Miljøterapeut natt og miljøterapeut 3-delt turnus.
Bufetat
Sogndal
Miljøterapeut natt og miljøterapeut 3-delt turnus, faste stillingar.
Arbeidsgiver
Bufetat
Stillingstittel
Miljøterapeut natt og miljøterapeut 3-delt turnus.
Frist
17.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Vi ser etter deg som vil ha ein spennande og ansvarsfull jobbSogndal ungdomssenter søker etter miljøterapeut 100 % stilling, vaken natt. Stillinga vil innehalde møtedagar og dagvaktar for opplæring m.m.Vi søker også etter miljøterapeut i 100 % stilling 3-delt turnus. Begge stillingane er faste og har arbeid kvar 3. helg. I tillegg søker vi også etter tilkallingsvikarar. Sogndal ungdomssenter er ei institusjonsavdeling for barn og unge i alderen 13 - 18 år som treng eit mellombels institusjonsopphald eller akuttopphald.Institusjonsavdelinga har 4 plassar for ungdom målgruppe omsorg der 1 plass er målgruppe akutt omsorg. Avdelinga ligg nær Sogndal sentrum.Personalgruppa har vore stabil gjennom fleire år, og vi er opptateken av god kjønnsfordeling. Vi oppmodar særskilt menn til å søke.Sogndal ungdomssenter legg til rette for omsorg og utvikling gjennom traumebevisst omsorg, målstyrt miljøterapi og tilførsel av kunnskapsbasert kompetanse. Vi er opptatt av å ha eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling gjennom opplæring, rettleiing og samarbeid internt og med andre rundt oss. Verdiane i Bufetat er RÅD, respekt, openheit og deltakelse, noko vi er opptatt av skal prege oss i alle samanhenger og gjere oss i stand til takle dei oppgåvene vi har framover.
Arbeidsoppgåver
For miljøterapeut natt vert det målstyrt miljøterapeutisk arbeid i hovudsak på natt åleine.For miljøterapeut 3-delt turnus vert ei viktig oppgåve hovudkontaktarbeid knytt til Målstyrt miljøterapi.Samarbeid med miljøterapeutisk team og leiing.Praktiske oppgåver rundt ungdomane og i avdelinga.Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.Motivere og engasjere ungdomane til positive aktivitetar.Personalmøter og relevant opplæring.Ansvar for sikkerheit og risikovurderingar på vakt.
Kvalifikasjonar
Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (Sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarende 180 studiepoeng.Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.Sertifikat kl. B, med manuelt gir.God fysisk og psykisk helseDet er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge.Det er ønskelig at du har kjennskap til traumebevisst omsorg.
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som har evne til å ta ansvar, er sjølvstendig, trygg og robust i vaksenrolla og kan ivareta ungdomane og deira behov.Du kan samstundes oppretthalde ein god struktur, oversikt og eit fagleg perspektiv.Du er fleksibel og trivast med utfordringar og endringsarbeid, og du har evne til omstilling og å kunne tilpasse deg nye krav.Du må kunne samarbeide godt både internt i tiltaket og eksternt ut mot samarbeidspartnarar.Du er engasjert, bevisst på di eiga rolle og opptatt av at relasjoner er grunnlaget for godt arbeid.Du er ein positiv person som ser moglegheiter og er opptatt av å bidra positivt i arbeidsmiljøet og robust nok til å takle utfordringar.Personleg eignaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
Arbeidstid etter den til einkvar gjeldande turnus, arbeid kvar 3. helg.Stillingane er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleier, p.t. kr 466 600 - 594 500 pr. år (ltr.45-61).Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, p.t. kr 524 700 - 624 500 pr år (ltr. 53-64), 1173 klinisk sosionom eller klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 - 624 500 pr år (ltr.54 - 64).Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som innebærer en god tjenestepensjonsordning, moglegheit for tilbud om boliglån til konkurransedyktige betingelser, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.Godt fagleg miljø og fagleg utvikling med gode støttespillarar i arbeidskvardagenDu får være med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har en stor verdi i seg sjølv.Informasjon til deg som søker:Inkludering og mangfold er en styrke og gjør at vi kan løse oppgavene våre enda bedre. Derfor ønsker vi oss medarbeidere med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaringer og perspektiver. Har du funksjonsnedsettelse, hull i CV-en eller innvandrerbakgrunn, oppfordrer vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkere, kaller vi inn minst én i hver gruppe til intervju, og får du jobben, legger vi til rette for deg om du trenger det. Utenom å velge ut riktige kandidater bruker vi ikke avkrysningene til noe annet enn anonymisert statistikk.Stillinga er for tiden lagt til Sogndal ungdomssenter.Politiattest må fremleggast ved ansettelse, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnes. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje tas til fylgje.Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne siden.Kopi av vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstørrelse og varigheit skal tas med ved et evt. intervju.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.Bufetat, region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Rødstokken 16, 6856 Sogndal
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sosionom,
Barnevernspedagog
Nøkkelord
fast, og, tiulkallingsvikarer
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Tom Andersen
Telefon
46 61 93 48
Søk her
Følg firma
3766 følger dette firmaet
Rødstokken 16, 6856 Sogndal