Førstekonsulent/rådgivar

Nærings- og fiskeridepartementet
Oslo
Førstekonsulent/rådgivar til Havbruksavdelinga, Seksjon for havbruksforvaltning
Arbeidsgiver Nærings- og fiskeridepartementet Stillingstittel Førstekonsulent/rådgivar Frist 29.10.2023 Ansettelsesform Fast
Bli kjent med NÆRINGS- OG FISKERIDEPARTEMENTET
Førstekonsulent/rådgivar i Havbruksavdelinga, Seksjon for havbruksforvalting Om avdelingaHavbruksnæringa er ei av Noregs viktigaste eksportnæringar, og betyr mykje for verdiskaping og aktivitet langs heile kysten. Havbruksavdelinga har i overkant av 20 tilsette, og her får du jobbe med forvalting og utvikling av denne framtidsretta næringa. Seksjon for havbruksforvalting skal utvikle og forvalte rammeverket for etablering og operasjonell drift av havbruksaktivitet, mellom anna innsatsfaktorar, miljøtilhøve og berekraft i havbruksnæringa som rømming, forureining og utslepp, fiskehelse og -velferd, teknologi, fôr og GMO. Seksjonen arbeider og med areal- og plansaker i sjøområda.ArbeidsoppgåverSeksjon for havbruksforvaltning søkjer etter ein person som skal arbeide med saker på mellom anna miljøpåverking frå havbruk, avhengig av bakgrunn og erfaring. Tilsettinga skal styrke seksjonen sin kapasitet og kompetanse, og stillinga vil til dømes handle om å leggje til rette for biologisk/økologisk berekraftig vekst, og auka dyrevelferd i havbruksnæringa. Du vil ha tett fagleg kontakt med mellom anna Mattilsynet, Fiskeridirektoratet, miljømyndigheitene og relevante forskingsmiljø. I tillegg vil du hjelpe til med førebuing av saker, møter og reiser for den politiske leiinga i departementet, og du kan og verte sett til eit stort spenn av oppgåver på avdelinga sitt område.Kvalifikasjonar og personlige eigenskaparVi søkjer deg som har følgjande bakgrunn og eigenskapar:Vi søkjer ein person med stort engasjement og interesse for havbruksnæringa. Du har  kompetanse på masternivå eller høgare innan marinbiologi eller anna relevant livsvitskap eller realfag. Søkjar bør ha godt utvikla evne til å tenkje sjølvstendig og kome med nye idear, og vi legg og vekt på interesse for havbruksnæringa som ein av Noregs bærande framtidsnæringar. Kjennskap til næringa og dei relevante kunnskapsmiljøa er ein fordel. Du må ha god evne til å utrykke deg skriftleg og munnleg, og bør ha gode engelskkunnskapar. Du må vere triveleg og samarbeidsvillig som kollega, vere klok og analytisk, ha høg arbeidskapasitet, tole stress og ha evne til å gjennomføre. Relevant erfaring er naudsynt for tilsetting som rådgivar.Personleg eignaheit vil bli lagt stor vekt på.Vi tilbyrfast stilling som førstekonsulent/rådgivarlønsplassering ut frå kvalifikasjonar og erfaring innan spennet som førstekonsulent kr 530 000 per år og som rådgivar kr 550 000 - 700 000 per årinteressante, utfordrande og nyskapande arbeidsoppgåver i eit aktivt og engasjert arbeidsmiljøkompetanseutvikling og fagleg oppdateringfleksibel arbeidstidsordning og betalt overtidhøve til trening i arbeidstidagod pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse  (https://www.spk.no/)kontorstad: Kongens gate 8, i Oslo sentrum, men vi legg også til rette for heimekontorPraktisk informasjonNærare opplysningar kan ein få ved å ta kontakt med avdelingsdirektør Vegard Haukeland på tlf. 92 61 66 15.Ein kan sende elektronisk søknad via lenka "Søk stillinga" på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må ein fylle inn i det elektroniske skjemaet og vitnemål og attestar må leggjast ved.Søknadsfrist er 29. oktober 2023.AnnetMe gjer merksam på at jfr. offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.Søkjarar som opplyser at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, gjer vi merksam på at denne opplysninga kan bli brukt til statistikkføremål i samband med regjeringa si inkluderingsdugnad dersom vedkommande blir tilsett.
