Ingeniør/Senior Ingeniør Maskin & HVAC
Ulstein Verft AS
Ulsteinvik
Ingeniør/Senior Ingeniør Maskin & HVAC
Arbeidsgiver
Ulstein Verft AS
Stillingstittel
Ingeniør/Senior Ingeniør Maskin & HVAC
Frist
22.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Ulstein er eit familieeigd selskap som arbeidar innan det maritime området. Vi designer, byggjer og leverer løysningar til skip samstundes som vi tilbyr eit breitt spekter av tenester innan ettermarknad. Vi likar å utfordre bransjen og kome opp med løysingar som reduserar miljøavtrykk og gir kundane våre konkurransefortrinn. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg samarbeidspartnar. Ulstein Verft har aukande aktivitet og søkjer derfor ingeniør/Senior ingeniør maskin & HVAC i Engineerings avdelinga. Stillinga omfattar arbeid som i hovudsak har støtte i tidlegare praksis eller underlag, med ulik kompleksitet der sjølvstendig vurdering er nødvendig.
Arbeidsoppgåver
Teknisk støtte i innkjøps- og produksjonsrelaterte saker Konstruksjon og kalkulering av ulike skipssystem 3D-konstruksjon 2D-AutoCad Utarbeiding av produksjons dokumentasjon frå 3D og 2D Saksbehandling mot rederi, klasse, myndigheiter, underleverandørar og kunder Ved behov gå inn i rolle som disiplinleiar for fagområde Maskin & HVAC i prosjektKoordinering og kvalitetssikring av arbeid fra innleide ressurser lokalt eller i utland
Kvalifikasjonar
Ingeniørutdanning eller teknisk fagskule Ynskjeleg med erfaring frå skipsbygging/3D-konstruksjon God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Lang erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning God systemforståing og IT kompetanse
Personlege eigenskapar
Faglig dyktig, sjølvdriven og engasjert Sjølvstendig og serviceinnstilt Effektiv og nøyaktig Ryddig og strukturert Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
Ein interessant og variert arbeidskvardagMoglegheit til å jobbe med ny teknologiEit godt fagleg miljø med høve til personleg utviklingFleksitidsordningGode karrieremoglegheiter for rette vedkomandeGode pensjons- og forsikringsordningar
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har 360 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Petter Dimmen
Stillingstittel
Department Manager, Machinery & HVAC Engineering
Telefon
48 22 12 59
Send melding
Kontaktperson
Vidar Gjerdsbakk
Stillingstittel
Technical Manager
Telefon
95 08 68 86
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Ulstein Verft AS
Følg firma
51 følger dette firmaet
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto