Avdelingsdirektør
Klima- og miljødepartementet
Oslo
Vi søkjer leiar i skjeringspunktet klima, energi, natur, næring og finans
Arbeidsgiver
Klima- og miljødepartementet
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Frist
29.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med KLIMA- OG MILJØDEPARTEMENTET
Avdelingsdirektør
Kva gjer vi i seksjonen?Seksjonen har tre hovudområde: energiomstilling, berekraftig næringsliv og berekraftig finans. Seksjonen har ansvaret for statsføretaket ENOVA, koordinerer departementet sitt arbeid med skatt og avgift inkludert CBAM, og har mellom anna ansvar for arbeidet med klimarisiko, rettferdig omstilling, EU taksonomien, havvind og klimapartnarskap. Dine arbeidsoppgåver vil vere:Seksjonen treng ein fagleg sterk, samarbeidsorientert og samlande leiar med høg kapasitet. Seksjonen jobbar med store samfunnsutfordringar som involverer samarbeid og koordinering med andre avdelingar og på tvers av departementa, særleg Nærings- og fiskeridepartementet, Finansdepartementet og Olje- og energidepartementet.Du vil vere ein del av leiargruppa i avdelinga og jobbe tett opp mot politisk leiing. Du vil ha personalansvar for tolv tilsette.Dine arbeidsoppgåver:personalansvar, oppfølging og utvikling av medarbeidarane dine. Styrke og utvikle samarbeid med andre avdelingar i KLD og andre departement.Utvikle og få gode resultat innanfor avdelinga sine ansvarsområde og prioriteringar. Vi søker deg som har følgande bakgrunn:Mastergrad med gode karakterar, gjerne innanfor samfunnsøkonomi.Relevant erfaring, minimum fem år, frå eit eller fleire av dei tematiske områda seksjonen jobbar med. Relevant erfaring frå å leie komplekse og samansette prosessar i offentleg forvaltning eller kunnskapsinstitusjonar Særs god evne til å skrive og snakke på norsk og engelsk.Vidare er det ønskeleg at du har: Erfaring som leiar med personalansvar.Departementserfaring, ikkje nødvendigvis på leiarnivå.Stillinga er eit embete. Det forutsett at du har norsk statsborgarskap.Du må kunne autoriserast for tilgang til informasjon gradert BEGRENSET etter sikkerheitsloven. Se nsm.noFor å lukkast i stillinga:Vi ønskjer ein resultatorient seksjonsleiar med god rolleforståing som er god på å koordinere og samarbeide på tvers, som har god fagleg oversikt og som kan leie medarbeidarane i ei trygg og tydeleg retning.Noko som betyr at du:trivast med ein travel kvardag, og har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevnehar leiareigenskapar som gjer at du evnar å motivere, sjå og tryggje dine medarbeidararforstår rolla som del av embetsverket kring den politiske leiinga i eit departementer god på å tenke strategi, er fagleg sterk og har eit heilheits blikk.sørger for framdrift og sikrar leveransar med høg kvalitetKvifor skal du jobbe hos oss:Du får ha ei leiande rolle i departementet sitt arbeid i skjeringspunktet mellom klima- og miljø, næring, energi og finans. Du vil vere med å utvikle sentrale verkemiddel for vegen til lågutsleppssamfunnet.Du får ein unik moglegheit til å bidra med faglege råd for politisk leiing.Vi har eit fellesskap med engasjerte kollegaer som er stolte av jobben sin.Klima- og miljødepartementet gir gode utviklingsmoglegheiter.Vi kan tilby mange sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert 1 1/2 time trening i arbeidstida i uka. Vi har fleksibel arbeidstid tilpassa ulike fasar i livet, og pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse.Vi er opptekne av:Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng derfor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet og som tar i bruk potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Vi arbeider for å inkludere persona med nedsett funksjonsevne og/eller som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport, og vi har gode tilretteleggingsmoglegheiter.Lønn:Årslønn frå kr 966 300 til kr 1.102 200 (lønnstrinn 84 - 89). For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare lønn vurderast.Er dette stillinga for deg? Les følgjanda:Vi ber om at du laster opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.Utanlandske vitnemål må vere NOKUT godkjent. Godkjenninga blir vedlagd.Personalopplysningane dine vil bli tatt vare på i samsvar med GDPR.Det blir gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om å vere unnateken frå søkarlista. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand.Kvalifiserte kandidatar med ulik arbeids- og livserfaring blir oppmoda til å søke.Alle som vurderer å søkje blir oppfordra til å kontakte ekspedisjonssjef Torstein Lindstad for ein uforpliktande samtale. Han kan kontaktast på telefon 92658681.
Om arbeidsgiveren
Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i regjeringa sin klima- og miljøpolitikk. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Enova, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk kulturminnefond, Norsk Polarinstitutt Riksantikvaren og Svalbards miljøvernfond, og har om lag 250 tilsette.Departementet er delt inn i seks avdelingar. Denne stillinga tilhøyrar berekraft- og omstillingsavdelinga. Avdelinga har ansvaret for å utvikle politikken for klima- og miljøkunnskap, økonomisk utvikling og grøn omstilling. Avdelinga har eit ansvar for tropisk skog og multilateralt arbeid.
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Kongens gate 18-20, 0153 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse
Nøkkelord
ledelse, bærekraft, omstilling, fornybar, energi
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Søk her
Følg firma
1070 følger dette firmaet
Kongens gate 18-20, 0153 Oslo
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto