Førstekonsulent/rådgivar i Havbruksavdelinga, Seksjon for havbrukspolitikk- og økonomi
Nærings- og fiskeridepartementet
Oslo
Nærings- og fiskeridepartmentet søkjar
Arbeidsgiver
Nærings- og fiskeridepartementet
Stillingstittel
Førstekonsulent/rådgivar i Havbruksavdelinga, Seksjon for havbrukspolitikk- og økonomi
Frist
29.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med NÆRINGS- OG FISKERIDEPARTEMENTET
Førstekonsulent/rådgivar i Havbruksavdelinga, Seksjon for havbrukspolitikk- og økonomi
Om avdelingaHavbruksnæringa er ei av Noregs viktigaste eksportnæringar, og betyr mykje for verdiskaping og aktivitet langs heile kysten. Havbruksavdelinga har i overkant av 20 tilsette, og her får du jobbe med forvalting og utvikling av denne framtidsretta næringa. Seksjon for havbrukspolitikk og -økonomi har ansvar for ein næringspolitikk som legg til rette for lønnsame arbeidsplassar og å realisere havbruksnæringa sitt verdiskapingspotensiale. Hos oss får du brynt deg på avvegingar mellom næringsutvikling og miljø, og på kryssingspunktet mellom fag og politikk.ArbeidsoppgåverSeksjon for havbrukspolitikk og -økonomi søkjer etter ein person som skal arbeide med eit breitt spekter av oppgåvene på seksjonen. Sentrale oppgåver for stillinga vil vere utvikling av juridiske rammevilkår og gjennomføring av næringspolitikken på havbruksområdet, gjennom utarbeiding av stortingsmeldingar, lovforslag, forskrifter, høyringsnotat mv. Nærings- og fiskeridepartementet er også klageorgan for vedtak som blir fatta i mellom anna Fiskeridirektoratet, så klagesaksbehandling må også påreknast. I tillegg vil du hjelpe til med førebuing av saker, møter og reiser for den politiske leiinga i departementet.Kvalifikasjonar og personlige eigenskaparVi søkjer deg som har følgjande bakgrunn og eigenskapar:Vi søkjer ein person med norsk juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med godt resultat. Interesse for forvaltningsrett og statsforfatningsrett er ein fordel. Dubør ha godt utvikla evne til å tenkje sjølvstendig og kome med nye idear, og vi legg og vekt på interesse for havbruksnæringa som ein av Noregs bærande framtidsnæringar. Kjennskap til næringa og dei relevante kunnskapsmiljøa er ein fordel. Du må ha god evne til å utrykke deg skriftleg og munnleg, og bør ha gode engelskkunnskapar. Du må vere triveleg og samarbeidsvillig som kollega, vere klok og analytisk, ha høg arbeidskapasitet, tole stress og ha evne til å gjennomføre. Relevant erfaring er naudsynt for tilsetting som rådgivar.Personleg eignaheit vil bli lagt stor vekt på.Vi tilbyrfast stilling som førstekonsulent/rådgivarlønsplassering ut frå kvalifikasjonar og erfaring innan spennet som førstekonsulent kr 530 000 per år og som rådgivar kr 550 000 - 700 000 per årinteressante, utfordrande og nyskapande arbeidsoppgåver i eit aktivt og engasjert arbeidsmiljøkompetanseutvikling og fagleg oppdateringfleksibel arbeidstidsordning og betalt overtidhøve til trening i arbeidstidagod pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/)kontorstad: Kongens gate 8, i Oslo sentrum, men vi legg også til rette for heimekontor Praktisk informasjonNærare opplysningar kan ein få ved å ta kontakt med avdelingsdirektør Kjersti Vartdal på tlf. 98 02 10 13.Ein kan sende elektronisk søknad via lenka "Søk stillinga" på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må ein fylle inn i det elektroniske skjemaet og vitnemål og attestar må leggjast ved.Søknadsfrist er 29. oktober 2023.AnnaVi gjer merksam på at jfr. offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.Søkjarar som opplyser at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, gjer vi merksam på at denne opplysninga kan bli brukt til statistikkføremål i samband med regjeringa si inkluderingsdugnad dersom vedkommande blir tilsett.
Om arbeidsgiveren
Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har som mål å forme ein heilskapleg næringspolitikk som legg til rette for omstilling og som bidreg positivt til samla verdiskaping. Det inneber at vi jobbar for å skape fleire grøne og lønsame arbeidsplassar, styrke investeringane på fastlandet, auke eksporten utanom olje og gass, samt kutte klimagassutsleppa. Andre ansvarsområde er næringsrelevant forskings- og innovasjonspolitikk, konkurransepolitikk og handelspolitikk. NFD forvaltar staten sine eigardelar i ei rekkje selskap og har mange etatar og verksemder under seg.Departementet har ca. 360 tilsette. Les meir på www.regjeringen.no/dep/nfdVi i NFD ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiva for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søke og vil leggje til rette for medarbeidarar som eventuelt har behov for det. Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn.
Sektor
Offentlig
Sted
Kongensgate 8, 0153 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon,
Annet
Stillingsfunksjon
Jurist,
Saksbehandler
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Søk her
Følg firma
635 følger dette firmaet
Kongensgate 8, 0153 Oslo
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto