Produksjonsfarmasøyt
Sjukehusapoteka Vest
Bergen
Produksjonsfarmasøyt
Arbeidsgiver
Sjukehusapoteka Vest
Stillingstittel
Produksjonsfarmasøyt
Frist
29.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Vestland og Rogaland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester. Vår ambisjon er å vere fagleg i front, nasjonalt og internasjonalt i sikker og framtidsretta legemiddelforsyning. I pasientbehandlinga leverer vi høgspesialiserte tenester på fleire fagfelt.Sjukehusapoteket i Bergen (SiB) er eit av dei største apoteka i landet med omlag 135 tilsette fordelt på fem avdelingar innan forretningsområda publikumsapotek, produksjon, sjukehusekspedisjon og farmasøytiske tenester.Sjukehusapoteket har for tida to produksjonsavdelingar: Avdeling for tilsetningsproduksjon og Avdeling for steril og ikkje-steril produksjon.I avdeling for Tilsetningsproduksjon vert det produsert mellom anna cytostatikakurer, smerteblandinger og total parenteral ernæring (TPN) til Helse Bergen. Det er omlag 40 tilsette i avdelinga. Stillinga i Avdeling for tilsetningsproduksjon er fast heiltid, og det kan bli aktuelt å tilsette i fleire stillingar. Sjukehusapoteket i Bergen ynskjer å styrke kvalitetsfokuset og vil i tida framover jobbe med ein organisatorisk endring i forretningsområdet Produksjon. Vår nye medarbeidar må førebu seg på at stillinga kan bli delt mellom fleire avdelingar etter ein heilskapleg vurdering av behovet i apoteket.
Arbeidsoppgåver
For Avdeling tilsetningsproduksjon er oppgåva til dømes:produksjon av cytostatikakurer og andre tilsetningsprodukt til Helse Bergen HF og reseptkundarutarbeiding av produksjonsdokumentasjon, vedlikehalds- og valideringsarbeid i produksjonsavdelingasamarbeid med andre avdelingar på SiB og andre apotek i Sjukehusapoteka Vestopplæring og undervisning til kolleger og anna helsepersonelldelta i apotekets vaktordningandre oppgåver kan tilfalle ved behov
Kvalifikasjonar
norsk autorisasjon som farmasøytgjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdannaerfaring frå arbeid i laboratorium er ein fordelgode norskkunnskapar, skriftleg og munnleggode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
Du er positiv, serviceinnstilt, ansvarsbevisst og samarbeidar godt med andre.Du trivs i eit hektisk miljø.Du har interesse for produksjon av legemiddel.Du arbeidar nøyaktig og sjølvstendig, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.Du identifiserer deg med våre verdiar; respekt, tryggleik og kvalitet. Du har interesse for IKT og digitale verktøy.Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetansehøve til fagleg og personleg utviklingkjekke kolleger og godt arbeidsmiljønaudsynt opplæringløn i samsvar med gjeldande overeinskomstVer venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden. MangfoldserklæringFøretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa. Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Jonas Lies veg 89, 5053 Bergen
Bransje
Farmasi og legemiddel
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Farmasøyt
Nøkkelord
farmasi, produksjon, sykehusapotek, legemiddel, farmasøyt
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Farzanah Hamidi
Stillingstittel
Avdelingsleder
Telefon
91 55 85 47
Send melding
Kontaktperson
Carina Yeeka Wu
Stillingstittel
Konst. avdelingsleder
Telefon
41 57 13 12
Send melding
Søk her
Flere stillinger fra Sjukehusapoteka Vest HF
Følg firma
172 følger dette firmaet
Jonas Lies veg 89, 5053 Bergen
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto