Overlege - spesialist i barne- og ungdomspsykiatri
None
Ålesund
BeskrivelsePsykisk helsevern for barn og unge er sett saman av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utredningseining i Ålesund og ei familieeining i Molde.Vi har ledig fast overlegestilling for spesialist i barne- ungdomspsykiatri ved akutt- og utredningseininga i Ålesund. Oppstartdato 01.01.2024.Akutt- og utredningseininga er samlokalisert med poliklinikken i Ålesund. Vi arbeider for eit felles fagmiljø og ein kan få oppgåver knytta til poliklinikken..Døgnseksjonen, Akutt- og utgreiingseininga i Ålesund, har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. Vi tek imot pasientar med psykiske lidelsar, både til frivilleg innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog).Arbeidsdagane på akutteininga er varierte både i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidsmengde, og vi kan ha rolegare periodar der ein har rom for fagleg utvikling.Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten og du vil jobbe tett saman med andre behandlarar og miljøterapeutar. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.ArbeidsoppgåverDelta aktivt ii tverrfagleg behandlingsteamPsykiatrisk utgreiing og diagnostiske vurderingar, medisineringVegleiing/supervisjon av LiSTa del i legemøter saman med poliklinikktilsette i Ålesund, og i avdelinga sine lege-møterUndervisningMedvirke i fagleg utviklingsarbeid for å møte framtida sitt behov for helsetenesterKvalifikasjonarNorsk spesialistgodkjenning i barne- og ungdomspsykiatri og gjerne med erfaring frå arbeid innan psykisk helsevern for barn og ungdomSøkjar som ikkje har fullført spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri kan også vere aktuell for stillingaMå mestre norsk språk, både skriftleg og muntlegPersonlege eigenskaparEvne og vilje til samarbeid og omstillingGode evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollegaerInteresse for fag- og organisasjonsutvikling og for forbetringsarbeidStor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstidHa evner som lagspelar, men vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengsHa evne til å medvirke til eit godt arbeidsmiljøVi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarRekrutteringstilleggMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårKontaktinformasjonBeate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, 70106700, beate.olsbo.nilsen@helse-mr.noArbeidsstadGeilebergvegen 206017 ÅlesundNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4697312195Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 05.11.2023
Geilebergvegen 20, 6017 ÅlesundStort kartHybridkartFlyfoto