VA-ingeniør
Bjørnafjorden kommune Samferdsle og VA
Os
VA-ingeniør
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Samferdsle og VA
Stillingstittel
VA-ingeniør
Frist
15.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden kommune har omlag 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein kommune i vekst, og med ny E39 er reisetida til Bergen halvert. Utvikling av nye spanande næringsområde i Lyseparken og utvikling av Osøyro og Eikelandsosen er nokre av våre satsingar. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggarane og lokalsamfunnet. Organisasjonen har 3 sektorer; oppvekst, helse & velferd og samfunnsutvikling. Sektor for samfunnsutvikling har eit bredt samansett fagmiljø fordelt på einingane plan, byggesak, kart- og oppmåling, kultur, brann og redning, innbyggarservice, eigedom, samferdsle og VA. I tillegg koordinerer vi næringsaktiviteter og ivaretar kommunen sitt arbeid med klima og miljø. Bjørnafjorden kommune har om lag 3000 private avløpsanlegg, og har som mål å oppnå god økologisk tilstand i vassdrag og resipienter. Vi ser etter ein motivert medarbeidar til 100% fast stilling til å ta del i vårt team som arbeider med forvaltning, drift og vedlikehald innan mindre avløpsanlegg i eining for samferdsel og VA. Arbeidsstad:Nye kontorlokaler i Mobergsbakken 109, like ved nye E39. Arbeidsoppgåver Spanande og varierte oppgåver innan forvaltning av spredt avløp. Som til dømes: Sakshandsaming av utsleppsløyve, fettutskiljere og oljeutskiljere Tilsyn private VA anlegg og forureiningssaker i heile Bjørnafjorden kommune Oppfølging privat slamtømming Andre oppgåver innan VA- området Kvalifikasjonar: Bachelorgrad (ing) i VA-fag Kompetanse innan bruk av ulike IT-verktøy og interesse for slikt arbeid.Vi søker deg som har/er:God gjennomføringsevne.Trives med samarbeid, men og ha evne til å jobbe sjølvstendig Fleksibel og villig til å utføre anna naudsynt arbeid dersom forholda krev detteUtanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjend Beherske norsk munnleg og skriftleg Førarkort klasse B Både erfarne og nyutdanna oppfordrast til å søkjeRelevant erfaring kan erstatte utdanningskravet Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr: Moderne kontorfasilitetar og gode parkeringsforhold Eit triveleg, uformelt og inkluderande arbeidsmiljø Fleksibel arbeidstid Moglegheit for fagleg utvikling Ein variert arbeidsdag i et etablert fagmiljø Lønn etter gjeldande avtalarGod pensjon-, yrkesskade og gruppelivsforsikringEtter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.Sjå gjerne meir på nettsida vår Jobb med samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no) Her kan du treffe to av våre ingeniører: https://youtu.be/ohdSMkIsNzs
Om arbeidsgiveren
Bjørnafjorden kommune har i underkant av 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
Sektor
Offentlig
Sted
Industrivegen 96, 5210 Os
Bransje
VVS
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Vann- og miljøteknikk
Nøkkelord
avløp, vann, vedlikehald, ingeniør, samferdsel
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Einingsleiar Agnete Haugland
Telefon
95 23 14 42
Send melding
Kontaktperson
Ingunn Trædal-Lunde
Telefon
40 61 29 59
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Bjørnafjorden kommune
Følg firma
455 følger dette firmaet
Industrivegen 96, 5210 Os