Miljøterapeut 100 % Svangerskapsvikariat
Bufetat
Søfteland
Fleire vikariat i 100 % stilling
Arbeidsgiver
Bufetat
Stillingstittel
Miljøterapeut 100 % Svangerskapsvikariat
Frist
18.10.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Skjoldvegen barnevernsenter er ein omsorgsinstitusjon i Bergen for barn og unge i alderen 13 - 18 (20) år. Vi tek imot plasseringar etter Lov om barneverntenester §§ 3.1, 3.2 og 5.1.Skjoldvegen barnevernsenter skal gjennom traumebevisst omsorg og Omsorg- og endringsmodellen (OEM) etablere profesjonelle omsorgsrammer som legg til rette for endring og utvikling. Senteret har tre avdelingar; Søfteland, Skjold og Fyllingsdalen med til saman 14 plassar. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar.Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Søfteland har no ledig eit svangerskapsvikariat i 100 % samt 1 vikariat i 100% stilling. Svangerskapsvikariatet er ledig frå 01.11.23 fram til 01.08.24. Vikariatet i 100% gjeld frå snarast. Det kan og kome fleire vikariat i ulike stillingsstørrelsar og med ulik varigheit. Vikariata kan verta forlenga.Stillinga er i to-delt turnus med dag og kveldsvakter og arbeid hver 4. helg.Stillinga som miljøterapeut inneber eit ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med Omsorg- og endringsmodellen, senteret sine retningsliner og faglege rettleiarar.
Arbeidsoppgåver
Skjoldvegen barnevernsenter arbeider etter Omsorgs- og endringsmodellen (OEM), som inneber blant anna traumebevisst omsorg og dialektisk atferdsterapi.Miljøterapeutane arbeidar både sjølvstendig og i team.Miljøterapeutane har praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktene, og du deltek i overlapping ved vaktskifte.Til einkvar tid halde deg oppdatert på fagmodellar og anna fagleg og juridisk rammeverk.Miljøterapeutane vert oppmoda om å delta i fagmøter og i rettleiing som vert gitt i høve modellen.Motivere og engasjere ungdomane i endringsarbeid, samt sikre at ungdomane får medverke i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hos oss.Utarbeide og følgje opp planar i samarbeid med ungdom.Samarbeid med familie og nettverk, helseinstansar, kommune, skule og andre viktige instansar.Kartlegging, rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
Kvalifikasjonar
Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng. Søkjarar med anna relvant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast. Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne.Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.God fysisk og psykisk helse.Det er ønskeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.Krav om førarkort for personbil kl. B.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom.Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape forståing og endring, samt ivareta ungdomane sine behov og rettar best mogleg.Du har evna til å la deg engasjere, og kan engasjere og motivere andre.Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.Du er fleksibel, trivst med utfordringar og tåler hektiske og spanande kvardagar.Du ynskjer å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutiner.Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.Du har evne til å analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.Du har evne til å halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Vi tilstrebar ei lik kjønnsfordeling.
Vi tilbyr
Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, pt. kr 466 600 - 594 500 pr. år (ltr. 45-61).Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, pt kr 524 700 - 624 500 pr. år (ltr. 53-64).Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, pt kr 532 200 - 624 500 pr. år (ltr. 54-64).Lønn i henhold til utdanning og arbeidserfaring.Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som innebærer en god tjenestepensjonsordning, mulighet for tilbud om boliglån til konkurransedyktige betingelser, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Informasjon til deg som søkjerBufetat ser inkludering og mangfald som ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse: fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.Stillinga er for tida lagt til Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Søfteland.Politiattest må framleggast ved eventuell ansettelse, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.Merk søknaden om kva for ei stilling du søkjer.Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Haugane 15, 5212 Søfteland
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sosionom,
Barnevernspedagog,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Bonita Esther Hanson
Stillingstittel
Avdelingsleder
Telefon
46 61 64 84
Send melding
Søk her
Følg firma
3766 følger dette firmaet
Haugane 15, 5212 Søfteland