Prosjekt- og byggjeleiar

Kvam herad
Norheimsund
Prosjekt- og byggjeleiar
Arbeidsgiver Kvam herad Stillingstittel Prosjekt- og byggjeleiar Frist 31.10.2023 Ansettelsesform Fast
Kvam herad har gjennom fleire år gjort gode investeringar i nye barnehagar, skular og helse- og omsorgsbygg. No søkjer me ein dyktig og engasjert prosjekt- og byggjeleiar til gjennomføring av nye byggeprosjekt i kommunen.Stillinga inngår i avdelinga FDV-Bygg, som saman med Kvam brann- og redning, Fellessekretariat og Kommunalteknikk VAV, utgjer Eining for teknisk og informasjon i kommunen. Arbeid i prosjekta vil føregå i samarbeid med dyktige fagfolk, prosjektmedarbeidarar og øvrige prosjekt- og byggjeleiarar både innad i avdelinga og kommunen elles.Som vår nye prosjekt- og byggjeleiar vil du i første omgang får ansvar for realiseringa av nye Øystese skule. Barneskulen er planlagt for i overkant av 300 elevar, og skal leggja til rette for å vera ein samlingsstad både i og utanfor skulen sine opningstider.
Arbeidsoppgåver Delta i utforming av konkurransegrunnlag og konkurransegjennomføringAnsvarleg for kvalitet, framdrift, økonomi og HMS i tråd med prosjektbestillingFinna gode løysingar og ta avgjerd ut frå økonomiske rammer, politiske vedtak, fullmakter og mål i prosjektaAnsvar for dokumentasjon før, under og etter prosjektAnsvar for prosjektevaluering og eventuell oppfølging av manglar i ettertidAnsvar for rapportering, inkludert ansvar for å melda og avklare avvik med næraste leiarDet formelle ansvaret i høve offentlege etatar, naboar og andre som vert råka av prosjektgjennomføringaDiverse sakshandsaming knytt til prosjekta og andre arbeidsoppgåver innan prosjektstyring eller drift
Kvalifikasjonar Me søkjer deg som har relevant prosjektbakgrunn innan bygg, men erfaring frå anleggsprosjekt kan også vera aktuelt. Aktuell utdanningsbakgrunn kan vera som ingeniør eller sivilingeniør. Søkjarar med lang og relevant prosjekterfaring vert også vurderte. I tillegg ynskjer me at du har følgjande kvalifikasjonar: • Erfaring i handtering av medverknadsprosessar for brukarar, interessegrupper mm.• Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg• Gode datakunnskaper. Du må vera oppdatert på nyare dataverktøy for teikningsgrunnlag, modellering, planlegging og prosjektoppfølging• Oppdatert kunnskap om fagrelatert lovverk, tekniske forskrifter og norske standardar• God kjennskap til byggherreregelverket og HMS-krav• Me ynskjer at du har kjennskap til konkurranseregelverk og konkurransegjennomføring i offentleg sektor• Det er positivt om du har kjennskap til berekning av livssykluskostnadar, klimarekneskap, BREEM og eller andre miljøsertifiseringar
Personlege eigenskapar Me ynskjer at du:• Har svært gode samarbeids- og kommunikasjonsevner• Er kundeorientert og ein god relasjonsbyggjar• Arbeider strukturert, er fagleg engasjert og tydeleg• Er proaktiv, løysingsorientert og forviten• Ynskjer ansvar og har eit ynskje om å utvikla deg gjennom jobben
Vi tilbyr • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver• Eit godt fagmiljø med mange ulike yrkesgrupper representert • Stor variasjon i arbeidsoppgåver og høve til å vera med å forma stillinga• Løns- og arbeidsvilkår etter nærare avtale• Trivelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø• Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningarGenerell informasjonDen kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Om arbeidsgiveren Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva bygda med bypuls , handlegate, strandveg og bystrand. Les meir
Sektor Offentlig Lederkategori Fagleder Sted Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund Bransje Bygg og anlegg, Offentlig administrasjon Stillingsfunksjon Prosjektledelse, Ingeniør
Nøkkelord Ingeniør;Sivilingeniør;Prosjektstyring;Saksbehandling;Ny, barneskule;Norheimsund;Hardanger
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Lars Ese Ur Stillingstittel Teknisk sjef Telefon 97 95 50 54 Kontaktperson Stein Rykkje Stillingstittel Leiar FDV bygg Telefon 41 44 02 85
Søk her
Hjemmeside Flere stillinger fra Kvam Kommune
Følg firma 48 følger dette firmaet
Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.94 Prosjektleiar
0.94 Prosjektleder
0.93 Prosjektleder/byggeleder
0.93 Avdelingsleder
0.93 Innkjøpskonsulent
0.93 Prosjektleder
0.92 Prosjekteringsleder
0.92 Prosjektleder
0.92 Prosjektleder for utbyggingsprosjekter
0.92 Prosjektleder
0.92 Byggeleder Prosjektenheten
0.92 Prosjektleder til Kirkenes
0.92 Prosjektleder
0.92 Prosjektleiar
0.92 Prosjektleder
0.92 Prosjektledelse for prosjekt NTNU Campussamling
0.92 Rådgiver
0.92 Prosjektleder
0.92 Prosjektleder Bygg
0.92 Prosjektleder drift
0.92 FDV koordinator
0.92 Prosjektleder
0.92 Prosjektsjef / Prosjektleder
0.92 Byggeleiar støytiltak
0.91 Byggeleiar-vegvedlikehald
0.91 Prosjektleder
0.91 to prosjektstillingar
0.91 PROSJEKTLEDER NÆRINGSBYGG
0.91 Byggesaksleder
0.91 Plan- og byggesaksjef
0.91 Prosjektleder
0.91 Rådgiver i byggeprosesseksjonen
0.91 Byggeleder byggfag
0.91 Prosjektleder
0.91 Prosjektleder
0.91 Leder prosjekt og utvikling
0.91 Prosjektleder
0.91 Fagskolen i Viken, søker faglærer innen studier i ledelsesfag og prosjektledelse.
0.91 Prosjektleder
0.91 Prosjektleder IKT
0.91 Prosjektledere og Anleggsledere
0.91 Fagarbeider plan og drift
0.91 Driftsingeniør/driftsleder Stord
0.91 Prosjektleder
0.91 Prosjektleder
0.91 Anleggsmaskinførar
0.91 Prosjektleder
0.91 Prosjekteringsleder
0.91 Prosjektledere
0.91 Prosjektleder/Prosessdriver
0.91 Prosjektleder VVS
0.91 Prosjektleder Forvaltning
0.91 Teknisk prosjekteringsleder
0.91 Prosjektleder
0.91 Prosjektleder
0.91 Fysioterapeut 85% driftsheimel
0.91 Samfunnsutvikling - Prosjektleder for Mangfold og likestilt arbeidsliv
0.91 Avdelingsleiar Norheimsund skule
0.91 Avdelingsleiar Norheimsund skule