Tilkallingsvaktar

Bufetat
Førde
Tilkallingsvaktar
Arbeidsgiver Bufetat Stillingstittel Tilkallingsvaktar Frist 23.10.2023 Ansettelsesform Vikariat
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Ynskjer du nye erfaringar? Har du tid til overs, og lyst til å bruke den i arbeid med ungdom? Kanskje du studerer og har lyst på ein jobb ved sida av studiene? Eller du har turnusfri frå din vanlege jobb, og vil bruke fritida til noko anna samfunnsnyttig? Då kan dette vere for deg.Sogn og Fjordane ungdomssenter, avdeling Bregnetunet søkjer etter tilkallingsvakt som miljøterapeut. Vi har behov for deg som kan ta vaktar dag, kveld og natt, samt helg. Hos oss har vi ein bemanning med 3 på dag, 4 på kveld og 2 på natt. Nattevaktar jobber kvar 3. helg, og i dag/kveld turnus jobber ein kvar 4. helg. Som tilkallingsvakt hos oss vil det bli stilt krav om å delta på nokre faste møter/samlingar for å sikre god opplæring og informasjon som er naudsynt for å utøve arbeidet hos oss. Behovet vil variere etter når det er ledige vaktar. Som tilkallingsvakt hos oss vil du få tilgang til vår vaktbok slik at du sjølv kan sette deg opp på vakt når du har anledning. Sogn og Fjordane ungdomssenter er eit omsorgstiltak for barn og unge i alderen 13 - 18 år. Sogn og Fjordane ungdomssenter skal gjennom traumebevisst omsorg og Omsorgs- og endringsmodellen etablere profesjonelle omsorgsrammer som legg til rette for endring og utvikling. Senteret har to avdelingar: Bregnetunet i Førde og Meltunet på Nordfjordeid, med plass til 4 ungdomar på kvar avdeling. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar.Ta ein titt på heimesida vår: Sogn og Fjordane ungdomssenter (https://www.bufdir.no/barnevern/finn-institusjon/sogn-og-fjordane-ungdomssenter/)Stillingane som miljøterapeut inneber eit ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebevist omsorg, senteret sine retningsliner og faglege rettleiarar. Miljøterapeutane arbeider sjølvstendig og i team med to til fire miljøterapeutar/miljøarbeidarar. Dei deltek og har ansvar for møter som omhandlar ungdomane, overlapping ved vaktskifte, praktisk rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon. Dei vert oppmoda om å delta i fagmøter og rettleiing. Miljøterapeutane har praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane.
Arbeidsoppgåver Sogn og Fjordane ungdomssenter arbeidar etter eit traumebevisst perspektiv gjennom Omsorgs- og endringsmodellen (OEM). Dette forventar me at du ivaretek. Øvrige oppgåver:Du må til ein kvar tid halde deg oppdatert på fagmodellar og anna fagleg rammeverk. Utbreiing og oppfylging av handlingsplanar i samarbeid med ungdom. Motivere og engasjere ungdomane i endringsarbeid, samt sikre at ungdomane får medverke i eige liv og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hos oss. Samarbeid med familie og nettverk, helseinstansar, kommune, skule og andre viktige instansar. Ansvar for inntaksmøter og andre samarbeidsmøter. Delta i overlapping ved vaktskifte, ansvar for praktiske oppgåver og rutinar i institusjonen. Kartlegging, rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
Kvalifikasjonar Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.Søkjarar med anna relevant bachelorgrad, eller påbegynt treårig relevant høgskuleutdanning, kan vurderast.Søkjarar utan høgskuleutdanning, med relevant praksis og/eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeider kan og søkje.Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid. God fysisk og psykisk helse. Det er ønskjeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri. Krav om førarkort for personbil kl. B.
Personlege eigenskapar Kven søkjer vi?Me søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom.Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape forståing og endring.Du ivaretek ungdomane sine behov og rettar på best mogleg måte. Du er engasjert og har evne til å motivere andre. Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet. Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team. Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
Vi tilbyr Arbeidstid etter den til einkvar tid gjeldande turnus.Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar, eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 466 600 - 594 500 pr. år (ltr. 45-61).Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 - 624 500 pr. år (ltr. 53-64), 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 - 624 500 pr. år (ltr. 54-64).For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan stillinga plasserast i stillingskode 1486 miljøarbeidar, pt. kr 394 100 - 454 500 (ltr. 30-43), 1203 fagarbeidar, p.t. kr 432 800 - 487 800 pr. år (ltr. 39-48) eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 443 000 - 502 300 (ltr 41-50).Løn og stilingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenetstepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.Vi kan og tilby eit godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.Informasjon til deg som søkerInkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.Stillinga er for tiden lagt til Sogn og Fjordane ungdomssenter.Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetjing, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.Kopi av vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggast ved søknaden, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.Bufetat, region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Sektor Offentlig Antall stillinger 2 Sted Bregnetunet 15, 6800 Førde Bransje Helse og omsorg Stillingsfunksjon Barnevernspedagog, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sosionom
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Ester Ytredal Stillingstittel Avdelingsleiar Bregnetunet Telefon 46 61 97 66 Send melding Kontaktperson Ragnhild Espeseth Øvrebotten Stillingstittel Einingsleiar Sogn og Fjordane ungdomssenter Telefon 97 64 89 56 Send melding
Søk her
Følg firma 3791 følger dette firmaet
Bregnetunet 15, 6800 Førde Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.96 Vikarer
0.95 Nattevakter
0.95 Nattevakt
0.95 Fast stilling som Miljøterapeut - nattevakt
0.95 Miljøterapeut 100 % Svangerskapsvikariat
0.95 Miljøterapeutar; 1-2 faste 100% stillingar
0.95 Familieutreder/familieveileder
0.95 Miljøterapeuter i våken og hvilende nattevakt
0.94 Miljøterapeut/ spesialutdannet miljøterapeut
0.94 Kontorfaglig stilling
0.94 Miljøterapeut natt
0.94 Miljøterapeut natt
0.94 Miljøterapeuter
0.94 Miljøterapeut
0.94 Rådgiver/Seniorrådgiver
0.93 Rådgjevar til regionalt ressurssenter tryggleik og sikkerheit - vikariat
0.93 Miljøterapeut
0.93 Miljøterapeut
0.93 Miljøterapeut
0.93 Familieterapeut
0.93 Miljøterapeuter
0.93 Spesialutdannet miljøterapeut / miljøterapeut
0.93 Psykolog/psykologspesialist
0.93 rådgiver/ seniorrådgiver
0.93 Behandlingsleder - svangerskapsvikariat
0.92 Miljøterapeut natt og miljøterapeut 3-delt turnus.
0.92 Barnevernkonsulent - ungdom
0.92 Eiendomsforvalter og prosjektleder
0.92 Barnelege til tverrfagleg helsekartleggingsteam i Bufetat. 50 til 100% fast stilling
0.91 Barne- og ungdomsarbeider / Barnehageassistent
0.91 Fast 100% stilling for vernepleiar/ sjukepleiar med relevant vidareutdanning
0.91 Avdelingsleiar - Legevakta
0.91 Barne- og ungdomsarbeider med fagansvar
0.91 Barne- og ungdomsarbeidere/assistenter/helsefagarbeider
0.91 Tilkallingsvikarer og deltidsstillinger
0.91 Barne-og ungdomsarbeider
0.91 Våken nattevakt - barnevernsinstitusjon
0.91 Fantoftåsen bofellesskap søker flinke Helgevakter!
0.91 tillkallingsvikar
0.91 Konsulent vernepleier/sykepleier 100 % fast stilling på Dagavdelingen
0.91 Barne-og ungdomsarbeider/assistent
0.91 Barne- og ungdomsarbeider
0.91 Spesialisert fosterhjem
0.91 MST-terapeut
0.91 Vernepleier
0.91 Treårig miljøterapeut natt
0.91 Lærar ved Vang barne- og ungdomsskule - 100 % vikariat
0.91 Barne- og ungdomsarbeider
0.91 Hvilende nattevakt
0.91 Barne- og ungdomsarbeider/assistent
0.91 Nattevakt søkes til vårt voksende team på Fantoftåsen bofellesskap
0.91 Tilkallingsvikarer
0.91 Juridisk rådgiver
0.91 Barnevernkonsulent
0.91 Miljøterapeut, våken nattevakt
0.91 Vernepleier/miljøterapeut
0.91 Saksbehandler
0.91 Økonom - rådgiver/seniorrådgiver
0.91 Miljøterapeut på barnevernsinstitusjon