Psykolog/psykologspesialist
None
Molde
BeskrivelseEr du psykologspesialist/psykolog med interesse for habilitering, så er vi den rette arbeidsplassen for deg.Spesialisert habilitering NR gir eit tverrfagleg tilbod til personar frå 18 år med nedsett funksjonsevne, som følgje av medfødde eller tidleg erverva tilstandar, skader i nervesystem eller bevegelsesapparat. Døme på tilstandar er tidleg erverva hjerneskade, syndrom som medfører kognitive vanskar, utviklingshemming, autismespekterforstyrringar, tidleg erverva nevrologiske skade eller sjukdom og nevromuskulær sjukdom. I arbeidet legg vi vekt på å ha ei heilskapleg tilnærming, der både individet og konteksten vert vurdert. Seksjonen har til saman 20,5 stillingar og er tverrfagleg bemanna med lege, vernepleiar, psykolog, barnevernspedagog, fysioterapeut, ergoterapeut, sosionom, spesialpedagog og helsesekretær. Alle tilsette har vidareutdanning innan ulike område relevant for fagfeltet habilitering. Seksjonen har fire stillinger for psykologspesialist. Dei tre psykologane du får samarbeide med har spesialisering innan habilitering og klinisk psykologi, ei har fordjuping i rus og avhengighet. I tillegg til klinisk verksemd har psykologane stort fokus på utviklings- og kvalitetsarbeid. Seksjonen er organisert i avdeling for sjukehuspsykiatri. Seksjonen held til i nye kontorlokale ved Årø flyplass i Molde og skal hausten 2024 flytte inn i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget i SNR på Hjelset. Der vil vi bli samlokalisert med habilitering for barn og unge, noko vi ser fram mot.Ein må rekne med ein del reise, hovudsakleg i kommunane i Nordmøre og Romsdal, i samband med ambulant verksemd. Startdato kan avtalast.ArbeidsoppgåverSpesialisert utgreiing-, diagnostisering- og behandling, mellom anna:Tilrettelagt utgreiing av evne-nivå og ved behov meir utvida kognitiv testingUtgreiing av autisme og andre utviklingsforstyrringarUtgreiing av psykisk lidingFremje forståing for korleis pasientar kan leve eit godt liv med dei utfordringane dei opplever, fokus på meistring og livskvalitetUtadretta verksemd med rettleiing og rådgjeving til pasientar, pårørande og samarbeidspartnararPasient- og pårørandeopplæringTverrfagleg samarbeid og deltaking i team, kompetansegrupper og andre aktuelle forumDeltaking i fagleg utviklings- og kvalitetsarbeid KvalifikasjonarPsykologspesialist/psykologDet er ønskeleg med spesialisering innan klinisk psykologi, nevropsykologi eller habiliteringErfaring med målgruppaKompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiingErfaring frå undervisning- og opplæringsverksemdMå meistre norsk språk, skriftleg og munnlegMå ha førarkort klasse B Personlege eigenskaparDu må kunne tilpasse din kommunikasjon for å kunne samhandle med vaksne med kommunikasjonsvanskar og/eller kognitive funksjonsnedsettingar i utgreiing og behandlingDu må kunne kommunisere med og inngå i samhandlingsprosessar med pårørande, tilsette i personalgrupper og det aktuelle nettverket til pasientar i målgruppaDu er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver sjølvstendig i poliklinisk og ambulant kontekstDu har gode evne til samarbeid, sans for ein diskusjon og humor Vi tilbyrEit spennande fagområde som er i utvikling Eit godt, stabilt og tverrfagleg arbeidsmiljøGode samarbeidsrelasjonar med kommunar og einingar i spesialisthelsetenestaVarierte og utfordrande arbeidsoppgåver SpesialistutdanningTilrettelegging for kompetanseutvikling og samarbeid med erfarne kollegaerFleksitidordning og sjølvstende i planlegging av eigne arbeidsdagarEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CVKontaktinformasjonHilde Husby, Seksjonsleiar, +47 415 54 505, Hilde.Husby@helse-mr.noArbeidsstadEikremsvingen 2 D6422 MoldeNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4701811805Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 25.10.2023
Eikremsvingen 2 D, 6422 MoldeStort kartHybridkartFlyfoto