Fysioterapeut 85% driftsheimel

Kvam herad
Norheimsund
Fysioterapeut 85% driftsheimel
Arbeidsgiver Kvam herad Stillingstittel Fysioterapeut 85% driftsheimel Frist 19.10.2023 Ansettelsesform Selvstendig næringsdrivende
Hardanger Fysioterapi starta i Norheimsund i 1963 og har sidan1983 vore drive i si noverande form. Instituttet har i dag 2,35 driftstilskot, med brei praksis og kompetanse. Instituttet har lokale sentralt i Norheimsund og består av fire behandlingsrom, samt ein treningssal med utstyr for MTT. Instituttet har god pasienttilgong, eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid med legar, kollegaer i kommunen og andre samarbeidspartar.Driftsavtalen er ledig frå 01.01.24 då noverande innehavar vert pensjonist. Tenestetilbodet innan ergo- og fysioterapitenesta er regulert i lov og forskrift. Kvam herad sin helse- og omsorgsplan gjev retning for tenestene. Noverande plan for ergo- og fysioterapitenesta er under rullering. Ved tildeling av driftsheimel gjeld ASA 4313 mellom KS og NFF.
Arbeidsoppgåver tilby og yta ei god fysioterapiteneste basert på kunnskapsbasert praksis i høve alder, diagnose og funksjonsnivåoppfølging av pasientar på arenaer som er nødvendig for god og heilskapleg behandlingutøva fysioterapi på ein måte som fremjar aktiv behandling, samt gode og heilskaplege pasientforløp
Kvalifikasjonar I vurderinga av kven som vert tildelt heimelen vert det lagt vekt på fagleg kompetanse, erfaring og personlege kvalifikasjonar som t.d. samarbeidsevne, evne til å driva sjølvstendig næringsdrift m.v., jf ASA 4313 pkt. 6.2 I helse- og omsorgsplanen er det eit overordna mål å skapa framtidsretta, fagleg forsvarlege og likeverdige tenester som sikrar befolkninga eit profesjonelt, tilgjengeleg og effektivt tenestetilbod. Helse- og omsorgstenesta i Kvam skal leggja til rette for at kvar enkelt kan ta ansvar for eiga helse gjennom fysisk aktivitet, sosialt fellesskap og tilrettelegging av eigen livssituasjon. Kvam herad skal nytta moglegheitsrommet som ligg i å dreia tenestene mot forebygging og mestring av eige liv. Søkjar må ha:Norsk autorisasjon som fysioterapeutAllsidig pasienterfaring frå instituttErfaring frå sjølvstendig næringsdrift som fysioterapeutInteresse for å utvikla framtidsretta behandlingstilbod i samsvar med vedtekne planar og framtidas utfordringar. Spesielt gjeld dette tilbod til eldre, dei med muskel- og skjelettlidingar, psykosomatiske lidingar og innan opptrening/rehabilitering/habiliteringBidra positivt til å løysa felles oppgåver og arbeida etter gjeldande prioriteringsnøkkel i ergo- og fysioterapitenestaEvne til å samarbeida med andre fagmiljø i kommunen og delta på fellesarrangement for ergo-og fysioterpitenestaGode norskkunnskapar munnleg og skriftleg Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Personlege eigenskapar Kan arbeida kunnskapsbasert og synleggjera dette gjennom dagleg praksisGenuin interesse for å arbeida tverrfaglegEr løysingsorientert og bidreg til eit godt og stabilt arbeidsmiljøHar god arbeidskapasitet og kan koordinera fleire oppgåver samtidigGod relasjonskompetaseInteresse for fagutvikling og å driva framtidsretta i eit langsiktig perspektiv.
Vi tilbyr Eit sterkt, engasjert og kunnskapsrikt fagmiljøFelles fagmøte og samhandling med heile ergo-og fysioterapitenestaMoglegheit for å jobba tverrfagleg med dyktige samarbeidspartnararJobb i eit veldrive og godt etablert institutt med fokus på fagutviklingTiltredande fysioterapeut må verta einig med avtroppande fysioterapeut om pris for overtaking av utstyr og vederlag for opparbeidd praksis, jf. ASA 4313, punkt 7
Om arbeidsgiveren Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva bygda med bypuls , handlegate, strandveg og bystrand. Les meir
Sektor Offentlig Sted Haugamyrvegen 30, 5600 Norheimsund Bransje Helse og omsorg
Nøkkelord driftshjemmel;, fysio
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Torild Kveberg Stillingstittel Leiar for ergo- og fysiotrapitenesta Telefon 90 17 61 66 Send melding Kontaktperson Kari Sagen Stillingstittel HR-sjef Telefon 90 95 40 46 Send melding
Søk her
Hjemmeside Flere stillinger fra Kvam Kommune
Følg firma 46 følger dette firmaet
Haugamyrvegen 30, 5600 Norheimsund

Similar jobs:

Score Tittel
0.93 Driftsavtale fysioterapeut
0.93 Fysioterapeut - 100 % vikariat
0.93 Fysioterapeut
0.92 Driftsavtale for fysioterapeut i Bydel Grorud
0.92 Fysioterapeut
0.91 Driftsavtale for fysioterapeut
0.91 Sykepleier 100 % stilling
0.91 Fagutviklingssykepleier
0.91 Driftsleder ved Stavanger friluftssenter
0.91 Konsulent vernepleier/sykepleier 100 % fast stilling på Dagavdelingen
0.91 Fast 90 % stilling som Helsefagarbeidar, Kvednatunet
0.91 Sykepleier fast stilling
0.91 Sykepleier 60 % stilling
0.91 Fysioterapeut
0.91 Driftsavtale - 100% fast - Fysioterapeut
0.91 Fysioterapeut 100% vikariat
0.91 Sykepleier
0.91 Fysioterapeut 100% stilling
0.91 Prosjekt- og byggjeleiar
0.91 Fysioterapeut
0.91 Fysioterapeut
0.91 Sykepleier
0.91 Terapeut med høgskuleutdanning
0.91 Fysioterapeut
0.91 Fysioterapeut
0.91 100% sykepleier/vernepleier
0.91 Fysioterapeut
0.91 Avtalefysioterapi - 100% driftstilskudd
0.91 Psykologspesialist/psykolog
0.91 Miljøterapeuter fast og vikariat i 100% og Miljøterapeuter/miljøarbeidere fast helgestilling
0.90 Helgevikarer
0.90 Helsesykepleier
0.90 Miljøterapeut 100 % Svangerskapsvikariat
0.90 Helsesykepleier
0.90 Fysioterapeut eller ergoterapeut
0.90 Sykepleier/vernepleier
0.90 Sjukepleiar/Vernepleiar
0.90 Klinisk sosionom/sosionom
0.90 Ergoterapeut
0.90 Sykepleier
0.90 Driftstekniker
0.90 Sykepleier 100% fast
0.90 Psykologspesialist/ psykolog
0.90 Helgestillinger, Nødbolig Rodeneset
0.90 Sykepleier/vernepleier/miljøterapeut
0.90 Fast 100% stilling for vernepleiar/ sjukepleiar med relevant vidareutdanning
0.90 Fysioterapeut/Spesialfysioterapeut
0.90 Psykolog/psykologspesialist
0.90 Fysioterapeut - 100% vikariat ved enhet for forebygging og koordinering
0.90 Psykologspesialist/psykolog
0.90 Helsesykepleier - 100 % vikariat
0.90 Intensivsjukepleiar
0.90 Sykepleier
0.90 Vernepleier
0.90 Vernepleier/Sykepleier
0.90 Sykepleier
0.90 Fagarbeider plan og drift