Kommunikasjonsdirektør
None
Bergen
BeskrivelseKunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?KommunikasjonsdirektørUniversitetet i Bergen (UiB) er eit internasjonalt forskingsuniversitet med lange vitskaplege tradisjonar og med nasjonalt ansvar for å forvalte og utvikle ei stor breidd av fagdisiplinar. UiB har nyleg vedteke strategi 2023-2030 med ambisjon om å vere mellom Europas fremste universitet, internasjonalt kjend for høg kvalitet i forsking og utdanning. Kommunikasjonsavdelinga har overordna ansvar for å leggje til rette for intern og ekstern informasjon ved universitetet. Avdelinga har kompetanse innan strategisk kommunikasjon, rådgjeving, journalistikk, mediehandtering, TV-produksjon, web, sosiale medier, foto, design og samfunnskontakt. Kommunikasjonsavdelinga har nyleg blitt samlokalisert med universitetets fellesadministrasjon i nye og moderne lokale i Nygårdsgaten 5.KommunikasjonsdirektørUniversitetet i Bergen søkjer etter ein kommunikasjonsdirektør som aktivt skal medverke til å synleggjere UiB som et internasjonalt forskingsuniversitet.Kommunikasjonsdirektøren får ansvar for å leie og utvikle UiBs interne og eksterne kommunikasjon og inngår i universitetsdirektøren si leiargruppe.Vi søkjer etter ein visjonær og strategisk direktør til å leie Kommunikasjonsavdelinga.Arbeidsoppgåver:Overordna ansvar for UiB sitt eksterne og interne kommunikasjonsarbeidLeie Kommunikasjonsavdelinga og leggje til rette for kompetanseutvikling for medarbeidaraneRedaktøransvar for universitetet sine eigne kanalarStøtte universitetsleiinga, fakulteta og avdelingane i kommunikasjonsfaglege spørsmålKvalifikasjonar og eigenskapar:Mastergrad eller tilsvarandeBrei samfunnsinnsikt og kunnskap om offentleg sektorSterk motivasjon til å vidareutvikle UiB si Kommunikasjonsavdeling med utgangspunkt i institusjonen sin eigenartMotiverande leiarstil med vekt på samarbeid og dialogSolid erfaring med kommunikasjon som strategisk endringsverktøyDokumenterte resultat og erfaring innan strategisk kommunikasjonErfaring med målstyring, og budsjett- og resultatansvarVi tilbyr:Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljøLøn etter nærare avtale i stilling som avdelingsdirektør (kode 1060)Medlemsskap i Statens pensjonskasseGode velferdsordningarGenerell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Tore Tungodden tlf. 975 57 140, HR-direktør Sonja Dyrkorn tlf 481 62 687.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillingaNærare om tilsettingsprosessen her.
Christiesgt. 18, 5020 BergenStort kartHybridkartFlyfoto