser ei nivellering av talemålet der både bymål og standardmål - i tillegg til språkkontakt med utlandet ogso her til lands - kan vera katalysatorar i talemålsendringar. Likevel er det mykje i denne prosessen som me enno ikkje forstår godt nok. Her kan nemnast spørsmål som tilhøvet mellom eksterne og interne drivkrefter i endringane, kva rolle auka mobilitet og flytting, både innanfor og på tvers av landegrensene, spelar, og i kva grad lokale, regionale og til og med internasjonale identitetar har innverknad på omfanget, retninga og takta på endringane.  Fagområdet for stillinga er nordisk språkvitskap, med særleg fokus på talemål. Prosjekt innanfor sosiolingvistikk, dialektologi og fleirspråklegheit, og dessutan prosjekt som tek opp formelle/strukturelle spørsmål, er aktuelle for stillinga. Den som vert tilsett, vert tilknytt to nye forskingsinitiativ i faggruppa, "Rogaland i endring" og "Språkleg mangfald i Sørvest-Noreg". Her forskar ein mellom anna på korleis nyare tilflytting til Stavanger og omland frå andre delar av landet og frå utlandet verkar inn på regionen. Ei vinkling inn mot regionalt talemål vil difor vera ein føremon. Me har òg eit ynske om meir kunnskap om språk og språkendringar i Rogaland spesielt, slik at eit prosjekt kring talemål i Rogaland vil telja positivt. ProsjektskisseSom søkjar må du levera ei førebels prosjektskisse for eit doktorgradsprosjekt innanfor fagområdet, der det vert gjort greie for problemstilling, relevans, teoretisk- og metodisk tilnærming. Den foreløpige førebelse prosjektskissa vil inngå i kompetansevurderinga. I løpet av dei tre første månadene av tilsettingsperioden vil prosjektskissa og framdriftsplanen verta utvikla vidare i samarbeid med rettleiarane og utforma til den endelege planen for ph.d.-prosjektet. Mal for prosjektskisse finn du her. (https://www.uis.no/sites/default/files/2020-11/Prosjektbeskrivelse_mal.pdf)KvalifikasjonarDu må ha ein sterk fagleg bakgrunn med femårig mastergrad (3+2) innanfor nordisk språkvitskap eller liknande, eller ha tilsvarande utdanning som gir grunnlag for å gjennomføra ei forskarutdanning, helst av nyare dato.Dersom karakteren din på masteroppgåva og vekta gjennomsnittskarakter på masterstudiet begge kvar for seg svarer til B eller betre, er du den me søkjer etter.Dersom du har ei utdanning frå ein institusjon med annan karakterskala enn A-F, og/eller med andre typar studiepoeng enn sp/ECT, må du leggja ved ein stadfesta konverteringsskala som viser korleis karakterane kan samanliknast med den norske A-F skalaen og eit Diploma Supplement eller liknande som forklarer omfanget av emna/faga som inngår i utdanninga. Du kan bruka desse konverteringsskalaene for å rekna poenga dine for opptak (https://www.uis.no/nb/omregning-av-karaktersystem) Vidare vert det lagt vekt på at du:har gode ferdigheiter i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk), både skriftleg og munnleger motivert, og har potensial for forsking innanfor fagfeltethar faglege og personlege føresetnader for å gjennomføra doktorgradsutdanninga innan tilsettingsperiodenkan arbeida sjølvstendig og i ein fellesskap, vera nytenkjande og kreativer strukturert og har stor arbeidskapasitethar gode ferdigheiter i engelsk, både skriftleg og munnlegKrav til kompetanse i engelskGode evner i engelsk er naudsynt for å delta i doktorgradsprogrammet. Internasjonale søkjarar må dokumentera at dei har gjennomført ein av følgjande testar med det påkravde resultat eller betre:•    TOEFL - Test of English as a Foreign Language, Internet-Based Test (IBT). Minimum resultat: 90•    IELTS - International English Language Testing Service. Minimum resultat: 6.5•    Certificate in Advanced English (CAE) og Certificate of Proficiency in English (CPE) frå Universitetet i Cambridge•    PTE Academic - Pearson Test of English Academic. Minimum resultat: 62Følgjande søkjarar er fritekne frå krava:•    søkjarar med eit års fullført universitetsstudium i Australia, Canada, Irland, New Zealand, Storbritannia, USA•    søkjarar med International Baccalaureate (IB) diplom•    søkjarar med fullført bachelor- og/eller mastergrad med engelsk som undervisningsspråk i et EU-/EØS-land Vi tilbyrforskarutdanning i varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdragein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljøkollegabasert rettleiingsprogram (NyTi) dersom du skal undervisaløn etter Statens lønsregulativ l.pl 17.515, kode 1017, kr  575.400 bto pr år med lønsutvikling etter ansiennitet i stillinga. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.medlemskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) sikrar gode pensjons- og forsikringsordningarmeir om tilsettgode og fordelar (http://www.uis.no/nb/ny-ved-uis) på uis.no MangfaldVerdiane til universitetet er å vera uavhengig, involverande og skapande. Me vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptekne av å visa respekt for kvarandre sine ulikskapar og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om  naudsynt verta lagd til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Dersom du vurderer stillinga som interessant, oppmodar me deg til å søkja uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ein periode.KontaktinformasjonSpørsmål om stillinga og forskingsprosjektet kan rettast til prosjektleiar David A. Natvig, tlf: 51 83 15 73, e-post: david.a.natvig@uis.no eller til instituttleiar Kjetil Vikhamar Thengs, tlf 51 83 13 37, e-post: kjetil.v.thengs@uis.no .Spørsmål om tilsettingsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Annette Lothe Molnes, e-post: annette.l.molnes@uis.no.SøknadSøk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her bed me deg om å registrera minimum søknadsbrev , relevant utdanning, arbeidserfaring og språkevner. I søknadsbrevet må du få fram forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søke stillinga.Følgande vert lasta opp som vedlegg til søknaden :•    prosjektskisse, mal tilgjengeleg på nettsidene våre  (https://www.uis.no/sites/default/files/2020-11/Prosjektbeskrivelse_mal.pdf)•    CV med fullstendig oversikt over utdanning og erfaring•    vitnemål og attestar, og dokumentasjon på annan aktivitet som du vurderer som relevant•    Diploma Supplement eller liknande og konverteringsskala dersom dette er påkravd•    Dokumentasjon på kompetanse i engelsk språk dersom dette er påkravd•    publikasjonar eller anna relevant forskingsarbeidSøknaden vil bli vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kriteria som det er skrive om over og at du har lagt ved naudsynt dokumentasjon.Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før dei vert lasta opp.Me gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. (https://lovdata.no/lov/2006-05-19-16/§25) Derson oppfordringa di ikkje vert teken omsyn til vil du bli verta om dette. UiS vurderer berre søknader og vedlegg registrert i Jobbnorge.Generell informasjonTilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i statstilsettelova, og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester.  Tilsetjing som stipendiat er regulert i Forskrift om tilsetjingsvilkår for stillingar som postdoktor, stipendiat, vitskapleg assistent dessutan spesialistkandidat. (http://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-01-31-102)Kompetansen din for stillinga, ut frå utdanning og prosjektskisse registrert i Jobbnorge, verta vurdert av ein intern komité. På bakgrunn av fråsegna frå komiteen vil aktuelle søkjarar verta inviterte til intervju. Det vil òg verta innhenta referansar for aktuelle kandidatar. Meir om tilsetjingsprosessen på nettsidene våre. Studiet vert i hovudsak gjennomført ved Universitetet i Stavanger, med unntak av eit avtalt avtala opphald i utlandet ved eit anerkjent, relevant forskingsmiljø.Det er ein føresetnad at den som vert tilsett, buset seg slik at vedkommande kan vera til stades ved, og tilgjengeleg for fagmiljøet på arbeidsplassen i ordinær arbeidstid. Stillinga er kunngjort på både norsk og engelsk. Ved  meiningsskilnad mellom tekstane skal den norske teksten leggjast til grunn.
Om arbeidsgiveren Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Me skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarleg utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med tretten institutt og to nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Me er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar.  Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyd ei rekkje spennande kultur- og fritidsaktivitetar.Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora er den viktigaste institusjonen i regionen for utdanning av lærarer til barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, høgskule og universitet. Fakultetet tilbyr også grunnutdanning innanfor språk, religion, historie, samt åtte masterprogram og to doktorgradsutdanningar. Fakultetet har ein nasjonal posisjon innanfor forsking og undervisning i lese- og skrivevanskar og åtferdsvanskar gjennom Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) og Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret). Fakultetet samarbeider med Utdanningsdirektoratet, kommunar og fylke om etter- og vidareutdanning.Totalt har fakultetet om lag 3.000 studentar og 320 tilsette fordelte på fakultetsadministrasjonen, Institutt for barnehagelærarutdanning, Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk, Institutt for kultur- og språkvitskap, Lesesenteret, Læringsmiljøsenteret og Kunnskapssenter for utdanning.Institutt for kultur- og språkvitskap har ansvar for universitetets nye lektorutdanning for trinn 8-13 og praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet tilbyr óg utdanningar innanfor nordisk, engelsk, religion, historie, norsk for internasjonale studentar i tillegg til mastergradsutdanningar i historiedidaktikk, lesevitskap og Literacy Studies. I samarbeid med andre einingar ved fakultetet blir det gitt tilbod om doktorgradsutdanning i lesevitskap/Literacy Studies. Det er i dag 60 tilsette og 1100 studentar ved instituttet.
Sektor Offentlig Sted Ullandhaug, 4036 Stavanger Bransje Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon Stillingsfunksjon Forskning/Stipendiat/Postdoktor
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Ingen kontakperson oppgitt
Søk her
Følg firma 1063 følger dette firmaet
Ullandhaug, 4036 Stavanger Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.96 Stipendiat i kjønnsstudier
0.96 Stipendiat i matematikk
0.93 Stipendiat
0.93 Stipendiat i universitetspedagogikk
0.93 Stipendiatstilling i yrkesdidaktikk
0.93 Stipendiat i rettsvitenskap
0.92 Stipendiat innan matematikkdidaktikk
0.92 Ph.d.- Stipendiat i anvendt økologi
0.92 Førsteamanuensis i spesialpedagogikk/ utdanningsvitenskap/ lesevitenskap
0.92 Stipendiatstilling i matematikk/matematikkdidaktikk
0.92 Stipendiat innen kvantitativ helse- og omsorgstjenesteforskning
0.92 Forskar (mellombels)
0.91 Stipendiat
0.91 Stipendiat innen klinisk voksenpsykologi
0.91 Stipendiat i areal og eiendom
0.91 Stipendiat i profesjonsvitenskap med fokus på kroppsøving og pedagogikk - Levanger
0.91 Stipendiat
0.91 Postdoktor
0.91 Stipendiat i arkeologi
0.91 Førsteamanuensis/førstelektor/ universitetslektor i pedagogikk/spesialpedagogikk/ psykologi
0.91 Førsteamanuensis/førstelektor i bedriftsøkonomiske fag
0.91 Stipendiatstilling innen utdanningsrelatert forskning og teoretisk kunnskapsutvikling i sosialt arbeid
0.91 Førsteamanuensis/ universitetslektor i rettsvitenskap
0.91 Doktorgradsstipendiat i kunstnerisk utviklingsarbeid innen regi ved avdeling Teaterhøgskolen
0.91 Stipendiat i maritim organisatorisk sikkerhet
0.91 Forsker
0.90 Booking- og salskonsulent
0.90 Studieveileder
0.90 Rådgjevar
0.90 Førsteamanuensis/førstelektor/ universitetslektor i pedagogikk/spesialpedagogikk/ psykologi
0.90 Avdelingsleder UniPed
0.90 Førsteamanuensis i teatervitskap
0.90 Seniorrådgjevar
0.90 Førsteamanuensis i organisasjon og ledelse
0.90 Forsker ved Klinisk institutt 2
0.90 Rådgiver innen prosjektstøtte
0.90 Professor/førsteamanuensis i sakprosa
0.90 Professor/Dosent/Førsteamanuensis/førstelektor i psykisk helse og rusarbeid
0.90 Førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i norsk
0.90 Doktorgradsstipendiater 2024
0.90 Doktorgradsstipendiat i kunstnerisk utviklingsarbeid innen klesdesign og kostymedesign avd. Design
0.90 Rådgjevar / Seniorrådgjevar innan internasjonalisering
0.90 Professor/Førsteamanuensis i skrivekunst
0.90 Instituttleder for estetiske fag
0.90 Driftsteknikar (med fagbrev)
0.90 Seniorkonsulent ved Seksjon for lønn
0.90 Rådgiver internasjonalisering
0.90 Ph.d stilling - Digitale helsetjenester til personer med samtidige sykdommer
0.89 Studieveileder
0.89 Postdoktor
0.89 Førsteamanuensis/universitetslektor (50 %) i medisin (fagkoordinator kirurgi, Vestlandslegen)
0.89 Mellombels forskar
0.89 Avdelingsleder
0.89 Stipendiat tilknyttet prosjektet "Akutt nyreskade"
0.89 Har du lyst til å jobbe med lønnsnær HR på UiB?
0.89 Førsteamanuensis/førstelektor i pedagogikk
0.89 IT-prosjektleiar (seniorrådgjevar)
0.89 Førsteamanuensis i allmenn litteraturvitenskap
0.89 Lærer i norsk