Senior Innkjøpar
Ulstein Verft AS
Ulsteinvik
Senior Innkjøpar
Arbeidsgiver
Ulstein Verft AS
Stillingstittel
Senior Innkjøpar
Frist
19.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Ulstein Group har aukande aktivitet og søkjer derfor etter ein senior-innkjøpar til vårt innkjøpsteam. Ulstein Verft ser etter deg med personleg driv til å planlegge og gjennomføre prosjekt/innkjøp du har ansvar for. Som senior-innkjøpar vil du vere ein del av teamet som skal utvikle innkjøpsfunksjonen vår vidare.
Arbeidsoppgåver
Ivareta Ulstein sin innkjøpsprosess Utarbeide, forhandle og kvalitetssikre innkjøpskontraktar - teknisk, kommersielt og juridiskKoordinere innkjøpsplanarKommersielt ansvarleg for innkjøp i salsprosjekt og tildelte gjennomføringsprosjekt
Kvalifikasjonar
Erfaring innan innkjøpsarbeid frå verft, leverandør eller reiarlag (minimum 3 år)Høgare relevant utdanning eller tilsvarande arbeidserfaring Effektiv i bruk av relevante IT-løysingar God teknisk forståing Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Engasjert og interessertSjølvstendig og serviceinnstiltEffektiv og nøyaktigGode kommunikasjons- og samarbeidsevnerGode forhandlingsevner
Vi tilbyr
Ein utfordrande og variert arbeidskvardag Moglegheit til å jobbe med ny teknologi Eit godt fagleg miljø med høve til personleg utviklingFleksitidsordningGode pensjons- og forsikringsordningar
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan offshore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
Sektor
Privat
Sted
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Bransje
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Innkjøp/forhandling
Nøkkelord
Purchasing,, Innkjøp,, Forhandlinger
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Inge Sleipnes
Stillingstittel
Innkjøps- og logistikksjef
Telefon
90 06 36 83
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Ulstein Verft AS
Følg firma
52 følger dette firmaet
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto