Seniorrådgivar innan vare- og tenestelogistikk
Arbeidsgiver
UDI
Stillingstittel
Seniorrådgivar innan vare- og tenestelogistikk
Frist
24.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Utlendingsdirektoratet (UDI)
Er du analytisk og opptatt av heilskap? Har du i tillegg erfaring frå vare- og tenestelogistikk? Då er vi på jakt etter deg til stillinga som seniorrådgivar i Ankomst- og transitteininga i Mottak og returavdelinga. Vi er for tida 32 dyktige og engasjerte medarbeidarar som brenn for samfunnsoppdraget. Vi har eit tverrfagleg arbeidsmiljø og ser fram til å få deg med på laget. Mottak og retur er ein beredskapsorganisasjon, og migrasjonssvingingane har direkte innverknad på arbeidskvardagen vår. Det er jobben vår å sikre at flyktningar og asylsøkjarar får ein stad å bu frå dei kjem til landet, og til dei får svar på søknaden sin. Det inneber blant anna at vi anskaffar og følgjer opp drift av asylmottak, og utbetaler økonomiske ytingar. Vi i Ankomst- og transitteininga har ansvar for å følgje opp ankomst- og transittmottak i Noreg. Det omfattar også ansvar for drifta av Nasjonalt mottakssenter, som ligg i Råde kommune.Som seniorrådgivar innanfor vare- og tenestelogistikk skal du sikre at bebuarane i mottaka får tilgang til utstyr dei har krav på. Det kan blant anna vere klespakkar og hygieneartiklar, sengetøy og kjøkkenpakkar. Du forvaltar inngåtte avtalar og ser til at internkontrollen blir sikra på ein god måte. Du er også ein del av kategoriteamet, som har ansvaret for å utforme konkurransegrunnlag for innkjøp av utstyr som bebuarane har krav på. Dette inkluderer å gjennomføre konkurransar i Mercell. Ved behov kan du få andre arbeidsoppgåver, som å følgje opp mottak for å kvalitetssikre at drifta er i tråd med kontrakten og dei krava som er stilte der. I UDI er vi opptatt av å effektivisere og digitalisere arbeidsoppgåvene og tenestene våre, og du blir også ein del av dette utviklingsarbeidet.
Arbeidsoppgåver
bidra inn i utviklinga av system for god vare- og tenesteflyt,blant anna gjennom arbeid med analyse av vare- og tenesteområdetforvalte vare- og tenesteområdet knytt til bebuarytingarsjå til at lagerforvaltninga er i samsvar med UDIs retningslinjer og løpande behovdelta i anskaffingsarbeid rettleie tilsette i asylmottak innanfor ansvarsområdet til stillinga bidra i anna arbeid i Mottak og retur ved behov
Kvalifikasjonar
Du må ha utdanning på bachelornivå frå høgskole eller universitet – anna utdanning med relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning på bachelornivå erfaring med logistikkoppgåver relatert til varer og tenesterkunnskap om internkontroll og erfaring med gjennomføring av risikoanalysarerfaring med lagersystem og korleis ein forvaltar dessegode digitale ferdigheiter, særleg viktig med Excel-kompetanse erfaring frå anskaffingar/innkjøp god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norskDet er ønskjeleg at du har erfaring med økonomisystem som Agresso og Basware eller tilsvarande rekneskaps- og fakturasystemerfaring med bruk av KGV (kontraktsgjennomføringsverktøy, eksempelvis Mercell) kjennskap til bruk av Qlik eller andre verktøy for dataanalyse erfaring innanfor innovasjon og forbetringsarbeiderfaring frå drift av mottak kunnskap om MOT (fagsystem for mottaksforvaltning)
Personlege eigenskapar
Du er analytisk, set deg raskt inn i nye problemstillingar og evnar å sjå ting i samanheng.Du er nøyaktig, strukturert og leverer på tid. Du har god rolleforståing, er sjølvstendig og innovativ.Du har gode samarbeidsevner og er god til å få til resultat saman med andre.Du er robust og held roa i krevjande situasjonar.Du kommuniserer faglege vurderingar enkelt og forståeleg.Du er løysingsorientert og har evne til å drive forbetringsarbeid. Vi ser etter deg som kan identifisere deg med kjerneverdiane våre, og vi legg vekt på at du må vere personleg eigna.
Vi tilbyr
Derfor bør du velje oss: Vi er ei verksemd med eit av dei viktigaste samfunnsoppdraga i Noreg. Vi har høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar. Verdshendingar påverkar jobben vår direkte, og vi er vande til å justere oss raskt etter svingingane i migrasjonen til landet. Profesjonalitet, menneskeverd og heilskap er verdiane våre. Dei er viktige for oss, og skal påverke korleis vi løyser oppgåvene våre kvar dag.Vi held til i nye og flotte lokale på Helsfyr, med ei kjempegod kantine. Vi tilbyr gode som sommartid, trening i arbeidstida, fleksitid, gunstige lån i Statens pensjonskasse, fleksibel arbeidsplass og ikkje minst dei aller beste kollegaene i landet (meiner vi).Velkommen til oss! I Utlendingsdirektoratet er vi opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte til å søkje hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonshemming, hol i CV , nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen din om du har behov for det.Litt praktisk informasjon: Stillinga er lønt som seniorrådgivar (stillingskode 1364) i lønnsspennet mellom kr 650 000 og 750 000,- brutto per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Eit lønnstrekk på to prosent gir deg svært gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar. Du søkjer på stillinga via søknadssystemet WebCruiter. Du må fylle ut WebCruiters CV- og søknadsfelt sjølv om du vel å leggje ved søknad/CV i eige format i tillegg. Du må også leggje ved vitnemål, som du kan laste ned frå Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Dersom du har utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).I tråd med offentleglova kan vi offentleggjere søkjarlista sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført der. I så fall blir du varsla.
Om arbeidsgiveren
Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringa sin innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglege innspel til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovleg innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkjarar, og bidreg til retur av personar utan lovleg opphald. Menneskeverd, profesjonalitet og heilskap er grunnleggjande verdiar i direktoratet. UDI ligg under Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå også www.udi.no
Sektor
Offentlig
Sted
Innspurten 11D, 0663 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon,
Annet,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Koordinering,
Kvalitetssikring,
Logistikk og lager
Nøkkelord
Beredskap, UDI, Anskaffelser, Mercell
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Vivian Ellingsen Gotaas
Stillingstittel
Leder Ankomst- og transittenheten
Telefon
91 38 78 56
Søk her
Følg firma
2360 følger dette firmaet
Innspurten 11D, 0663 Oslo
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto