Innkjøpskonsulent
Kvam herad
Norheimsund
Innkjøpskonsulent
Arbeidsgiver
Kvam herad
Stillingstittel
Innkjøpskonsulent
Frist
12.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Som innkjøpskonsulent i Kvam herad vil du få arbeida med ei rekkje ulike oppgåver knytt til kommunen sine innkjøp. Du får ei koordinerande rolle i kommunen sine innkjøpsprosessar og får delta i alt frå bestillingar på eksisterande avtaler til gjennomføring av offentlege konkurransar, innkjøpsanalyser og oppfølging av leverandørar.På sikt er det ønskjeleg at du utviklar kompetanse og erfaring til å sjølv kunne gjennomføra konkurransar og vera prosessleiar for offentlege anskaffingar. Du må og kunne ta rolla som superbrukar på kommunen sitt innkjøpssystem. Andre aktuelle oppgåver kan mellom anna vera knytt til oppdatering av strategiar og rutinar, gjennomføring av forhandlingar, intern opplæring og deltaking i innkjøpssamarbeid. Me ser etter deg som er systematisk, løysingsorientert og effektiv. Du har ambisjonar og ønskjer å utvikla deg både fagleg og personleg. Me kan tilby varierte arbeidsoppgåver i eit spennande fagområde på tvers av organisasjonen. I denne jobben får du bidra til effektiv bruk av fellesskapen sine midlar, samstundes som du opparbeider brei kompetanse og erfaring innan innkjøpsfaget. Stillinga inngår i kommunen sitt økonomiske og juridiske fagmiljø og rapporterer til økonomisjef. Kvam herad forvaltar betydelege økonomiske ressursar. I 2022 var driftsutgiftene på 1 200 MNOK. Av dette utgjorde innkjøp ca 200 MNOK. I tillegg kjem investeringskjøp som i 2022 utgjorde ca 265 MNOK fordelt på 80 små og store investeringsprosjekt. Du kan lesa meir om dette i årsmelding for 2022.
Arbeidsoppgåver
Som innkjøpskonsulent får du ei koordinerande rolle i kommunen sine innkjøpsprosessar. Aktuelle arbeidsoppgåver er:Halda oversikt over og følga opp kommunen sine innkjøpsavtalarTilrettelegga og gjennomføra offentlege anbods- og innkjøpsprosessar Arbeida i tverrfaglege innkjøpsteam saman med brukarar, einingsleiarar, teknologar, økonomar og juristarAnalyse av innkjøpsportefølje og -prosessar for å identifisera gevinstar og forbetringsområdeBrukar av kommunen si innkjøpsløysing (Mercell) og ehandelsløysing (Visma Enterprise) Delta i utvikling og kontinuerleg forbetring av verktøy, metodar, prosesser, styring, kompetanse og organisering av arbeidetArbeidsoppgåvene kan verta endra over tid i samsvar med kommunen sine behov og kandidaten si utvikling. Aktuelle oppgåver på sikt kan vera:Superbrukar av kommunen sine innkjøpsløysingarProsessleiar for offentlege anskaffingsprosessar og forhandlingarIntern rådgjeving, opplæring og oppfølging knytt til innkjøp og avtalarDeltaking i innkjøpssamarbeid med andre kommunar
Kvalifikasjonar
Me søker deg som har:Relevant utdanning, gjerne innan økonomi, innkjøp eller logistikk på høgskulenivåErfaring frå innkjøp, prosjektarbeid eller liknande er ein fordel, men nyutdanna vert og oppfordra til å søkjaGode IT-kunnskapar og systemforståingGode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som er analytisk og liker å ha oversikt og kontroll. Samstundes er du ein person som tek initiativ, er løysingsorientert og får ting gjort.Du er nøyaktig, strukturert og liker å sette ting i systemDu er flink til å prioritera, ta initiativ og få ting gjortDu jobbar godt både sjølvstendig og i tverrfaglege teamDu er god til å kommunisera skriftleg og munnleg
Me tilbyr
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø Gode moglegheiter for fagleg og personleg utviklingLøn etter avtale med innplassering basert på kompetanse og erfaringGode pensjons-/og forsikringsordningarFleksitid og mogelegheit for noko bruk av heimekontorGenerell informasjon:Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Om arbeidsgiveren
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva bygda med bypuls , handlegate, strandveg og bystrand. Les meir
Sektor
Offentlig
Sted
Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Innkjøp/forhandling
Nøkkelord
Innkjøp;Offentlige, anbud-, og, innkjøpsprossesser;Mercell, innkjøpsløsning;Norheimsund;Hardanger
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Ragnar Johnstad
Stillingstittel
Økonomisjef
Telefon
47 29 75 00
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Kvam Kommune
Følg firma
46 følger dette firmaet
Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund