Jurist VA
Bjørnafjorden kommune Samferdsle og VA
Os
Jurist VA
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Samferdsle og VA
Stillingstittel
Jurist VA
Frist
15.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden kommune har 3 sektorer; oppvekst, helse & velferd og samfunnsutvikling. Sektor for samfunnsutvikling har eit bredt samansett fagmiljø fordelt på einingane plan, byggesak, kart- og oppmåling, kultur, brann og redning, innbyggarservice, eigedom, samferdsle og VA. I tillegg koordinerer vi næringsaktiviteter og ivaretar kommunen sitt arbeid med klima og miljø. Bjørnafjorden kommune har om lag 3000 private avløpsanlegg, og har som mål å oppnå god økologisk tilstand i vassdrag og resipienter.I avdeling for VA har vi ei ledig fast nyoppretta 100 % stilling som jurist. Vi leitar etter deg som er på jakt etter ein variert og innhaldsrik arbeidsdag med spennande og utfordrande oppgåver innanfor eit breitt fagfelt. Vi har oppgåver innanfor vatn, avløp og forureining. Du vil vere med på å auke avdelinga sin kompetanse ytterlegare, og stillinga innehar eit breitt spekter av oppgåver innanfor det juridiske fagfeltet. VA-jus er rettsleg utfordrande. Du må forhalda deg til fleire lover, både sentrale og lokale forskrifter. Arbeidet er både offentleg og privatrettsleg. Det er mogleg å samarbeide med ulike nettverksgrupper for kommunane via Norsk Vann, der får du høvet til å delta i drøftinga av mange spennande problemstillingar. Stillinga er organisert i avdelinga for VA, men vil utføre oppgåver for heile eininga. Avdelinga VA har ansvar for blant anna saksbehandling, regelverk, utøving av myndigheit og utsleppsløyver. Vi er eit godt lag med høgt kompetente medarbeidarar som heiar på kvarandre. Vi er fagleg nysgjerrige og vil hjelpe kvarandre. Arbeidsoppgåver: Saksbehandling etter blant anna forvaltningslova, forureiningslova og plan- og bygningslova. Generell juridisk rådgiving for Samferdsle/VA. Klagebehandling og utarbeiding av saksframlegg til politisk behandling. Arbeide med uttaler, utgreiingar og utgreiingar i samband med faglege og juridiske problemstillingar innanfor heile eininga sitt fagområde. Bistå med juridisk fagkompetanse innanfor eininga sine fagområde, inkludert utarbeiding av avtalar, erstatningsrett og behandling av innsynskrav Oppfølging ved ulovleg verksemd. Bistå i tilsynsarbeidet, inkludert oppfølging etter tilsyn. Rettleiing og informasjon til innbyggjarar. Andre oppgåver av juridisk karakter. Del din kunnskap på tvers av fagområde og til andre kollegaer. Kvalifikasjonar: Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap. God kompetanse i forvaltningsrett. Relevant erfaring frå offentleg saksbehandling vil bli vektlagt. Beherske administrative IKT-system. Erfaring innan forvaltningsrett og offentleg saksbehandling er ynskjeleg. Førarkort klasse B. God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Nyutdanna oppmodast også til å søkje på stillinga. Vi tilbyr:Moderne kontorfasilitetar og gode parkeringsforhold Eit triveleg, uformelt og inkluderande arbeidsmiljø Fleksibel arbeidstid Lønn etter gjeldande avtalarGod pensjon-, yrkesskade og gruppelivsforsikringEtter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Bjørnafjorden kommune har i underkant av 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
Sektor
Offentlig
Sted
Industrivegen 96, 5210 Os
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist
Nøkkelord
jurist, vann, avløp, samfunnsutvikling, saksbehandling
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Einingsleiar Agnete Haugland
Telefon
95 23 14 42
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Bjørnafjorden kommune
Følg firma
455 følger dette firmaet
Industrivegen 96, 5210 Os