Rådgjevar til regionalt ressurssenter tryggleik og sikkerheit
Arbeidsgiver
Bufetat
Stillingstittel
Rådgjevar til regionalt ressurssenter tryggleik og sikkerheit - vikariat
Frist
25.10.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Vi har ledig vikariat stilling i 100% som rådgjevar til vårt regionale ressurssenter for tryggleik og sikkerheit. Vikariatet gjeld frå 15. november 2023 til 15. november 2024, med moglegheit for forlenging. Arbeidskvardagen i regionalt ressurssenter -TS ber preg av høgt engasjement med tilsette som har mykje erfaringsbasert og teoretisk kunnskap. Vi er opptatt av å omsetje kunnskap til anvendt praksis som bidrar til økt kvalitet i tenestene våre. Mykje av tida blir brukt til opplæring og undervisning, der vi møter mange engasjerte miljøterapeutar som bidrar aktivt i dette viktige arbeidet. Stillinga inngår som ein del av drifta i Bjørgvin ungdomssenter og har sin base der.Dette er ein unik moglegheit til å bli ein del av et svært kompetent team.I region vest er Bjørgvin ungdomssenter eit ressurssenter for Tryggleik og sikkerheit for barn og tilsette i institusjonar.Regionalt ressurssenter, tryggleik og sikkerheit for barn og tilsette i institusjoner vart etablert som eit prosjekt i 2015 og som ei avdeling på Lierfoss 01.01.2017. Ressurssenteret har utarbeidd eit opplæringsprogram for tilsette i Bufetat med målsetjing om å oppnå trygge og sikre tenester for barn og tilsette i barneverninstitusjonar. Senteret driv opplæring og tilbyr tenester i alle Bufetats regionar.Regionalt ressurssenter blei etablert ved Bjørgvin ungdomssenter i 2017, og har ansvar for gjennomføring av opplæringsprogram som er utviklet med målsetjing om å oppnå trygge og sikre tenester for barn og tilsatte i barnevernsinstitusjoner. Opplæringsprogrammet er utvikla av Spisskompetansemiljøet for tryggleik og sikkerheit i barnevernsinstitusjoner.Til grunn for opplæringsprogrammet ligg Bufdir sitt kunnskapsgrunnlag og faglege anbefalingar.
Arbeidsoppgåver
Implementere og lære opp tilsette i institusjonar i grunnopplæring i tryggleik og sikkerheit for barn og tilsette i institusjonar.Følge med på, og vere oppdatert på forskning og fagutvikling på området.Drive systematisk innsamling av erfaringsbasert kunnskap på området, og gjere den tilgjengeleg for medarbeidarar som arbeider medbarn og unge.Delta i samarbeid med relevante kunnskapsmiljø, brukarorganisasjonar og utdanningsmiljø på området.Arbeidet vil innebere ein del reiseverksemd med varigheit på 4-5 dagar.Stillinga vil i tillegg til arbeid i ressurssenteret innebere noko miljøterapeutisk rettleiing opp mot avdelingane i Bjørgvin ungdomssenter.Stillinga vil også omfatte å være med i et team saman med psykolog frå seksjon faglig støtte ifht å gje einingar bistand når det oppstår krevande situasjonar i institusjonar i regionen.
Kvalifikasjonar
Det vert krevd sosialfagleg eller anna relevant høgskule- eller universitetsutdanning på masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for krav om mastergrad.Det vert krevd brei miljøterapeutisk erfaring frå institusjon for barn- og ungdom. God formidlingsevne for å kunne undervise i grupper. God skriftleg og munnleg framstillingsevne er eit krav.Førarkort for bil er eit krav.Ein må pårekna noko reiseaktivitet.
Personlege eigenskapar
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.Du er lojal og pliktoppfyllande.Evne til å jobbe sjølvstendig.Du er ein positiv bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø.Kreativitet og humor settes pris på.Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1434 rådgiver, med løn fra p.t. kr. 495 200 - 624 500 (ltr.49-64).Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.Opplysningar til deg som søker:Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.Stillinga er for tida lagt til Bjørgvin ungdomssenter.Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.Bufetat, region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Sektor
Offentlig
Sted
Bønesstølen 13, 5154 Bønes
Bransje
Helse og omsorg
Nøkkelord
Rådgjevar
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Jostein Skogseth
Stillingstittel
Einingsleiar Bjørgvin ungdomssenter
Telefon
46 61 56 29
Send melding
Søk her
Følg firma
3791 følger dette firmaet
Bønesstølen 13, 5154 Bønes
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto