Oppmålingsingeniør

Vang Kommune
Vang i Valdres
Oppmålingsingeniør 3-årig engasjement - 2.gongs lysing
Arbeidsgiver Vang Kommune Stillingstittel Oppmålingsingeniør Frist 22.10.2023 Ansettelsesform Engasjement
Grunna mange igangverande og nye saker innan saksbehandling, matrikkelføring og oppmåling ynskjer Vang kommune å auke bemanninga innan fagområdet i ei periode. Stillinga omfattar fagområda eigedomsoppmåling, matrikkelføring, oppretting og endring av eigendom, seksjonering og kartforvaltning/GIS. Oppmålingsingeniør sine oppgåver er viktige for etaten, der det òg blir behandla plansaker, byggesaker, konsesjonssaker m.v.Stillinga krev mykje sjølvstendig arbeid. I tillegg inneber stillinga samarbeid med dei andre fagområda i etaten. Oppfølging av grunneigarar og tiltakshaverar er og ein viktig del av jobben.Arbeidsoppgåver kan tilpassast søker sin kompetanse og praksis. Engasjementet har varigheit frå haust 2023 tom juni 2026.
Arbeidsoppgåver Saksbehandling og rettleiing, mellom anna;andre matrikkelsakeradressetildelingseksjoneringmatrikkelforbetring/kvalitetsforbetringklagesaksbehandlingOppmålingsforretningar, mellom anna; frådelingar og løyveforretning over eksisterande eigedom grensejusteringar matrikkelføringRådgiving og støtte for matrikkel og kartBistå ved, og kvalitetssikre kommunale grunnerverv og -salGeovektskontakt
Kvalifikasjonar Relevant 3-5 årig utdanning frå høgskule/universitet. Anna relevant utdanning/erfaring kan vurderastKunnskap om matrikkelloven og anna relevant lovgivning/regelverk er ein fordelKompetanse på bruk av ulike IKT-system, spesielt GIS er ein fordelErfaring i bruk av oppmålingsverktøy er ynskelegGodkjent matrikkelførerkurs er ynskeleg Landmålarbrev eller kompetanse som kvalifiserer til landmålerbrev er ynskelegErfaring frå kommunal forvaltning er ein fordelFørarkort for personbil og bør disponera eigen bil
Personlege eigenskapar Fagleg engasjert, sjølvstendig og liker ein hektisk arbeidskvardagOpptatt av å levere tenester av høg kvalitetGode samarbeids- og kommunikasjonsevner God framstillingsevne munnleg og skriftleg og gode norskkunnskaparServiceinnstilt
Vi tilbyr Ein utfordrande og givande jobb Variert arbeid i eit positivt miljø Tverrfaglig miljø og gode interkommunale nettverksgrupper Løn etter kvalifikasjonar og etter kommunens regulativ Gode forsikrings- og pensjonsordningar Fleksibel arbeidstid
Om arbeidsgiveren Vestlandsfjell og Austlandsklima er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.  Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.Vi gjer merksam på at  søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
Sektor Offentlig Sted Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres Bransje Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon Stillingsfunksjon Ingeniør / Oppmåling og kartlegging, Ingeniør
Nøkkelord oppmåling, ingeniør, kart, matrikkel, landmåling
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Morten Johan Johansen Stillingstittel Kommunalsjef landbruk og teknisk Telefon 97 62 25 24 Send melding
Søk her
Hjemmeside Flere stillinger fra Vang Kommune
Følg firma 16 følger dette firmaet
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.92 Oppmålingsingeniør
0.91 Geodataingeniør
0.91 VA-ingeniør
0.90 Landmåler
0.90 VA-ingeniør
0.90 Vedlikeholdstekniker
0.90 VA- ingeniør sør
0.90 Stikningsingeniør
0.90 Byggeleiar-vegvedlikehald
0.90 Byggeleiar støytiltak
0.90 Einingsleiar teknisk forvaltning og byggesakshandsamar
0.90 VA- ingeniør nord
0.90 Rådgiver
0.90 Prosjektleiar
0.90 Landmåler/Stikningsingeniør
0.90 Vedlikehaldsingeniør
0.90 Rådgiver/Ingeniør Byggforvaltning
0.90 Rådgiver
0.90 Kontrollingeniør
0.90 Teknisk teiknar/ingeniør
0.90 Sensoringeniør
0.90 Ingeniør kommunal overtaking VA-anlegg
0.90 Lærar ved Vang barne- og ungdomsskule - 100 % vikariat
0.90 Anleggs-/ grøfterørlegger
0.89 Anleggsgartner
0.89 Fagansvarlig Vegvær
0.89 Geodatakonsulent
0.89 Forankringsberegner/ingeniør
0.89 Prosjektingeniør
0.89 Prosjektingeniør
0.89 Byggeleiar automasjon
0.89 to prosjektstillingar
0.89 Bioingeniør
0.89 Rådgiver
0.89 Ingeniør til undervisning "Bygg" på fagskole
0.89 Ingeniører innen vann- og avløpsanlegg
0.89 Kvaleberg skole søker engasjert og robust lærer
0.89 Avdelingsingeniør vannforsyning
0.89 Løsningsarkitekt
0.89 Fagkonsulent
0.89 Sivilingeniør/ingeniør
0.89 Prosjektleder
0.89 Utvikling av lokalsamfunn - rådgjevar/seniorrådgjevar
0.89 Sjauer\Vedlikeholdsarbeider
0.89 Kommuneplanleggar
0.89 Bioingeniør
0.89 Overingeniør/teknisk utreder/landmåler
0.89 Virksomhetsleder Tekniske tjenester
0.89 Prosjektleder/byggeleder
0.89 Lærer i engelsk
0.89 Ingeniør, kommunaltekniske tjenester
0.89 Grunnarbeider
0.89 Anskaffelsesrådgiver
0.89 Anleggsmaskinfører
0.89 Rådgiver for overvann og klimatilpasning
0.89 Juridisk rådgiver - Virksomhet for plan, oppmåling og bygg
0.89 Tilkallingsvikarer
0.89 Fagskolen i Viken, søker faglærer innen studier i ledelsesfag og prosjektledelse.
0.89 Anleggsmaskinfører