Om arbeidsgiveren Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har som mål å forme ein heilskapleg næringspolitikk som legg til rette for omstilling og som bidreg positivt til samla verdiskaping. Det inneber at vi jobbar for å skape fleire grøne og lønsame arbeidsplassar, styrke investeringane på fastlandet, auke eksporten utanom olje og gass, samt kutte klimagassutsleppa. Andre ansvarsområde er næringsrelevant forskings- og innovasjonspolitikk, konkurransepolitikk og handelspolitikk. NFD forvaltar staten sine eigardelar i ei rekkje selskap og har mange etatar og verksemder under seg.Departementet har ca. 360 tilsette. Les meir på www.regjeringen.no/dep/nfdVi i NFD ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiva for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søke og vil leggje til rette for medarbeidarar som eventuelt har behov for det. Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn.
Sektor Offentlig Sted Kongensgate 8, 0153 Oslo Bransje Offentlig administrasjon, Annet Stillingsfunksjon Saksbehandler, Biolog
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Ingen kontakperson oppgitt
Søk her
Følg firma 635 følger dette firmaet
Kongensgate 8, 0153 Oslo Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.97 Førstekonsulent/rådgivar i Havbruksavdelinga, Seksjon for havbrukspolitikk- og økonomi
0.92 Førstekonsulent/rådgiver
0.92 Seksjonssjef
0.91 Førstekonsulent/rådgiver
0.91 Førstekonsulent
0.91 Siviløkonom/ samfunnsøkonom/ statsviter
0.91 Seksjon for berekraftige produkt søker førstekonsulent/rådgjevar
0.91 rådgiver/seniorrådgiver
0.91 rådgiver/seniorrådgiver
0.91 Seksjonssjef
0.91 Førstekonsulent/rådgiver (fast stilling og engasjement)
0.91 Seniorrådgiver
0.91 Fagkonsulent
0.91 Dyktige økonomer med interesse for skatt
0.91 Leder for seksjon for fisk og vann
0.91 Saksbehandler/Konsulent
0.90 Førstekonsulent/Seniorkonsulent
0.90 To førstekonsulenter
0.90 Rådgiver/spesialkonsulent
0.90 Er du en god makroøkonom med lyst til å påvirke innretningen av finanspolitikken?
0.90 Rådgjevar/seniorrådgjevar - forureining
0.90 Rådgiver
0.90 Rådgiver
0.90 Rådgiver/seniorrådgiver
0.90 Rådgiver / seniorrådgiver - rovvilt og beitebruk
0.90 Fagkonsulent
0.90 Informasjonsrådgivar
0.90 Førstekonsulent/rådgiver
0.90 Rådgiver
0.90 Konsulent
0.90 Rådgiver kompetanse- og næringsutvikling
0.90 Overingeniør/senioringeniør
0.90 Nærmiljøkonsulent
0.90 Seniorrådgiver/fagdirektør
0.90 Konsulent kontorfag
0.90 Rådgiver
0.90 Overingeniør / senioringeniør / sjefingeniør / rådgiver / seniorrådgiver
0.90 Førstekonsulenter for internasjonale utvekslingsstudenter
0.90 Rådgjevar
0.90 Næringsrådgjevar
0.90 Rådgivar/seniorrådgivar - miljøoppfølging næringsliv
0.90 Førstekonsulent
0.90 Spesialkonsulent friluftsliv
0.90 Barnevernkonsulent
0.90 HR-konsulent
0.90 Fiskehelsekonsulent/Seniorrådgiver
0.89 HR-konsulent/ -rådgiver
0.89 Fagkonsulent på avdeling undersøkelse og tiltak i barneverntjenesten
0.89 Rådgiver/seniorrådgiver
0.89 Førstekonsulent (sko 1408) utlegg/tvangsfullbyrdelse
0.89 Avdelingsdirektør
0.89 Boligkonsulent
0.89 Jurist
0.89 Røkter - akvakultur landanlegg
0.89 Utvikling av lokalsamfunn - rådgjevar/seniorrådgjevar
0.89 Rådgiver - viltforvaltning
0.89 Seniorrådgiver
0.89 Leder for Klagesaksenheten
0.89 1087 overingeniør