Leiar av eining for Inntak Bufetat, region vest
None
Bergen
BeskrivelseInntak er eit av knutepunkta i Bufetats arbeid med å finne rett tiltak til born og ungdomar vi skal hjelpe i tiltaka våre. Vil du leie 40 dedikerte fagfolk i dette superviktige samfunnsoppdraget? Eininga har ansvaret for behandling av tilvisingar frå kommunalt barnevern på akutt og institusjonsområdet og har ansvar for oppfølging av alle barn plassert i private fosterheimar og institusjonar i regionen. Eininga har to avdelingar, avdeling Vestland og avdeling Stavanger med tilsaman 40 årsverk, og kontorstadar i Bergen og Stavanger. Einingsleiar skal ha arbeidsstad i Bergen.Bufetat, region vest har ledig ei fast 100 % stilling som leiar av Eining for inntak Bufetat, region vest. Stillinga rapporterer til regionleiinga. Stillinga er ledig fra 01.01.24. ArbeidsoppgåverLeie eining for inntak i Region vest. Ansvar for å bidra til at regionen har eit tiltaksapparat i tråd med behov. Bidra til utvikling og lik praksis i eiga eining og mellom regionar. Tett samarbeid med regionens driftseiningar og regionleiinga. Ansvar for oppfølging og internkontroll av alle private plasseringar hos eksterne leverandørar. Samhandling og møter med dei private leverandørane regionen har avtalar med. Samhandling og dialog med kommunane og andre eksterne samarbeidspartnarar. Fagleg, økonomisk og administrativt ansvar, som inkluderer budsjettoppfølging, internkontroll og rapportering.KvalifikasjonarKrav til teoretisk kunnskap: Minimum treårig utdanning frå høgskole/universitet som gjennomført bachelor eller 180 stp innan sosialfag.I tillegg krevjast det minimum 15 stp innan leiing og administrasjon. Det kan avtalast at påkravt tilleggsutdanning kan takast i løpet av første tjenesteår i leiarstillinga. God forvaltningsforståing og kjennskap til relevant regelverk.Ønskjeleg med master i ledelse eller barnevernsfag.Krav til erfaring: Du må ha leiarerfaring og kunne vise til gode resultat. Fordel med solid erfaring frå barnevern, eller helse- sosialfeltet.Krav til kommunikasjon og samarbeid: Det krevjast generell metodisk og praktisk kunnskap om personalleiing. Det krevjast gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. I tillegg vektleggast erfaring frå kontinuerleg forbetringsarbeid og endringsprosessar i større organisasjonar. Personlege eigenskaparTydeleg og trygg i leiarrolla. Arbeider strukturert, har analytiske evner, tenkjar heilskapleg, er resultatorientert. Evne til å leie, motivere og utvikle medarbeidarar på ein god måte. Initiativrik, løysingsorientert og har både arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne. God skriftleg og munnleg framstillingsevne er ein føresetnad. Personleg egnaheit vert vektlagt. Det krevjast stor fleksibilitet og omstillingsevne. Vi tilbyrStillinga er plassert i statleg lønsregulativ som kode 1493 leiar, med løn p.t kr 679 700 – 919 200 pr. år (ltr. 69-82). Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.Medlemskap i Statens Pensjonskasse som gir ein svært god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån med gunstig rente samt yrkesskade og gruppelivsforsikring. Faglege og spanande utfordringar i eit felt som er i endring. Samarbeid med mange dyktige medarbeidarar og leiarar. Høve til å forme rutinar og arbeid i ein dynamisk eining. Deltaking på Bufetat si leiarskule.Moglegheit til å trene inntil ein time i veka i arbeidstiden.Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.Stillinga er for tida lagt til eining for Inntak.Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.KontaktinformasjonHilde Baardsen, Avdelingsdirektør, 46619081, hilde.baardsen@bufetat.noSigrid Ellen Loxley Helleland, Seksjonsleiar HR, 46618947, sigrid.helleland@bufetat.noArbeidsstedSolheimsgaten 115058 BergenNøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 4718693944Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 26.10.2023
Solheimsgaten 11, 5058 BergenStort kartHybridkartFlyfoto