Einingsleiar teknisk forvaltning og byggesakshandsamar
Samnanger kommune
Tysse
Me søkjer
Arbeidsgiver
Samnanger kommune
Stillingstittel
Einingsleiar teknisk forvaltning og byggesakshandsamar
Frist
18.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Einingsleiar teknisk forvaltning og byggesakshandsamar
Om stillingaMe søkjer etter ein einingsleiar som vil vera med å utvikle Samnanger kommune. Stillinga ligg i eining for teknisk fovaltning og er kombinert med handsaming av byggesaker. Eininga ligg til sektor for samfunnsutvikling, og er ei eining med 4 årsverk. Einingsleiar inngår i eit leiarteam med teknisk driftsjef og kommunalsjef for samfunnsutvikling. Me jobbar tett saman i team der du skal få påvirke arbeidskvardagen, tenestene og utviklinga av kommunen. Me treng ein leiar med på laget vårt som søkjer utfordringar, og er motivert til å vera med utvikle kommunen i tråd med framtida og innbyggarane sin behov. Ansvar og arbeidsoppgåverEiningsleiar:Har fagleg-, personal- og økonomisk ansvar for eininga og utvikling av tenestene innanfor ansvarsområdetAnsvar for forvaltninga av saker innanfor eininga, og sakshandsaminga av desseSikre planarbeid og revisjon av desse i tråd med plan- og bygningslovaØkonomi- og personalansvar for brannberedskapenHar ansvar for å utvikle, planleggje og sikre ei mest mogleg effektiv ressursutnytting og god tenesteutøving av einingaPlanleggje og utvikle styringsverktøy og rutinar som sikrar ei mest mogleg fagleg, trygg og sørvisretta tenesteutøving Ansvar for at personalforvaltninga i eininga er i tråd med lov, forskrifter, retningsliner og vedtekne reglementSakshandsame saker for rådmannen innanfor tenesteområdet, og møter i naturutvalet og andre politiske utval etter behov Sikre god kvalitet på interkommunale tenester (f.t. BIR og Bergen brannvesen) innanfor sitt ansvarsområdeStadfortredar for kommunalsjef for samfunnsutvikling Byggesakshandsamar:Fagleg ansvar for forvaltninga av bygg- og delingssaker, dispensasjonssaker, føra tilsyn etter reglane i plan og bygningslova. Ansvar for forvaltning og registrering av bygg og adresser i matrikkelen og registrering av sanitærabonnement i KOMTEKSikra god byggjeskikk og god arkitektur, miljøomsyn og kulturvern i bygge og delingssakerAnsvar for å legge til rette for bruk av teknologi og rasjonell utnytting av ressursaneAnsvar for å utvikle, planleggje og sikre ei mest mogleg effektiv ressursutnytting og god tenesteutøving innanfor bygg- og delingssakerAnsvar for at eininga driv eit langsiktig og systematisk klima- og folkehelsearbeidLage faste rutinar for samarbeid og informasjonsutveksling med sine medarbeidarar, og med eining for teknisk driftSikre at eininga har høg digital kompetanse innanfor plan og bygningslov, samt tekniske fagprogramKvalifikasjonarKravLeiar av teknisk forvaltning må ha høgskule- eller universitetsutdanning på min. bachelornivå innanfor tekniske fag/plan/arkitekt/juristDen som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg. Samnanger kommune nyttar nynorsk som målform. ØnskjerEin fordel med leiarerfaringArbeidserfaring innanfor byggesak er ein fordelKunnskap/erfaring med offentleg sektor Personlege eigenskapar vert vektlagtPersonlege eigenskaparGode samarbeidsrelasjonar, evne til å leie, motivere og jobbe i teamVera systematisk og søkje utfordringar - samt evne å utfordreUtviklings- og endringsorientertVera strukturert og ha høg arbeidskapasitetEvne til å stå i krevjande situasjonar - og ta ansvar for vegen vidareRelasjonelle eigenskaparMe tilbyrBli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrumSpanande og varierte arbeidsoppgåverMoglegheit til å påverke eigen arbeidsdagEi utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknadAvtale om delvis heimekontor Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekstLønn, offentleg pensjon og arbeidsmilkår etter gjeldande lov- og avtaleverkGunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikringFleksible arbeidstidsordningarGode velferdsordningarArbeidstilhøveMe ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.Om ossSamfunnsutvikling held til i gode lokale på Frøland. Her får du eige kontor med utsikt mot fjell og vatn. På Frøland kjem du inn i eit godt arbeidsmiljø med andre tilsette som jobbar med kommuneplan, oppmåling, prosjekt, kommunaltekniske tenester, klima, miljø og naturforvaltning. Me er omlag 20 tilsette som jobbar tett saman i team om å drifte og utvikle tenestene og kommunen.
Om arbeidsgiveren
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk.Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Kvitingsvegen 85, 5650 Tysse
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Saksbehandler
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Hilde-Lill Våge
Stillingstittel
kommunalsjef samfunnsutvikling
Telefon
95 12 05 42
Send melding
Kontaktperson
Ragnhild Lønningdal
Stillingstittel
einingsleiar teknisk forvaltning
Telefon
45 37 51 61
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Samnanger Kommune
Følg firma
35 følger dette firmaet
Kvitingsvegen 85, 5650 Tysse