Spennande jobb på ein arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag
Arbeidsgiver UDI Stillingstittel Saksbehandlar og mottaksoppfølgjar Frist 15.10.2023 Ansettelsesform Fast
Bli kjent med Utlendingsdirektoratet (UDI)
Som saksbehandlar og mottaksoppfølgjar ved UDIs regionkontor i Bergen får du høve til å løyse oppgåver som har direkte effekt på brukarane våre. Du blir del av ein beredskapsorganisasjon som løyser eit viktig og dagsaktuelt samfunnsoppdrag.Stillinga høyrer inn under Mottak og retur. I Mottak og retur jobbar vi med å sikre at flyktningar og asylsøkjarar får ein stad å bu frå dei kjem til landet, og til dei får svar på søknaden sin. Det inneber blant anna at vi skaffar og følgjer opp drift av mottak og betaler ut økonomiske ytingar til dei som bur i mottaka. Vi er 150 fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar som møter brukarane våre med respekt og profesjonalitet.Som følgje av at det no bur svært mange i asylmottak, får vi fleire søknader om økonomiske ytingar for bebuarar i asylmottak. Ein stor del av arbeidsoppgåvene dine er derfor å behandle søknadene om økonomiske ytingar. I tillegg skal du løyse andre arbeidsoppgåver som for eksempel å følgje opp mottak for å kvalitetssikre at drifta er i tråd med kontrakten og krava i kontrakten. Som mottaksoppfølgjar hjelper du også dei mottakstilsette med råd og rettleiing gjennom dialog og samarbeid. Du blir ein del av regionkontoret vårt i Bergen. Vi er 19 medarbeidarar som jobbar med eit breitt spekter av oppgåver knytte til asylmottak og bebuarar ved asylmottak. Vi har akkurat no 13 asylmottak i regionen, og regionkontoret vårt leier teama med ansvar for flyktningar med spesielle tilretteleggingsbehov i mottak og det busetjingsførebuande arbeidet i mottak. Du blir også ein sentral medarbeidar frå regionkontoret i Bergen inn i teamet som jobbar med økonomi/MOT og digitalisering. Det er eit tverrfagleg team med representantar frå heile landet. Teamet er leidd av regiondirektøren i Kristiansand. Vi jobbar med å utvikle saksbehandlingssystemet vårt – MOT. Dette er systemet der vi gjennomfører alle økonomiske utbetalingar i mottakssystemet. Du blir brukar av dette systemet og ein som skal bidra inn i forbetringa og utviklinga av det.
Oppgåvene dine kjem blant anna til å bestå av saksbehandling, utbetaling og kontroll av økonomiske ytingar til bebuarar i asylmottakbehandling av andre fakturaer og refusjonar knytte til asylmottaksøkonomi utvikling av rutinar og system for behandling og utbetaling av ytingar og anna knytt til mottaksøkonomi opplæring av tilsette ved mottak og i UDI i saksbehandlingssystemet MOT rettleiing av tilsette i asylmottak om innhald i krav til drift og utbetaling av økonomiske ytingar kontraktsforvaltning og kontroll av drifta av asylmottak og tilstøytande avtalar samarbeid med vertskommunar, helsevesen, politi og andre etatar for å fremje sektoransvar og medverke til at mottaksbebuarar og søkjarar får oppfylt rettane sine rettleiing av mottaksbebuarar og publikum elles som tar kontakt med Regionkontor Vest bistand på andre område i Mottak og retur når det er behov for det Du må rekne med noko reiseverksemd i samband med oppfølginga av asylmottak. Asylmottaka du skal følgje opp, ligg i fylka Vestland og Rogaland, men det kan òg vere aktuelt å utføre oppgåver knytte til mottak andre stader i landet.
Dette er deg Du er nøyaktig, strukturert og likar å få jobben gjort.Du er analytisk, proaktiv og likar å jobbe fram nye løysingar og rutinar.Du er digitalt nysgjerrig og likar å setje deg inn i nye system. Du er ein lagspelar som har gode formidlingsevner og er dyktig på å byggje relasjonar.Du er fleksibel, lærevillig og tar ansvar for eigne og felles resultat.Du har stor arbeidskapasitet, er sjølvgåande og trivst med å handtere mange arbeidsoppgåver parallelt.
Kvalifikasjonar Til denne stillinga må du ha høgare utdanning på mastergradsnivå, gjerne innanfor økonomiske, juridiske eller samfunnsvitskaplege fag – utdanning på bachelornivå med relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet god digital forståing, gjerne erfaring frå rekneskaps- og saksbehandlingssystem god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk I tillegg er det ønskjeleg at du harerfaring med saksbehandling innanfor offentleg forvaltninggod talforståingerfaring med oppfølging og/eller forvaltning av kontraktar eller tilsynsarbeid erfaring frå arbeid med kontinuerleg forbetring relevant erfaring med migrasjon, bistand, internasjonalt arbeid, utlendingsforvaltning eller annan erfaring med målgruppaTil denne stillinga legg vi stor vekt på at du må vere personleg eigna.
Derfor bør du velje oss Du får ein spennande jobb innanfor effektiv forvaltning av asylmottaksøkonomi og ytingar til asylmottaksbebuarar. Samtidig blir du ein viktig ressurs for mottakstilsette, kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar og får eit breitt spekter av arbeidsoppgåver.Du blir del av ei verksemd med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag. Vi har høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar. Hendingar ute i verda påverkar jobben vår direkte, og vi er vande med å justere oss raskt etter svingingane i migrasjonen til landet. Profesjonalitet, menneskeverd og heilskap er verdiane våre. Dei er viktige for oss og skal påverke korleis vi løyser oppgåvene våre kvar dag.Vi tilbyr gode som sommartid, trening i arbeidstida, gunstige lån i Statens pensjonskasse, fleksitid, fleksibel arbeidsplass og ikkje minst dei aller beste kollegaene i landet (meiner vi). Velkommen til oss! I Utlendingsdirektoratet er vi opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte til å søkje hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonshemming, hol i CV , nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen din om du har behov for det. Litt praktisk info / Praktisk informasjon Stillinga er lønt som rådgivar/seniorrådgivar (kode 1434/1364) i lønnsspennet kr. 580 000 – 680 000,- brutto per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Du søkjer på stillinga via søknadssystemet WebCruiter. Du må fylle ut CV og søknadsfelt i WebCruiter sjølv om du vel å leggje ved søknad/CV i eige format i tillegg. Du må også leggje ved vitnemål, som kan lastast ned frå Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Dersom du har utdanning frå utlandet, må utdanninga vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no). I tråd med offentleglova kan vi offentleggjere søkjarlista sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført der. I så fall blir du varsla.
Om arbeidsgiveren Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringa sin innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglege innspel til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovleg innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkjarar, og bidreg til retur av personar utan lovleg opphald. Menneskeverd, profesjonalitet og heilskap er grunnleggjande verdiar i direktoratet. UDI ligg under Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå også www.udi.no
Sektor Offentlig Sted Kaigaten 5, 5015 Bergen Stillingsfunksjon Saksbehandler, Kontor og administrasjon, Økonomi og regnskap
Nøkkelord Anskaffelser, Saksbehandling, Veiledning, Økonomi, Rådgiver
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Njård Håkon Gudbrandsen Stillingstittel Regiondirektør Telefon 41 51 18 42
Søk her
Følg firma 2338 følger dette firmaet
Kaigaten 5, 5015 Bergen

Similar jobs:

Score Tittel
0.94 Vi anskaffer og forvalter kontrakter for store verdier – Bli vår nøkkelmedarbeider!
0.93 Strategisk rådgiver innen anskaffelser og kontraktsforvaltning
0.92 Seniorrådgivar innan vare- og tenestelogistikk
0.91 UDIs representant i Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vold - vikariat
0.89 Saksbehandlere til UNEs saksavdeling
0.89 Rådgiver
0.89 (2023/38) Rådgiver/seniorrådgiver
0.89 Leder for Klagesaksenheten
0.89 Saksbehandler
0.89 Juridisk rådgiver
0.89 Prosjektleiar
0.89 Rådgiver
0.89 Rådgiver i byggeprosesseksjonen
0.89 Anskaffelses rådgiver
0.89 Saksbehandler/Konsulent
0.89 Saksbehandler
0.89 Saksbehandler for ekstratilskudd ved Flyktningtjenesten
0.89 Avdelingsleder
0.89 Avdelingsdirektør
0.88 Saksbehandler
0.88 Jurist
0.88 Rådgiver
0.88 Anskaffelses- og kontraktrådgiver
0.88 Sosialkonsulent, vikariat med mulig overgang til fast ansettelse
0.88 Saksbehandler - avdeling 3 bolig- og tjenestetildeling
0.88 Ungdomsmedarbeider
0.88 Kundeveileder / saksbehandler
0.88 Tilkallingsvikarer og deltidsstillinger
0.88 Saksbehandler
0.88 Rådgiver anskaffelser
0.88 Avdelingsleder UniPed
0.88 Lønnsmedarbeider
0.88 Drifts- og Systemtekniker
0.88 Saksbehandler for ekstratilskudd ved Flyktningtjenesten
0.88 Vikar Administrasjon
0.88 Førstekonsulent/rådgiver
0.88 (2023/39) IMDi søker 5 rådgivere/seniorrådgivere til bosettingsavdelingen
0.88 Flyktningkonsulent/ Veileder introduksjonsprogrammet
0.88 Seksjonssjef
0.88 Økonomirådgiver
0.88 Saksbehandler
0.88 Rådgiver / Førstekonsulent
0.88 Rådgiver/seniorrådgiver
0.88 Rådgiver
0.88 Utvikler til IAM-løsningen i kunnskapssektoren
0.88 Innkjøpsrådgiver
0.88 Avdelingsleder skole
0.88 VDI-drift
0.88 Direktør avdeling handel og industri
0.88 Vil du bli del av ein spanande og triveleg arbeidsplass?
0.88 Juridisk avdeling søker medarbeider
0.88 Anskaffelsesrådgiver
0.88 Seksjonssjef
0.88 Administrasjonssjef
0.88 Jobbspesialist
0.88 Saksbehandler Boligtjenesten
0.88 Saksbehandler
0.88 Rådgiver/Seniorrådgiver IKT forvaltning
0.88 Student helsefag/pleiemedarbeider