BeskrivelseÅsane vidaregåande flytta inn i nye lokale august 2020. Lokala ligg sentralt plasserte mellom Åsane senter og Horisont. Skolebygningen inneheld mange forskjellige interesseområde i tillegg til vidaregåande skole. Blant anna bibliotek, tannhelseteneste, rettleiingsteneste og Åsane og Arna kulturkontor.Ved oppstart august 2023 har vi ca.1000 elevar og 300 deltakarar i vaksenopplæringa i tillegg til fengselsopplæringa. Vi tilbyr opplæring innan helse- og oppvekstfag, teknologi og industrifag, elektrofag, byggfag, sal og service, idrettsfag og påbygg til generellstudiekompetanse i tillegg til opplæring i små grupper for elevar med særskilde behov.Skolen arbeider ut frå visjonen «saman gjer vi kvarandre gode» og vårt mål er at våre elevar gjennom daglege trivsels- og meistringsopplevingar skal oppnå auka motivasjon og lærelyst, slik at dei er best mogleg førebudd for livet vidare. Vi har 1 ledig fast stilling som faglærar i avdeling for elektro og datateknologi vg1 og vg2 elenergi og ekom ved Åsane vgs.Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. opplæringslova. Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.Søkjarar med brei kompetanse vil bli føretrekt. ArbeidsoppgåverUndervisning på VG1 og VG2 innan dei programma skolen tilbyr på elektro og datateknologi.Se læreplan for:* vg1 elektro og datateknologi https://www.udir.no/lk20/ele01-03?lang=nob* vg2 elenergi og ekom https://www.udir.no/lk20/ele02-03 KvalifikasjonarRelevante søkjarar må ha undervisningskompetanse innan faga nevnt i lærerplanene som inngår i utlysingen. Spes.ped i fagkretsen er også ønskeleg. Søkjarar med brei kompetanse, god i norsk, muntlige og skriftlige, med god IKT kompetanse vil bli føretrekt. Personlege eigenskaparVi ser etter deg som er utviklingsorientert, analytisk, har gode kommunikasjonsevner, gode samarbeidsegenskaper og med evne til å bygge relasjonar, du må kunne arbeide strukturert og sjølvstendig.Du liker å ha omgang med unge menneske og du ønsker, og vil arbeide for, at elevene innan programområda opplever mestring i kvardagen, at dei opplever å lære og utvikler seg i tråd med sitt potensiale. I den grad opplæringa legg til rette for det, skal ein arbeide for at elevane fullfører, består opplæringa og får lærekontrakt. Søkeres elevsyn vil bli vurdert, du liker å hjelpe mennesker og finne løsninger i deres kompleks hverdag. Vi tilbyrGode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår Lønn etter tariffEit spanande og godt arbeidsmiljøHyggelege kollegaer Andre opplysningar Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. KontaktinformasjonJens-Petter Storheim, rektor Tore Gatland Kleppe, Avdelingsleder, tore.gatland.kleppe@vlfk.noArbeidsstadÅsane Senter 525116 UlsetNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4712939588Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 15.10.2023
Åsane Senter 52, 5116 UlsetStort kartHybridkartFlyfoto