Barnelege til tverrfagleg helsekartleggingsteam i Bufetat. 50 til 100% fast stilling i Barne- og ungdomsklinikken
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Barnelege til tverrfagleg helsekartleggingsteam i Bufetat. 50 til 100% fast stilling
Frist
26.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Vil du vere med å etablere Tverrfagleg helsekartleggingsteam i Bergen? Dette er eit nytt tilbod som skal sikre at barn som treng det mest, får tilbodet dei treng!Lege til Tverrfagleg helsekartleggingsteam i Bufetat. Vi treng til saman 1 lege i 100% eller to legar i 50% stillingar inn i desse teama.Barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland universitetssukehus er landets nest største klinikk for barn og unge. Vi har både lokale, regionale og nasjonale oppgåver og dekker alle områda innan barnesjukdommar. Vi har årleg om lag 4000 medisinske pasientar i alderen 0 til 18 år innlagd, og avdelinga har om lag 30 000 polikliniske konsultasjonar. Vi har eit breitt tilbod innan utgreiing, behandling, oppfølging og habilitering av ulike sjukdommar.I 2023 flyttar vi inn i nytt Barne- og ungdomssjukehus der vi samlar all utgreiing, behandling og oppfølging av barn- og unge innan somatikk og psykisk helsevern. I Barne- og ungdomsklinikken løysast også oppgåver innan forsking, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande.Barne- og ungdomsklinikken skal saman med Bufetat bidra til å etablere eit tverrfagleg helsekartleggingsteam i helseregion vest. Tilbodet skal etablerast i Bufetat for barn og ungdom i alderen 7-17 år som av ulike årsaker blir vurdert plassert utanfor heimen. Teamet skal bestå av lege, psykolog og medarbeidarar med barnevernfagleg kompetanse og vil bestå av 4-5 fagpersonar. Legetenesta i teamet skal leverast frå Helseføretaket og i utprøvingsperioden er målet å få kunnskap om kva slags organisering, innretning og innhald som er best eigna. Det langsiktige målet er å etablere eit hensiktsmessig helsetilbod til alle barn i målgruppa.Vi søker ettert 1-2 legar som kan gå inn i dette teamet (totalt 100%). Dersom du er under utdanning for spesialiteten Barnesjukdomar, kan stilling knyttast til utdanningsforløpet i BUK. 50% av stillinga blir då knytt til arbeid i Tverrfagleg Helsekartlegging og 50% til anna arbeid ved BUK. Tilsvarande kan denne stillinga besettast av ein som er spesialist eller under utdanning i allmennmedisin.
Arbeidsoppgåver
Planlegging og førebuing av kartlegging av barnet i samarbeid med teametAnsvar for den kartleggingen der det er krav om barnelegekompetanseTverrfagleg teamdrøfting der resultatet frå kartleggingen blir vurdertOverordna ansvar for sluttrapportDeltaking i evaluering og utviklingsarbeid regionalt og nasjonaltVitne ved behov i fylkesnemda og tingrettOverordna fagansvar for det medisinskeAndre arbeidsoppgåver må kunne påreknast
Kvalifikasjonar
Du må:Vere spesialist eller under utdanning i Barnesjukdommar, eller annan relevant spesialitet, t.d. allmennmedisin Gjerne ha erfaring med fagfeltet sosialpediatri, eventuelt erfaring med helsestasjon for barn eller ungdomVere interessert i tverrfagleg samarbeid Ha gode norsk kunnskaparGjerne ha erfaring med kontinuerleg forbetrings- og fagutviklingsarbeidVed tilbod om tilsetting må ein legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a
Personlege eigenskapar
Du må ha eit stort engasjement for barn og unge, og eit ønske om å kunne gjere ein forskjell for dei som treng det mestDu er tillitskapande og omgjengeleg, og god til å bygge relasjonarDu har ein løysingsgsorientert tilnærming, ei positiv og engasjert haldning, og du deler gjerne dine faglege perspektiv med dine kollegaerDu må ha vilje og evne til samarbeid både internt og eksterntDu må ha gode kommunikasjonsferdigheiterDu må ha evner til å både arbeide sjølvstendig og arbeide i tverrfaglege team Vi vil vektlegge personleg eignaheit opp mot forståing av målgruppa.
Vi tilbyr
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomstGode pensjons- og forsikringsordningarLegger til rette for spesialiseringsforløp og kompetansehevingMangfaldserklæringVi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Lies vei 79, 5053 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Barnesykdommer,
Lege / Allmennmedisin
Nøkkelord
Barnelege,, helsekartleggingsteam,, Bufetat,, barne-, og
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Karin Birgitta Tylleskär
Stillingstittel
Klinikkoverlege
Telefon
55 97 52 46
Kontaktperson
Tomas Sørbø
Stillingstittel
Overlege
Send melding
Søk her
Følg firma
2087 følger dette firmaet
Jonas Lies vei 79, 5053 Bergen
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto