Fast stilling som Miljøterapeut - nattevakt
Bufetat
Nordfjordeid
Spennande stilling som ikkje berre er ei "nattevaktstilling"!
Arbeidsgiver
Bufetat
Stillingstittel
Fast stilling som Miljøterapeut - nattevakt
Frist
25.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Informasjon om stillinga og arbeidsstadenHjå oss i Sogn og Fjordane ungdomssenter, er ikkje ei nattevaktstilling berre å jobbe natt! Som nattevakt gjer ein, ein utrulig viktig jobb for ungdomane som bur hjå oss. Ein bidreg til omsorg, struktur og tryggheit - som igjen gir ungdomane hjå oss mulighet til utvikling. Vår turnus for nattevakter er lagt opp til at ein jobbar to stk saman i eit "nattevaktsteam", der ein har 4 nattevakter og så fri ca ei veke før, ein jobbar 3 nattevakter, og deretter fri ei veke osv. Ein jobbar kvar 3 helg. I turnus er det lagt opp til at ein deltek på fast fagmøter med resten av arbeidsgruppa, og har slikleis mogligheit for fagleg utvikling og er ei viktig stemme inn i vårt faglige miljøterapeutiske arbeid med ungdommane. I tillegg har ein nokre vakter der ein har meir tid med ungdomane utenom "sovetid". Søk hos oss - vi har ledig ein fast 85 % miljøterapeutstilling som nattevakt.Sogn og Fjordane ungdomssenter har to avdelingar, Meltunet i Nordfjordeid og Bregnetunet i Førde. Vi tek imot barn og unge etter barnevernloven §3-2 og 5-1. Sjå vår heimeside: Sogn og Fjordane ungdomssenterInstitusjonen gir behandlingstilbod til ungdom mellom 13 og 18 år. Den optimale opphaldstida er 6-12 månader, men kan utvidast etter individuelle planar og behov. Meltunet er flott geografisk plassert, og knytt til eit småbruk i Nordfjordeid sentrum, Stad kommune. Gardsdrifta inngår i det miljøtearpeutiske arbeidet, i tillegg til musikk, friluftsliv, ballspel mm. Vi ønsker deg med på laget for framtidas omsorgsinstitusjoner.
Arbeidsoppgåver
Sogn og Fjordane ungdomssenter har eit viktig samfunnsoppdrag og skal ivareta ungdom som har behov for plassering utanfor heimen. Våre avdelingar har basis i traumebevisst omsorg, og skal ivareta ungdomen på ein inkluderande og omsorgsfull måte. Sentralt for arbeidet på begge avdelingane er miljøterapi med miljøterapeutiske strukturar og relasjonsarbeid. Arbeidet på institusjonen baserar seg dermed på grunnleggande miljøterapi og traumebevisst omsorg. Vi jobbar etter Omsorgs- og endringsmodellen (OEM). Kjernen i OEM er å gi ungdomane ferdigheiter som kan skape ein positiv endring i livet deira. Gjennom OEM ønskjer vi å hjelpe ungdomane med å ivareta og etablere gode relasjonar og regulere tankar og følelser i retninger som styrker sjølvfølelse, og å ta gode valg for seg sjølv. Hjå oss jobbar ein for å motivere og engasjere ungdom for endringsarbeid og positive aktivitetar, samt sikre at ungdomane får medverke i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hjå oss. Som tilsett skal du samarbeide med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom. Som miljøterapeut må du pårekne rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon via intern dokumentløysing. I tillegg vil det vere praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdelinga. Ein skal delta i overlapping ved vaktskifte, ansvar for praktiske oppgåver og rutinar i institusjon.Praktiske og fysiske arbeidsoppgåver er ein del av arbeidskvardagen. Vi er stolte av vårt samfunnsoppdrag, og vi jobbar aktivt med utvikling og endringsarbeid tilknyttet både oss sjølv som ansatte og overfor ungdomen. Vi har tett samarbeid med ungdomen, foreldre, nettverk, kommune, skole og helse (BUP). Vi imøteser læringsutbytte på alle arenaer.
Kvalifikasjonar
Det vert krevd treårig høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar. Søkare med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning. Har du bachelor innen landbruk og erfaring knytta til å jobbe med barn og unge, oppmodas du til å søkje.Søkare med lang og relevant erfaring utan høgskuleutdanning, kan ved særlege høve vurderast.For alle søkare vert det lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/arbeid med ungdom med utfordrande åtferd. Det vert lagt vekt på erfaring innan Traumebevisst omsorg. Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskaparDet er ønskjeleg at du har kjennskap til "Rettighetsforskriften".Det er ønskjeleg med kjennskap til bruk av dyr i arbeid med barn og unge. God kunnskap i bruk av IT-verktøy. God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Krav om førarkort for personbil, med manuelt gir.
Personlege eigenskapar
vi søker deg som har evne til å ta ansvar, er romsleg, fleksibel, sjølvstendig og trygg i vaksenrolla kan ivareta ungdom og deira behov, samstundes som du kan oppretthalde god struktur og fagleg perspektiv trivs med utfordringar har evne til å nytte traumebevisst tilnærming i møte med ungdom har fokus på brukarmedverknad og familie- og nettverksarbeid har gode evner til å bygge relasjonhar evne til å ta imot rettleiing, og å gjere seg nytte av dennebidreg til eit godt arbeidsmiljø har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner har god fysisk og psykisk helse
Vi tilbyr
Arbeidstid etter den til einkvar tid gjeldande turnus. Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar, eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 466 600 - kr 594 500 pr. år (ltr. 45-61).Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernpedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 - kr 624 500pr. år (ltr. 53-64), 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200- 624 500 pr. år (ltr. 54 - 64).For søkare utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad, kan stillinga plasserast i SKO 1486 miljøarbeidar, pt. kr. 394 100 - kr 454 500 (ltr 30-43), SKO 1203 fagarbeidar, p.t. kr. 432 800 - 487 800 (ltr 39-48) eller SKO 1488 miljøterapeut kr. 443 000 - 502 300 (ltr 41-50).Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. Dessutan kan vi tilby: Arbeid på institusjon med godt arbeidsmiljø og fagleg høg standard, med gode støttespelarar i arbeidskvardagen. Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. Turnustillegg kjem i tillegg til grunnløn. Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktig vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.Opplysningar til deg som søker:Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.Stillinga er for tida lagt til Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet.Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regioner har som hovedoppgave å drive etatens institusjoner og familievernkontor. I tillegg har regionene ansvar for fosterhjemsrekruttering og oppgaver knyttet til adopsjon. Barn, unge og deres familie skal få riktig hjelp til rett tid uansett hvor de bor i Norge. Bufetat sine fem regioner og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagt Barne- og familiedepartementet.Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Sektor
Offentlig
Sted
Sophus Lie-vegen 5, 6770 Nordfjordeid
Nøkkelord
barnevern, miljøterapeut, omsorg, ungdom
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Dag Amundsen Jensen
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
46 61 88 25
Send melding
Kontaktperson
Ragnhild Espeseth Øvrebotten
Stillingstittel
Enhetsleder
Telefon
97 64 89 56
Send melding
Søk her
Følg firma
3791 følger dette firmaet
Sophus Lie-vegen 5, 6770 Nordfjordeid
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto